Ikkje alle lengtar til Nasjonalbiblioteket. Men eg gjer det.
Der er mange skattar vel tatt vare på.
Der er mange skattar vel tatt vare på.
Og eg får lov å sjå dei, ta i dei, lesa i dei.
I Nasjonalbiblioteket går fortid og notid hand i hand.
Du søkjer på data etter nyheter frå 1800-talet.
Du bruker dagens teknologi i eit ærverdig bygg, eit bygg som er tatt vare på, samstundes som det er tenleg som biblioteket.
Det er ei oppleving å vera der.
Bli med inn ein liten tur:
Datamaskinar og skanna aviser gøymer skattar. Men noko av det gamle er framleis i bruk, ikkje berre til pynt. |
Nytt og gamalt, hand i hand. |
Gamle bøker, førsteutgåver, i original. Vakkert! |
Her er takhøgda stor. Alle velkomne! |
Jomfruelege 1880-talsaviser? Ja, når eg er førstemann som opnar boksen etter kopiering, så kan det vel kallast jomfrueleg? |
Gotisk er det geitt å kunna når ein les aviser frå 1800-talet. |
Veiledninga, det vil seia dei som kan gje deg råd og vink om korleis du bruker biblioteket og kva du finn der, kan du følgja på Twitter: @NBveiledning