Då eg vaks opp høyrte eg stadig fortellingar om fiskarar og båtar. Etter kvart har Skudeneshavn fått fleire bein å stå på, men framleis er fisken så sentral at ein butikk godt kan finna på å setja ein slik plakat på døra. Og sidan det er ein fiskeutstyrsbutikk, er det kan henda ein slags reklare: Dra på fisketur du også, og kjøp utstyret her.
Ei av fortellingane eg fekk med meg, var om den stakkars mannen som skulle byggja seg ein båt, men som aldri fekk arbeida i fred.
Han var så vidt komen i gong, då det kom ein mann som ville gje han gode råd: - Slik må du gjera, sa han, og peikte og forkarte.
- Ikkje slik!
Ikkje lenger etter kom det ein annan mann. Han hadde også svært så gode råd å gje.
Slik gjekk den eine dagen etter den andre. Det enda med at mannen blei så irritert etter å ha prøvd ut mange halvgode råder, at han heiv heile båten over garden.
Så starta han på ny.
Og ikkje lenge etter, var dei der att, menene med dei gode råda. Men no hadde mannen fått nok. Han peikte over garden og sa: - Viss du er interessert i å byggja båt, kan du fortsetja på den som ligg der som eg har fått "så god hjelp med". For den som eg held på med no, vil eg byggja sjølv.
Ordtaket frå Stavanger byggjer nok på sam røynsla: "Byggjer ein hus etter kvar manns råd, så kjem det aldri beint å stå."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar