Forseggjorte offentlege dokument:

lørdag 2. juli 2011

Det ramla og skramla i bestemor si gamla

Kaffe hos mormor, gode kaker, saft, spel og gåter. Ja, mormor elska gåter, - av det gamle slaget, helst slike med rytme og klang.

Her har du tre av dei:

1.
Det ramla og skramla i bestemor si gamla
nedanfor navlen og ovafor kne.

(Hugs: det er ei sømeleg gåte)


2.
No har eg ikkje, no kjem du, no kan du ikkje få.
Då eg ikkje hadde, då kom du ikkje, men då kunne du ha fått.
Kom att når eg ikkje har, då skal du få.

3.
Om dagen full av kjøt og blod
om natta står han og gaper.


Når du har vridd dei små, grå lenge nok, kan du sjekka rett svar i kommentarfeltet.

Har du liknande, gode gamle gåter, er du velkomen til å leggja dei i kommentarfeltet.

3 kommentarer: