Djupdykk i gamle kjelder kastar nytt lys over flodbølgja i Skudeneshavn.
Tekst og ill.: Marit Elisebet Høines Totland
Denne artikkelen vil også stå i Årboka til Rogaland historielag denne hausten.
Ei høg bølgje kom inn
mot land. Vatnet forsvann frå hamna. Så kom det tilbake med full styrke. - Ei flodbølgje?
I Skudeneshavn?
Ja, på 1860-talet
skal dette ha skjedd. Og eit slikt naturfenomen blir det sjølvsagt snakka om i
lange tider. Ulike variantar av hendinga tar form etter som tiåra går. Naturleg
nok. Til no har me berre hatt desse munnlege overleveringane å stø oss til når
me skal finn ut kva som hende. Og kva tid det hende.
I nyare tid har både
lokalhistorikarar og fagfolk spekulert, studert og diskutert seg i mellom utan
å finna utvilsame svar. Sjølv er eg oppvaksen med far, Rolf Høines, si historia,
som han hadde frå Ludvig Syre. Den handlar om sjøhus som blei tatt av bølgja.
Og siste tida har eg malt sjøhusa, slik dei blei rekonstruerte i kolteikningar
av Skudenes-mannen, Arnt Nornes (1917-1986).[i][ii]
Vigeholmen, med sjøhus og fast busetnad |
Og mens penselen går, har tankane gått:
- Når var eigentleg denne flodbølgja? Det verserer så mange årstal, både blant historieinteresserte og ekspertar; 1862,1863, 1865?
- Var det eit jordskjelv som forårsaka bølgja?
- Viss bølgja var så stor, kvifor er det ikkje meld om dette frå andre stader langs kysten?
- Kva skreiv avisene om hendinga dagane etter?
Avisene frå
1860-talet blir no tilgjengelege. Dei opnar ei dør til historia som lenge berre
har stått på gløtt. Eg gjekk inn gjennom døra som heiter nb.no, Nasjonalbiblioteket
sin portal, som lar oss lesa gamle aviser og bøker. Det er som å ta fram avisa
for å sjekka kva som hende i går, berre at eg flyttar meg tilbake til
1860-talet.
Ganske snart fann eg
spor å gå etter i arkiva, sjølv om årstala forvirra meg. Men leitinga gav
resultat. Ja, eg fann mykje meir enn det eg leitte etter. Eg fann ein rapport,
laga like etter hendinga med den store bølgja eg hadde høyrt om. Presentert av
den høgaste autoriteten på meteorologi i landet. Seint ein kveld, bøygd over
datamaskina, hadde eg mest lyst til å reisa meg og ropa: Eg fann. Eg fann! Men
eg nøgde meg med eit lite hopp på kontorstolen, og ei rask avgjer: Med dette
funnet hadde eg lovleg grunn til å grava i gamle dokument utover natta.
«Ingen kan erindre noe lignende»
Men la oss starta i Skudeneshavn. Det me har høyrt, og som no er stadfesta av
kjeldene, er at Kristian Larsen Stava var utkikksvakt på Havnafjellet ein
vårdag. Han var rorkar for tollvesenet. Men denne dagen var det ikkje eit skip
kikkertauga fange inn. Nei, ei stor bølgje kom innover mot land. Guten sprang
ned til Havn for å melda ifrå så folk kunne berga seg og sitt så godt dei
kunne.
Etter å ha sett
tsunamien på Thailand i 2004 på fjernsynsskjermen, kan ein få vonde bilde på
netthinna når ein høyrer om ei bølgje som nærmar seg land. Det er lett å skjøna
at rorkaren skunda seg ned til Søragadå som var sentrum i Skudeneshavn på den
tida. Truleg fann han vegen til Holmen, der både sjefen, tollkasserar Andersen,
og telegrafen heldt til.
Det gjekk over i
likaste laget. Ingen mista livet. Men tollkasseraren, som også var ordførar,
tenkte at dette var så spesielt at det måtte meldast til «øvrigheta». Han skreiv
til amtmannen i Stavanger same dagen. Og fordi Stavanger Amtstidende
fekk tilgang til dette brevet i sin heilskap, og trykte det 13.mai, kan me lesa
det no:[iii]
Da
magistraten (lensmannen), i dag er fraværende på forretningsreise, tror jeg at
burde meddele Hr. Amtmannen en begivenhet som i dag er inntruffet her på havnen
og som er av så usedvanlig beskaffenhet, at ingen kan erindre noe lignende.
Under en
svak bris av sydlig vind, så at neppe vannet kruset seg, oppstod det plutselig
i den indre havn en så voldsom strømning at alle fartøyer gikk i drift, først
mot utløpet av havnen og derpå tilbake og så atter igjen ut og tilbake; Klokken
var omtrent 10 formiddagen, da strømningen begynte, og ½ time deretter var
vannet rolig.
Under den
forvirring som oppstod, er intet menneskeliv gått tapt, derimot er 12 fartøyer
blitt mere og mindre beskadiget og adskillige båter knust. En pram med sten
sank og fra et av havnevesenets mudderapparater reddet mannskapet seg med nød
og neppe i land.
Hva som er årsak til dette fenomenet, er visstnok ikke godt å avgjøre, dog har det i de par siste døgn vært et ualminnelig stråk/strømning i vannet, hvortil kommer en usedvanlig sterk brytning ved skjærene, uaktet vinden til dels har vært fralands og i det hele tatt flau, så at man har vært forberedt på uvær, hvorfor fartøyene var fortøyde, som om det var en storm i vente. Fra havet er strømningen kommet til den indre havn fornemmelig gjennom Lahammer-sundet, hvorimot de på den indre havn liggende fartøyer ikke hadde merket noen særdeles oppgang av sjøen, som imidlertid skal være sporet på den sydvestlige del av Karmøen, uten at det vites at den har forårsaket skade. Man har fremsatt den gisning at den omtalte strømning måtte kunne være virkningene av en skypumpe, men herom tør jeg for mitt vedkommende ikke ha nogen begrunnet formening. Barometeret var falt litt og det regnet sterkt.
Høinessjøen, malt etter Arnt Nordnes sin kolteikning. |
Det er mykje informasjon om hendinga i brevet til amtmannen. Noko av det eg likevel stanser ved først, er dateringa. Me er i 1867, eit år eg til no ikkje har sett at nokon har meint at flodbølgja var.
Det var ikkje berre i
Skudeneshavn folk opplevde at havet oppførte seg annleis denne dagen. Fleire
aviser skreiv om det, og Morgenbladet, Den Norske Rigstidende og Correspondenten
følgde opp med å sitera vestlandsavisene.
I Flekkefjord hadde det vore dramatisk:
Et tilfelle,
som for flere år siden ikke har inntruffet her, inntraff i går formiddag mellom
klokka 10 og 11 under tordenvejret idet elven nesten utstrømmet så den var omtrent
lens for vann, og ett blant flere fartøyer som lå ved bryggen, måtte man
fastgjøre med trosser i land for at det ikke skulle kantre. Ved samme leilighet
ble noen fartøyer i den grad beskadiget at deres baugspryd ble brukket samt
mistet en del tauverk. Et av fartøyene tørnet mot en Hr. kjøpmann Bosted
tilhørende sjøbod og splintret en del av bordkledningen på samme. En båt, som
lå lastet med tønnestav, kantret, så at lasten ved vannets stigning fløt ut
over fjorden. Noen arbeidere som stod på en tømmerflåte og var i ferd med å
reparere en overfor broen liggende slupp, var også så heldige å komme tids nok
i land. Og så vidt vites skjedde ingen ulykke. Det hele stod på en kort tid og
innen noen minutter var den alminnelige vannstand atter igjen i elven. En meget
svak jordrystelse lot seg på samme tid merkes.[iv]
Avisene oppsummerer hendinga som et
merkelig naturfenomen, som «formodentlig må tilskrives jordskjelv eller
lignende vulkanske hevinger». «Hendelsen er fremdeles gjenstand for gisninger
og diskusjoner» og det var Skudeneshavn, Vestsida av Karmøy, Kvitsøy og
Flekkefjord som hadde merka mest til verknadene av dei «underjordiske eller
undersjøiske bevegelsene».
Dette fortel avisene oss om det som blei
opplevd, sett og høyrt denne vårdagen i 1867. Men den andre kjelda mi, den eg
fann djupt inne i plasmaskjermen på pc ’en ei natt, etter å ha fulgt den eine
referansen etter den andre, og til slutt enda opp med eit vedlegg til eit
foredrag i Videnskabs-selskabet i Christiania, den skildrar hendinga sakleg og
fagleg. Og den stadfestar at året
er 1867. Foredraget var halde av H. Mohn og handla om oppbygginga av eit
meteorologisk institutt ved universitetet. Vedlegget viser korleis han hadde
samla inn opplysningar siste tida og hadde tittelen: Meddelelse angaande en
usædvanlig Bevægelse af Havet paa Norges Vestkyst den 7de Mai 1867.
Henrik Mohn,
(1835-1916), som heldt foredraget i hovudstaden, var blitt den første
direktøren på det nyoppretta Meteorologisk Institutt, berre fire månader før
flodbølga. Der var han i gong med forsking på klima og vêr og fekk etter kvart
på plass stormvarsling og daglege vêrmeldingar. På denne tida var det ikkje varsling
om kva som ville komma av vêr og vind, berre observasjon i ettertid og avlesing
av barometerstand.
Mohn hadde ein avtale
med telegrafdirektør Nielsen om å få bruke telegrafbestyrarane på utvalde
stader i landet til å melda frå om vêr og vind tre gonger dagleg. Og Mohn valde
seg ut Skudenes som stad for eit observatorie, saman med Kristiansund, Ålesund,
Mandal, Sandøsund i Hvasser og Dovre. I tillegg skulle det observerast frå ein
del fyr langs kysten. I 1866 var han rundt på desse stadene for å inspisera
måleinstrumenta.
Med trente
observatørar som sjekka vêret til faste tider, blei flodbølgja rapportert same
dagen som den kom inn mot Skudenes, og dette stod å lesa i Morgenbladet
dagen etter:
Det meteorologiske
Institutt melder i dag: Siden i går er barometeret falt, sterkest nordenfor
Stat hvor det står lavest. Vinden er SO eller østlig, laber. Temperaturen er
stigende …
… Klokka 10
½ meldes fra Skudenes et voldsomt plutselig sjødrag, sydlig vind og fallende barometer.
Dermed visste
meteorologisk institutt om den usedvanlege hendinga, og Mohn sende spørjeskjema
til medarbeidarane sine rundt om på fyr og telegrafstasjonar for å få vita
meir. Dei blei bedne om å svara på spørsmåla om
«fenomenets begynnelse og varighet, vannets fall og stigen, lyder og rystelser
og om gjenstander falt over ende». Svara
fyller seks A-4-sider. Og ved hjelp av dagens teknikk sit eg med det 150 år
gamle vedlegget framføre meg, ei fysisk utskrift, nokre timar etter at eg kom
på sporet etter dei. Utan å ha kontakta nokon. Utan å ha fått noko i posten:
Dataalderen har verkeleg si oppside!
Vedlegget til
foredraget hadde overskrifta: Hr. Mohn gav en Meddelelse angaaende en
usædvanlig Bevægelse af Havet paa Norges Vestkyst den 7de Mai 1867, og hadde denne innleiinga:[v]
Den 7de mai
1867 merkedes en usedvanlig bevegelse av havet på Norges Kyst fra Bømmelfjorden
til Lindesnes. Fenomenet inntraff om formiddagen omkring kl. 10 og viste sig på
de fleste steder som en plutselig tilbagetreknng av havet, efterfulgt av flere oscillationer,
på andre steder begyndte det med en stigning av vandet. Efter en halv times forløb
var vandet atter i ro og hadde inntaget sin forrige stand.
Mohn gjer videre greie
for dei mest vesentlege observasjonane: Det kom inn to rapportar frå Skudeneshavn.
Den eine melde at vatnet var roleg klokka halv ti om formiddag. Ein mann såg
eit høgt bølgjeslag frå utkikkshuset. Det kom frå havet, støtte på land mellom
Tretteskjær og Geitungane, passerte Bogen og gjekk særleg gjennom
Lahammersundet inn i hamnene ved Høines. På skjær og fluer kokte sjøen. Innafor
bølgjeslaget syntest sjøen å vera i størst bevegelse, då sjølve bølgjeslaget
ikkje blei observert å flytta seg med stor hast. Vatnet var under dagleg vannstand,
og stigninga under den sterkaste strømninga var ca. to til tre fot. Strømninga
gjekk to gonger ut av hamnene og to gonger tilbake. Farten var eit dampskips. Ifølgje
ein annen rapport kom fartøyene i hamna brått i drift omtrent klokka ti. Dei
sleit fortøyningane og dreiv omtrent 80 famnar utover og så tilbake igjen. Tre slike
voldsomme drag fulgte kvarandre i løpet av 20 minutt før dei avtok i styrke. Klokka
halv tolv var vatnet roleg igjen. Bevegelsen begynte med at vatnet fall ut av
hamna og sank omkring seks fot, derimot steig det ikkje over alminnelig
vannstand. Fiskarar ute på havet hadde ikkje merka noko usedvanleg, men folk
som rodde langs land, undra seg over ein sterk virvlande bevegelse i vatnet.[vi]
I Stavanger hadde nokre arbeidarar merka plutseleg endring i vannstanden.
På Rott trekte havet seg tilbake slik at sundet mellom øyane blei tørt land
langt innover før havet steig igjen. Alt i løpet av ein halv time. Frå Egersund
meldte dei detaljert om korleis vatnet forsvann og steig att. Dei merka ingen rystelse,
men høyrte ein sterk susen og drønn, «tydelig forskjellig frå torden». Også i Flekkefjord
hadde nokon merka ein rystelse og høyrt fjerne toreskrall. Ved Lister fyr steig
og fall vatnet omtrent fire fot under sterk vedvarande torebyger frå sydvest og
det kjentest ein svak jordrystelse. Ved Lindesnes fyr heldt ein båt på kantra i
eit sund som elles var heilt stille.
Frå Hellesøy, Økshammaren, Slåtterøy, Leirvik, Mosterhamn var «intet
bemerket». Ved Espevær fyr var det heller ikkje observert usedvanleg bevegelse
i sjøen, men det bles opp til storm mellom klokka ni og ti om formiddag. Då
hadde havet stege, men ikkje på «nogen usedvanlig måte».
I Haugesund blei det meldt at fenomenet begynte med forskjellige strømningar
i vatnet. Omtrent klokka ti steig vatnet vel ti fot. Stigninga varte ein halv
time. Fall deretter i nokre få minutt omtrent ein fot under den alminnelege lågaste
vannstand. Heile bevegelsen varte 32 til 35 minutt. Ein båt kantra, landtau
måtte lossast.
På Utsira merka dei ikkje noko til tross for at det var mange som arbeidde
ved hamneanlegget denne føremiddagen. Men i Kopervik observerte to pålitelege
menn om bord i ei jagt i Stangelandsviken usedvanleg bevegelse i sjøen mellom
kl.10 og 11; den varte omtrent ½ time og var først svært sterk. Ein gjekk
utifrå at bevegelsen tok til med at sjøen steig, då det første dei merka var at
jagta for innover mot land. Vatnet steig tre til fire fot. Omkring fluene og hamna stod sjøen som ein høg mur.
Heile bevegelsen blei oppfatta som drønning frå syd mot nord. Eit augnevitne merkte
gjennom sydvest-vêret med tett regn, noko som såg ut som ei skypumpe. I eit hus
sør for Kopervik kjentest ein sakte rystelse som av eit trykk, etterfølgt av
lyd som av torevêr. Frå Veavågen blei det rapportert om ein gut som leitte
etter mark til agn i fjæra. Han opplevde at vatnet trekte seg tilbake så botnen
låg tørr der det pleidde vera åtte til ti fot djupt. Då vatnet kom tilbake, var
det så vidt han klarte å redda seg i land. Innerst i vågen låg ein skadd båt på
land, langt vekke frå der han var fortøygd.
Vidare gir Mohn ei
vurderinga av retning, tider, barometerstand osb. Han konkluderer ikkje med kva
som eigentleg hende. Han er vitskapsmann og konkluderer berre dersom observasjonar
kan underbyggja teoriane hans. At det blei meld frå Lister «viss Lige aldrig i mands
minde har været observeret» i ein rapport som berre skulle oppgi klokkeslett og
andre fakta, har nok fortalt han at det var noko ekstraordinært som hadde
hendt. Ut frå det han las, trekte han følgjande slutningar:
-
Ei bølgje
var kommen frå sør-sørvest.
-
Bevegelsen
i sjøen begynte med eit sudrag, ein bølgedal, med fleire påfølgjande fram - og
tilbakegåande strømningar.
-
Ulik tidfesting
og skildring av hendinga langs kysten, kunne skuldast at bølgja nådde land i
ulike fasar og at både havbotn og forma på sjølve kysten var ulik.
-
Det var torevêr
einskilde stader, men alle drønn var ikkje forårsaka av torevêret.
Sentrum for en «jordrystelsen».
Ut frå opplysningar om kor det var høyrt
drønn og kjend «jordrystelse», konkluderer Mohn slik:
Disse
iakttagelser sammenstillede synes at pege hen på et sted ude i Nordsjøen, noge
søndenfor og vestenfor Norge, som det Centrum hvorfra en jordrystelse og en
dermed i forbindelse stående bevegelse av havet, i form av en bølgedal på overfladen,
har beveget seg udad og truffet Norges sydvestlige kyst.
Når rapportane ikkje
er eintydige, meiner Mohn det mellom anna kan skuldast dei atmosfæriske forholda
på same tid som fenomenet inntraff.
Frå VSV av
nærmede sig om morgenen den 7de mai et minimum av lufttrykk hvor barometeret
ved havets overflade var under 755mm, mot Norges kyst. Med det lave barometer
steg havet, hvorom antydninger finnes i flere av beretningene. Tordenvejr
ledsagede det barometriske minimums zone, og hørtes fra flere steder torden fra
vest. Søndenvind og regnvejr herskede på hele den strekning av kysten hvor
havfenomenet merkedes. Efter middag nådde det laveste lufttrykk, hvor
barometeret var gått ennu lenger ned siden morgenen, Norges kyst ved Stat, og
passerede i østlig retning nordenfor Dovre om aftenen. Neste morgen befandt det
seg ved innløbet til den finske bugt, hvor barometeret var sunket nesten til
740mm.
Med denne oppsummeringa, sluttar Mohns
«meddelelse». Altså utan skråsikre påstander. Me kjem ikkje nærare kva han trur
er årsak til bølgja enn det han skriv om at en jordrystelse har ført til bevegelse
i havet som skapte en bølgedal på overflaten og ad desse traff kysten.
Våre munnlege kjelder
som snakka om jordskjelv som skapte ei flodbølgje, var altså ikkje så langt frå
fagfolka sine teoriar. At barometeret i tillegg svinga, og det nokre stader var
kraftig torevêr, kan ha ført til at fortellinga blei ulik frå stad til stad.
Hadde folk langs heile kysten fortalt den same historia, hadde den truleg festa
seg betre i manns minne, både med årstal og detaljar.
Avisene melde også at
det var gisningar og diskusjonar om kva dei eigentleg hadde opplevd langs
kysten. I Kristiansand, der det ikkje var rapportert om noko høg bølgje, var
det eit svært kraftig torevêr. Og avisa koplar dette til hendingane, om enn
indirekte:
Omtrent på same tid som de omtalte naturfenomener inntraff i
Skudeneshavn, Flekkefjord og flere steder, hadde man i Kristiansand et heftig
tordenvejr med ualminnelig regnskyll. Et av
tordenskrallene var især voldsomt, hvorefter uvejret avtok. Lynet slo med i
nærheten av byen hvormed trær splintredes og oppryktes, ja, selve fjellmaser
ble løsrevne og spredte omkring.[vii]
Kva med sjøhusa?
Høinessjøen |
Me har høyrt om sjøhusa som blei tatt av bølgja. Kvifor står det ikkje noko om desse, korkje i brevet til amtmannen, i avisa eller i rapporten? Medarbeidarane til Mohn skulla melda om kor vidt gjenstandar hadde falle over ende under den så uvanlege hendinga. Ein skulle tru at dei hadde fortalt om sjøhusa.
Forklaringa kan vera
at det var det meteorologiske fenomenet som var mest interessant. Det kan også
skuldast at tap av liv var viktigare. Derfor blir det understreka at det ikkje skjedde noko ulukke;
liv gjekk ikkje tapt. Vårsildefisket var avslutta og med det fulgte det rett
som det var notisar om drukning og forlis. Då blei kan henda tap av sjøhus noko
ein ikkje fann det verd å nemna? Dessutan var det andre dramatiske hendingar å
melda om samstundes. Norges største handelsskip, «Broderlandet» totalforliste,
barken Maja var standa.[viii]
Ei anna forklaring
kan vera at dei som rapporterte ikkje var nær områda i Beiningen, Høinessjøen
eller Hålandsdalen der det var mange mindre sjøhus. Og brevet til amtmannen blei
sendt same dag som Andersen hadde hatt den skremmande opplevinga. Han hadde
ikkje hatt mykje tid til å samla informasjon. Litt om fartøya i hamna hadde han
fått med seg.
Alt dette kan vera
forklaringar på at det blir sagt så lite om sjøhusa. Men etter å ha trålt gamle
aviser, anar det meg at desse teoriane er lite truverdige, i alle fall ikkje
dekkande. Det finnest nemleg andre forklaringar.
Dokumenta som no har
dukka opp, gjer det heilt klart at flodbølgja var i 1867. På den tida nærmar
det seg slutten på det gode sildefisket i denne omgangen. Amtmannen skriv i si
melding for 1866 -70 at «den økonomiske rørelse» har stagnert.[ix]
Om hendingar som at små sjøhus blei tatt av stormflo eller vindkast i denne
perioden ikkje skapte store problem for aktiviteten i området og ikkje måtte
byggjast opp att, kan det vera grunnen til at det fekk så lita merksemd?
Folk nordover langs
vestsida av Karmøy hadde hatt sjøhus langs strendene her som dei heldt seg i
under fisket. Ludvig Syre viste til at ein framleis snakkar om
Ferkingstadgrunnane, Langåkergrunnane og Stolsgrunnane i området mellom
Hålandsdalen til Naley. Då fisket dabba av, tok dei husa med seg. Berre
grunnane stod att. Når me i ettertid ser grunnane, kan det like godt vera at
dei blei flytta «heim» som at flodbølgja tok dei.
Også andre flytta på
sjøhusa sine. Nokon skulle til Island på det første sildefisket rundt 1880. For
å få driva fisket der, måtte dei ha «rykande skorstein i land», dei måtte altså
bu der heile året. Det hende nok at Skudenesfolk tok med ein enkel bygning,
utan at dei budde der så mykje. Me veit at sjøhus frå Skudeneshavn blei flytta
nordover.[x]
I rapportane heiter
det at vannstanden sank og steig. Men den gjekk ikkje utover vanleg vannstand.
Endringane skjedde fort, men noko bølgje langt innover land, var det ikkje i
Skudeneshavn. Men det forklarer kvifor skip som låg til kai fekk problem. Og
det blei meldt om skade på skip. Men sjøhus som stod slik at dei vanleg
hauststormane og stormfloa ikkje tok dei, stod truleg ganske støtt gjennom
denne dagen. Derimot kan dei som stod på pilarar av tre eller på lausare murar
ha måtta gi tapt for vatnet som kom med «eit dampskips fart», då grunna presset
og suget i vatnet meir enn høgda på bølgja. På området inn mot Varden i
Høinessjøen der det ikkje er bygd opp nye sjøhus seinare, er svaberga slik at
ein kan tenkja seg at husa ikkje var godt funderte. Dei var truleg ikkje bygde for
å tola storm eller sterke bølgjer frå syd. Det var nordvesten som til vanleg
tok hardast på denne kanten.
Høinessjøen mot sørvest, før 1867 |
Høinessjøen, 2021 |
Arnt Nornes var oppteken av korleis det
var her, korleis folk levde før oss. Han gjekk rundt i fjøresteinar og på svaberg,
målte, noterte og las gamle branntakstar. På grunnlag av det har han laga 31 kolteikningar. Desse blei eg kjend
med gjennom far min, og etter kvart som han også fortalde om flodbølgja, har
det danna seg ei førestilling i meg om at alle desse blei offer for flodbølgja.
No innser eg at den koplinga truleg berre har vore i min tanke. Arnt Nornes har
nok ikkje påstått det. Dermed blir eg sjølv mitt første prov på at om ein
misminnest, eller koplar feil, kan det fort føra til at historieforteljinga
ikkje blir korrekt. Eg må jo no svara for at eg i god tru har missleia folk når
eg har lagt ut om flodbølgja i samband med foredrag, blogginnlegg og maleri.
Om me har kunnskap om kva sjøhus som stod langs dei ulike strendene, veit me likevel ikkje om mange av dei forsvann på ein gong. Med eit unnatak. Nausta i Beiningen forsvann på ein dag. I ei flodbølgje. I 1862. Blei det hevda.
Også denne historia
gir Nasjonalbiblioteket sine samlingar av digitale aviser oss ein nøkkel til å
forstå betre. Med søk på ordet «Beiningen» dukkar det opp avisoppslag frå Den
Norske Rigstidende frå 31. oktober, nettopp i 1862, slik det er blitt
fortalt. Men avisa fortel om ein stor storm, ikkje ei flodbølgje. Og me kan
lesa at det gjekk med 11 sjøhus i Beiningen, akkurat det talet som er blitt
nemnd i samanheng med flodbølgja opp gjennom tidene.
Etter stormen i 1862 kan avisa Correspondenten melda at det var mangel på takstein. Ein huseigar i Skudenesområdet trong 700. Kanskje det likevel var i 1862 mange sjøhus gjekk med i vikar og langs strendene her? Ikkje i flodbølgja, men i ein storm som også var så dramatisk og voldsom at den nok stod lenge som «den verste i manns minne». Bølgjene gjekk høgt i den orkanaktige stormen. Det blir fortalt at den stod opp på stovegolvet på Auste, som ligg på høgde med Fredtun.
I same avis som Beiningen er omtalt, står dette om stormen: «slik orkan har en ikke opplevd på mange tiår». Det var høg vannstand, takstein regna, plankar knakk, bryggjer stod under vatn. Det var kaos. Ja, «så voldsomt uvejr brøt løs, at ingen siden høsten 1827 lignende kunne erindre».
Ved nærare lesing av avisene i vekene omkring tida då stormen tok husa
i Beiningen, får me nyttig informasjon. Det er tydeleg at uvêret ramma kysten
heilt rundt Sørlandet og inn mot Oslofjorden og det stormande vêret heldt seg
over ein lengre periode.[xi]
Frå 14.-17. oktober er det sterk, sydleg storm i Norsjøen. Vannstanden er svært
høg mange stader, brygger står under vatn. 18.- 19. oktober løyer vinden og
barometeret fell (til 27.10), før det brakar laus natt il 20.oktober. Indredepartementet
sender ut melding til oppslag for sjøfarande om at det kan ventast voldsom storm på kysten eller
nær kysten. Men meldinga kjem akkurat for seint. Stor skade har skjedd mange stader.
Då meldinga nådde telegrafen i kystbyane hadde det rast storm heile natta.
Vinden var sydleg og sydaustleg. Det blei meld om materielle skader på brygger
og gater. I Stavanger var en gut kasta på sjøen av vinden og drukna. Lenger sør
brann halve Egersund ned. Og på havet, der var det tap både av skip og
menneske. Aviser landet rundt meldte om
skader etter den orkanaktige stormen. Nokre dagar etterpå blei den oppsummert
slik frå Mandal:
Under den fryketlige storm som raste 20.10 er en nesten uhørt skade
anrettet. I det nemlig hele Østersjøflåten i denne tid
har begitt seg ut på farten, har en usedvanlig mengde skipe været ute i sjøen,
og hele kysten vrimler av vrak. Ved Notarialkontoret innløp 39 sjøprotester om
større og mindre skader Dessverre gikk en mengde menneskeliv tapt. Flere meldinger
ventes
Tilbake til vår tid
Fagfolk og
ekspertar har festa lit til forteljinga om flodbølgja, men dei har vore varsame
med konklusjonar. Geologen Reidulv Bøe seier til Haugesunds avis,
12.2.2005, at det er funne fleire skredkantar etter utrasingar i sørlege del av
Karmsundet og i Skudenesfjorden. Store
lausmassar kan ha glidd ut og har utløyst bølgja. Men han legg til at ein ikkje
har nok data til å seia det sikkert. Og det er bra han ikkje slår det fast, for
det ville skapt nytt trøbbel for tidfestinga. Han viser nemleg også til at det
har vore lokalskjelv i 1861 og 1863. Det siste hadde styrke 4 på Rossi-Forel skala (som går frå 1-10, ikkje
å forveksla med Richters skala). Rasa kan ha kome i samband med desse, men det
blir understreka at «det er like truleg at desse og andre jordskjelv i dette
området har destabilisert lausmassar på havbotnen og at massane har rast ut på
eit tidspunkt som ikkje samsvarer med eit jordskjelv i tid. Altså kan me ha lov
å tenkja at eit så sterkt jordskjelv i 1863 kan ha forårsaka bølgja i 1867.[xii]
Kan me stola på munnlege kjelder?
Det er å håpa at me held fram med å fortelja kva me har høyrt frå dei
som har levd før oss. Også om det har feil og manglar. Om skriftlege kjelder,
som har vore lagra i lang tid i gamle arkiv no korrigerer detaljar når dei blir
tatt fram i lyset, må ikkje det skremma oss frå å fortelja. Utan det hadde eg
ikkje visst om flodbølgja, og då hadde eg aldri søkt etter datoar og avisoppslag
og funne rapportane til Mohn. Og utan rapportane til Mohn, hadde ikkje skred-databasen
til landet blitt oppdatert, slik den no er blitt, i følgje fagmannen eg
kontakta og sende dokumentasjonen til.
Dessutan så var ikkje dei munnlege kjeldene mine
så langt på jorde. Sjøhusa i Høinessjøen forsvann i ei flodbølgje i 1867. Husa
i Beiningen blei tatt av bølgjer, om ikkje same bølgja som herja i Høinessjøen.
Vind og bølgjer kom frå sydaust i Beiningen ein haustdag i 1862, og kombinert med
høg vannstand, kan enkelte bølgjer lett ha blitt oppfatt som ei flodbølgje. At
det var akkurat Beiningen som blei hardt råka i denne stormen, forstår ein om ein
er lokalkjend. For Beiningen ligg som ei trygg hamn på austsida, like nord for
Skude, trygg i nordavind, vestavind. Men mot sydaustleg vind var det ikkje
lenger så lunt mellom husa. Andre stader blei det fortalt om brygger og hus som
blei tatt av sudraget i denne stormen, noko som kunne høyrast ut som det som
hende i 1867, så om forteljingane har fletta seg inni kvarandre i løpet av dei
150 åra som gått, er det ikkje til å undra seg over.
Då eg først høyrte om flodbølgja, var det
fenomenet som gjorde inntrykk, ikkje årstalet. Folk før meg har sett havet
forsvinna og havbotnen liggja open før vatnet igjen kom fløymande inn att nokre
hundre meter frå barndomsheimen min på Høines. Tippoldeforeldrene mine var
mellom dei som undra seg. Spekulerte og diskuterte. Kanskje drøymde dei om den
høge bølgja i vekene etterpå?. Kanskje hadde oldemor Gurine som då var ei jente
på 10 år, mareritt i lange tider? Me veit ikkje. Men når eg les om hendingane
dei opplevde, er eg med eitt så nær dei.
-------""""--------------------
To maleri frå Høinessjøen er på kort, som kan kjøpast for kr 30 pr. stk. Du finn dei her
[i] Opptak, samtale
mellom Rolf Høines og Ludvig Syre, 1980
[ii] Minneutstillinga, Arnt Nornes, 1917-1886, Odd
Rune Olsen: Flodbølgen.
[iii] Stavanger amtstidende,
13.05.67, Flekkefjords avis 8.5.1867. Desse oppslaga blir gjengitt i mange av
landets aviser, m a Morgenbladet, 8.5 og 19.5.1967 og Den norske Rigstidende,
13 og 20.5.1867
[iv] Agder, 8.5.1867
[v] Mohn,
H. (24. mai 1867): Meddelelse angaaende en usædvanlig Bevægelse af
Havet paa Norges Vestkyst den 7de Mai 1867, Forhandlinger i Videnskapsselskabet
i Christiania, Kristiania, vedlegg til: Hr.Mohn gav en Oversigtover det
meteorologiske Instituts Organsiation og Arbeider. Den 24deMai. Møde i den
mathematisk-naturvidenskabelige Classe.
[vi] Rapporten er samanskriven og forkorta, men avsnittet om Skudeneshavn
er likevel større enn dei andre, slik denne oppstillinga viser.
[vii] Stavanger Amtstidende 20.5.1867
[viii] Correspondenten, 20.5.1867
[ix] Amtmannsberetningen, Stavanger Amt, 1865
[x] Meir om dette i: Marit E Totland, Alt vel, historisk
roman. Kapabel forlag, 2016.
[xi] Correspondenten 8.11.1862 og 25.10.1862, Morgenbladet, 31.10.1862, Adressetidende
for Brevik, Stathelle og Langesund 25.10.1862, Bergensposten 21.10.1862, Moss
Tilskuer, 22.10.1862, Christianiaposten18.10. og 22.10.1862, Kristiansands stiftsavis
29.10.1862, Jarlsberg og Laurviks Adressetidende 29.10.1862, Den norske
Rigstidend 31.10.1862.
Sitat frå aviser
og rapporter er modernisert for å gjera teksten meir lesar venleg. Det gjeld i
hovudsak forenkling av dobbel vokal, stor bokstav i substantiv og byte av f/v
og æ/e.
[xii] Haugesunds avis, 12.2.2005.