Forseggjorte offentlege dokument:

søndag 4. november 2018

Krigen i Skudenes - Fortell, fortell!

Då me vaks opp, var det så lenge sidan krigen. No er det ikkje lenge sidan. Slik opplever eg det. Og kanskje det er andre som opplever det likedan? I alle fall var det ei overraskande stor interesse for samlinga under SILK som dreidde seg om krigen. 160 kom inn før dørene blei stengde på det flotte møtelokalet i Gamle verkstedet, 20 minutt før møtet skulle starta.

Me var heldige å ha med oss to tidsvitner på arrangementet, to karar som var smågutar under krigen. Og dei fortalde om sine opplevingar. Saman var me fire som prøvde å kasta lys over krigsåra lokalt. Sjølvsagt var det mykje som ikkje kom med og blei presentert i sin heilskap denne kvelden sidan det ikkje var noko systematisk framstilling av dei dramatiske hendingane, men meir kvardagslivet som blei ståande i fokus. Men det finnest bøker der ein kan lesa om Vindafjord, La France, flya på Hillesland, Sigurd Jakobsen, krigsseilarane og mykje meir.



Mange har høyrt mykje frå sine eigne foreldre. Mi oppfordring er: Fortell, fortell! Og skriv gjerne ned det du veit. Sjølv fekk eg to nye hendingar "overrekt" munnleg etter møtet. Dei vil eg skriva ned. Kanskje kan dei bli med i ei framtidig utgjeving der eg samlar alt far fortalte om krigen, det som er spreidd over fleire små hefte no. I tillegg har eg vore så heldig å få kassettane han las inn og ein del dokument som framleis har fortellingar å by oss som ikkje er så kjende.



Ein stor takk til Karmøy bibliotek som stod bak arrangementet! Og til den fantastiske gjengen bak SILK, med Jon Rullestad i spissen, som set plassen på hovudet og skaper litterær oppleving og interesse!

Det er stas å få komma heim til SILK. Eg skulle så gjerne ha snakka med mange av dykk som møtte opp på fredag. Men neste arrangement banka på døra, og eg rakk berre å ta nokre få av dykk i neven. Men no kan eg få sagt det: Kjekt at du kom! Takk for meg!

mandag 19. mars 2018

Kvifor hadde svigerbestefar ishus?

I 1919 starta svigerbestefar, Ole M. Totland, byging av den store sjøbuda med ishus. Han hadde fått skøyte på garden i 1906 og overtok huset i 1920. I 1926 blei huset ombygd, men då hadde han allereie rydda meir land rund seg slik at åker og eng blei slik me kjenner dei i dag. Den store steinura nede ved sjøen vitnar om det tunge arbeidet som då blei utført.

Eg er har nett malt sjøvbuda med ishuset etter ein akvarell av svigerson til Ole, Asbjørn Skram, (mala i 1934). Og her ser me ishuset Ole bygde.  Han trengte is til å pakka fisken i langt utover våren og sommaren. Og han visste råd. Han henta is i elva.  Og bygde hus med tjukke veggar inntil sjøbuda der han tok vare på isen. Slik hadde han is til å pakka fisk med langt utover våren.

No viser berre plata ishuset stod på:


Her er fleire av maleria mine frå Totland: Galleri Nauthydlaren