Kong Magnus Lagabøte er funnen i veggen i Bergen domkyrkje etter 732 år.
732 år er lang tid, og sjølvsagt kan mykje gløymast på så lang tid. Spørsmålet er berre: Kva tid glapp det? Kven var det som gløymde å fortelja vidare til neste generasjon kor grava var?
Eg har fleire gonger vore på Gran på Hadeland og besøkt systerkyrkjene. Det er mange hypoteser om kvifor det er to slik like kyrkjer langt ute på landsbygda, men ingen veit heilt sikkert.
Dei som bygde kyrkje nummer to visste heilt sikkert kva dei gjorde. Kvifor blei dette gløymd? Kven gløymde å fortelja det vidare?
Svartedauden la bygder aude. Skrivekyndige folk forsvann. Mykje historie gjekk bokstavleg talt i grava med dei. Eller er det slik at det har vore så tøffe tider, at folk har hatt meir enn nok med å klara kvardagane, om dei ikkje i tillegg skulle fortelja historia?
Me får aldri svaret. Men me får ei påminning om at det er viktig å bringa vidare historia til neste generasjon. Og det må gjerast av kvar einaste generasjon, elles blir historia vekke.
Derfor bør me oppgradera historiefortellinga. Fortell lokalhistoria vidare.
Sett i gong: Det var ein gong..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar