Forseggjorte offentlege dokument:

lørdag 20. oktober 2012

Kva fortel skrifta om han som skreiv dette?


















Handskrift er spor etter levd liv. Kva fortel den skrifta om mannen som skreiv dette brevet?

Eg arbeider med ein biografi om den mannen, og er etter kvart blitt litt kjend med han. Men skrifta hans får meg stadig til å undrast: Kva kan skrifta fortelja meg?

Eg kan røpa at mannen var fødd i 1849, og dette brevet er skrive i 1918. Då var han nærare 70 år.

Å tyda handskrift er visst nok ein eigen kunst. Det er likevel interessant å høyra kva assosiasjonar og tankar "folk flest" gjer seg med eit slikt brev framføre seg. Vil du vera med å byggja eit bilete, så legg att di vurdering i kommentarfeltet.

Eg veit ganske mykje om denne mannen. Dersom noko av det du skriv stemmer med det eg allereie veit, er det vel grunn til å tru at suplerande opplysningar også gir eit hint om korleis han var.

Tar du utfordringa?

Kjenner du nokon som har vurdert handskrift på denne måten før, så send det gjerne vidare!

No kjem boka om han som skreiv slik:  Garborg og Skou - forskjell på folk?


8 kommentarer:

  1. Han hadde fått lærdom om det man i dag ville kalle skjønnskrift, mens den grammatikalske kunnskapen var litt variabel. Han var observant og kanskje en fisker selv, ikke vet jeg.
    Men håndskriften var pen og egentlig ganske lettlest. Hva det sier om mannen? At han kanskje "hadde lett for det" som man pleide si, på den tiden, men at skolegangen ikke hadde strukket seg så veldig ut over det som var vanlig. Men likevel var han vant til å uttrykke seg skriftlig.
    Frisk i hodet og frisk i sinn, tror jeg. Utover det? Observant, som skrevet før. Hm ...
    Ha en flott dag :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for bidraget. Eg kjem tilbake med utfyllande kommentar når fleire har prøvd seg.

      Slett
  2. Mannen er selvsikker, poetisk, opptatt av detaljer, gjør seg flid i arbeidet sitt.

    SvarSlett
  3. Kreativ og kustnerisk - med tanke på dei lange forbokstavane med ekstra deltajar. Samt ein "personlig" prikk over kvar "i" som dannar sirklar. Garantert ein person som ville gjer ting på sin eigen måte - og gjorde ein kreativ vri.
    Men også litt "rask" då dei ikkje kvar bokstav er like perfekte som setningane er bygd opp. (Litt kjapp i svingane nokon plassa )
    Tenkast ar han likte godt å høra si eiga stemme, sio han liker å obesvera og skrive det "vakkert" Kort avstand mellom orda kan bety - sosial/pratsom, sosial vant. Ikkje usikker i det heile tatt. Han skriv i rette linjer - har høg selvkontroll, veldig suksessfull. (Ose selvsikkerhet)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, takk! Eg sit ikkje med heile biletet, men dette var utruleg interessant.

      Slett
  4. Trur drt må vere ein pertentleg person.
    Syns det er ei vakker skrift!

    Men ingen ekspert...

    God helg :-)

    SvarSlett
  5. Takk til "Refleksjon på livsvegen" for at du gjorde nokre refleksjonar her

    SvarSlett