Forseggjorte offentlege dokument:

torsdag 20. september 2012

Hulder og nøkk, nissar og troll?

Det brenn i vest!

Ja, kva anna skal ein tru?

Når naturen byr på stemningsgfullt lys, skremmande lydar og uventa hendingar,
har me alltid funne ei forklaring.

No for tida trur me at me veit alt.

Før fann dei også forklaringar.
og dei fleste låg "over vår forstand".
Nøkken, huldra, og troll fekk skulda når nokon blei skremde.

I min barndom var det "den sorte dame"
som luska i skumringa.

Etter kvart har fornuften tatt heilt over, og når me fortel om det ein trudde på,
skaper me avstand til det og seier:
- Det var ein gong...

Prost Jørgensen blei utfordra på miden av 1800-talet.
Kyrkjefolket ville vita om prosten trudde på huldrer.

Han svara klokeleg: "Har de været, saa er de her ennu!"

torsdag 13. september 2012

Heim og identitet er ikkje ei motesak

Punchbolle frå 1920-talet frå mannen sin famile
Skjenk frå 1920-talet fra kona si sin familie

Klart det har ein plass i stova

Ingen minimalistisk kvit-mote kan endra det

Veggen er gul frå år 2000
Han er som ny

Ingen minimalistisk kvit-mote kan endra det

...

PS: Han som eigde punchbollen, kan du sjå bilete av og lesa meir om her:

Hald ikkje reven din for narr