Nauthydlaren - eit merkeleg namn?
Frå eg var lita, høyrte eg om Nauthydlaren, og om "Longe-Dererk", som stadig redda sauene våre.
Artikkelen står å lesa i "Med handemakt og hestekraft" der far, Rolf Høines, fortel.
Har du ikkje boka, eller bøkene, der han fortel, er det eit tilbod på desse her: Bokpakke
TAP, (2022), ein historisk roman frå Skudenes på 1880-talet, den nyaste boka mi, er ein frittståande oppfølgjar til "Alt vel". Den kan kjøpast ved sms til 98060938, kr 200,- inkl porto. (Alt vel: kr 200,- inkl porto).
Forseggjorte offentlege dokument:
▼
tirsdag 25. juni 2013
lørdag 22. juni 2013
Prest med integritet.
"Og sidan kom då lensmann inn og presten",
heiter det i visa om hestehandelen, sikkert som utrykk for at no var makta samla.
Og mykje makt var samla på få hender før i tida. Ofte var presten også ordførar.
Slik var det på Fjelberg. Og lensmannssonen på Fjelberg på 1940-talet skriv godt og lesverdig om dette her: Fjelberg prestegard. Barndomsminne.
Her fortel han mellom anna om då presten møtte seg sjølv i døra. Ikkje slik me tenkjer: at han måtte gå tilbake på det han tidlegare hadde gjort. Nei. Han møtte seg sjøl i døra og gav det svaret han skulle gi.
Far hadde også merka seg at presten, Sverre Aarseth, respekterte maktdelingsprinsippa i det moderne samfunnssystemet. På vegner av soknerådet sende han ein gong ein søknad om ei lita pengeløyving til Fjelberg kommune. ”Alle” rekna med at det skulle gå greitt, ”for presten er jo sjølv ordførar”. Undringa blant bygdefolk var stor då det kom eit svarbrev, visstnok underteikna av Sverre Aarseth sjølv, med blankt avslag. Far, (lensmannen) undra seg ikkje.