TAP, (2022), ein historisk roman frå Skudenes på 1880-talet, den nyaste boka mi, er ein frittståande oppfølgjar til "Alt vel". Den kan kjøpast ved sms til 98060938, kr 200,- inkl porto. (Alt vel: kr 200,- inkl porto).
Forseggjorte offentlege dokument:
▼
søndag 13. november 2016
Kva gjorde kobolten med tenestejentene?
På Museet i Mælandsgården presenterte Nina Sele tenestejenta og hennar livsvilkår i sommar. Me var innom ein tur, og Nina fortalte mellom anna at det ofte var blåfarge på kjøkenveggane på 1800-talet fordi fargen inneheld gift som tar livet av innsektene som elles trivdes så godt saman med maten. Det var nytt for meg. Heldigvis fekk eg vita om det så tidleg at eg fekk malt kjøkkenveggene blå i boka mi Alt vel. I den boka fortel også eg om tenestejentene i skippergarden. Fantastisk at ei av mine sambygdingar frå tida på Bømlo fortel om jentene i barndomsbyen min, Skudeneshavn. Og det same året som eg skriv om dei!
Men kva med tenestejentene? Kva gjorde kobolten med dei?
Alt vel kan lesast som ein oppfølgjar til Blåstrømpe som handla om korleis Karina kom til Skippergarden og blei tenestejente der. I Alt vel møter me henne som skipperfrue som har sendt skip til Island.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar