Forseggjorte offentlege dokument:

onsdag 16. oktober 2013

Pillefygerten treng luft under vengene.


Det er haust og lauvtrea sender sine håpefulle ut i verda; frø i ulike variantar som skal sikra framtida for treslaget.

Då eg var lita kalla med frøet frå lønna for pillefygert.

Det er eit ord som fortener å ikkje gå i gløymeboka.

To av oss på Twitter vil gjera noko med det.

Slik var resonnementet:

Interactions

  1. I disse dager får naboen mer strev med lønnen enn lønn for strevet
  2. Frøa frå lønn kalla me pillefygertar
  3. virkelig! Rar betegnelse. Husker vi klistra de på nesa da jeg var liten
  4. utruleg kjekt ord: pillefygert. Kjekt å få bruka det. Ikkje så ofte eg får høve til det.
  5. tar pillefygert med meg i verden og lover å benytte det ved første anledning
  6. kanskje eg skal googla ordet om eitt år og sjekka om me saman har gitt det luft under vengene

    Status på google i dag er 3430 resultater, sortert til 63 unike. Bli med å få opp talet.

    Haustbiletet ovafor laga eg i går. Det viser utsikta får terassen min, 
    med inntil 10 hestar på beite.
    Fleire bilete finn du her: Galleri Nauthydlaren

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar