Forseggjorte offentlege dokument:

fredag 15. september 2017

Hugsar du Smørbukkgenseren?

Smørbukk? Han som kom med julestemninga, ja? Alltid i den same genseren.

Eine barnebarnet mitt skulle ha seg ein slik, og då vaks tanken fram. Kva om me kunne skapa ei Smørbukkgenserbølgje. Ikkje ei motbølgje til Mariusbølgja, men ei i tilleggsbølgje.

Eg er  i alle fall i full gang:
Og mønster finn du her. Om du lagar ein genser, så legg gjerne ut eit bilete på instagram med emneknagg #smørbukkgenser og send det også til Norsk Barneblad!

fredag 8. september 2017

Sommarfugl på gravstøtta


Neste boka mi skulle snart i trykken. Berre nokre justeringar stod att. Eg hadde manuset med meg på tur til Fjelberg prestgard for å ta ein siste gjennomgang mens me var der. Boka heiter «Håp» og handlar om sommarfuglen som symbol på oppstoda og det kristne håpet. Eg hadde skrive at sommarfuglen var å finna på støypejernskrossar frå 1800-talet, men hadde ikkje sett slike sjølv nokon gong. Eit Google-søk hadde stadfesta at det var slik; det  fantest både krossar med sommarfugl på veg ut av kokongen og krossar med berre sommarfugl. Det fekk vera dokumentasjon god nok på, hadde eg tenkt, og tok krossane med i boka.
Så står eg og ser ut vindauget på kjøkenet i prestegarden. Og får sjå ein jernkross på gravplassen. Eg går ut for å sjå nærare på han. Når eg kjem heilt bort ser eg at det ikkje er nokon sommarfugl på han. Eg blir litt skuffa. Eg må erkjenna det. Men kva var vel sjansen for at det skulle vera sommarfugl på den eine krossen som stod på første gravplassen eg var på etter at manuset var ferdigskrive?
Eg går nærare. Og ser: Det er ikkje ein kross, det er to. Dei er sette opp mot kvarande så dei ser ut som ein på avstand. Eg går rundt for å sjå på den bakerste krossen. Kva ser eg? Ein sommarfugl! På eit gravminne frå 1884.

Dermed var saka klar, og maleriet mitt av gravstøtta fekk bli med i boka som no i trykken og kan bestillast hos meg: marit.totland@knett.no
Det blir ei lita gåvebok som du kan lesa meir om her
Den finst både som bokmål- og nynorskutgåve