Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

torsdag 4. april 2013

Dueflagget



For tre år sidan malte eg dette bildet av dueflagget. Då trudde eg aldri eg skulle få sjå eit "ekte flagg". Men så var eg innom museet i Mælandsgården for nokre dagar sidan, og då fann eg flagget, høgt hengande under taket. Ære vere dei som fornyar museet! Her er det:




Og her er det eg skreiv for tre år sidan:

På slutten av 1800-talet kunne ein ofte sjå eit blått flagg med ei due i framtoppen på ei seglskute i hamna - Dueflagget. Det var den tidas melding om "hending" som i dag blir varsla på Facebook.

Dueflagget har si eiga historie og sin eigen song:
I Cardiff kunne det liggja opp mot hundre skip som lassa og lossa. I sjømannskyrkja der arbeidde den engasjerte presten Birger Hall. I februar 1885 blei mange skip liggjande verfaste, også nokre norske. Dei truande skipsførarane kom saman til bøn, og diskuterte då om dei skulle starta ei norsk forening, ei som kunne koma i staden for den skandinaviske Bethelforeninga som hadde fått ein brå slutt då leiaren deira omkom på havet året før.

Dermed blei Broderkretsen på havet stifta, i heimen til Birger Hall, 15.februar 1885.

Birger Hall laga utkast til eit flagg som skulle represtentera broderkretsen. Allereie sundagen etter blei det første dueflagget heist, like under det norske flagget på sjømannskyrkja i Cardiff.

Dei offisielle måla og reglane blei:

Flagget skal vera 6 fot og 9 tommar langt, 4 fot og 9 tommar breidt og firkanta. Det skal vera blå duk med kvit due med oljeblad i nebbet, samt ein  9 tommar bried raud kant rundt flagget.

Flagget skal heisast når ein kjem inn i ei ny hamn i løpet av to dagar, og det skal nyttast til å helsa når ein ser eit slikt flagg vaia frå andre skip som nyleg er komne inn på hamna. Elles skulle det heisast berre når det blei halde andakt eller oppbygging ombord.

I dag er Broderkretsen lite kjend  mellom sjømenn, og det er få medlem. Men framleis ber nokon stolt dueflagget på jakkeslaget.

Duesongen

La vaie høyt vårt duelflagg,
bli sett vidt over hav,
og samle flere for hver dag,
om Ordet Gud oss gav.

Du åndenes rene lyse tegn,
fly over havet ut,
og samle til vår frelsers hegn
og vinke opp til Gud.

Kjelde
Arild Einar Siversten, Skipshistorier fra de syv hav, Aschehoug, 2011

Opplysningar om maleriet som er til sals: Galleri Nauthydlaren, bilete 2013