Kongemakt – kyrkjemakt. Kvardagsmakt – kvinnemakt.
Kvinna
og det religiøse livet i bygdene her vest – har dei sett spor etter seg?
Sunnhordland museun si årbok for 2013 har tema "Kvinner i Sunnhordland". Eg fekk utfordringa å skriva om kva rolle den truande kvinna har spelt opp gjennom tidene. Andre artiklar handlar om kvinnene ved baroniet i Rosendal, kloke koner og trollkjerringar, kvinnene i bondereisinga, Torborg Nedreaas på Stord, Kari Nilsdotter Spidsøen og mykje meir.
Her kan du lesa det eg fann grunn til å formidla vidare om kvinner i bedehus og kyrkje:
Historiebøker
fortel at då me fekk industri her i landet, då først kom kvinnene med i
produksjonen. Som gamal lærer, tar eg fram raudblyanten og legg til: Den
produksjonen som talde, som var synleg. Kvinnene hadde drive med livsviktig
produksjon i all tid. Men maten dei laga var eten, kleda var utslitne. Det
viste lite att: Utanom born som vaks opp; nytt liv som tok familie, bygd og
land vidare.
I
historia om kristenlivet i landet finn me mange bautaer: Menn som gjorde mykje
og mangt og som fortener takk. Namn på formenn, skular, kyrkjer og bedehus, lag
og organisasjonar, årstal og viktige vedtak er det lett å samla mellom permane.
Men hadde det blitt det same: Nytt liv som tok familie, bygd og land vidare, -
om ikkje kvinnene, som nesten er usynlege, hadde spelt ei så lita rolle som
historiebøkene gir inntrykk av?
Kongemakt - kyrkjemakt.
1
Eg
trur for visst at den nye sola alt har runne over utøyane våre.
Heggland byggjer på dei kjeldene som
finnest om religion og samfunn i vikingtida. Og han er svært tru mot kjeldene sine.
Men kjeldene er få og usikre, fordi det meste er skrive ned lenge etter at
hendingane gjekk føre seg. Det er derfor lite me eigentleg veit om kva tru vikingane
hadde, då i den meininga å ha ei tru slik me tenkjer det i dag.
Det er godt nytt kongen kjem med ifølge
Torberra. Ho hadde sjølv blitt kjend med nyetrua før dei mektige mennene kom
til Moster i sogespelet «Kristkongane på Moster». Kontakt mot vest var oppretta
for lengst i bygdene her i Sunnhordland. Folket var sjøfarande og sidan kongen hadde
sete fleire stader her vest, fekk sunnhordlendingen tidleg merka kongemakt og
kyrkjemakt. I starten fylgde det eine av det andre. Leiaren valde tru og folket
fylgde.
Arven frå vest, Ill: M E Totland |
Kva
tru hadde dei?
Den norrøne gudelæra heldt slekta samla
og forklarte naturkreftene dei opplevde. Gudane skulle ein blidgjera så dei
kunne gi siger i kamp og gode år med grøde og etterslekt. Nokon grundig etikk som
sa kva dei skulle eller ikkje skulle gjera mot kvarandre, hadde ikkje denne læra.
Ætta, slektsbanda, var viktige. I og med at det var mennene som stridde om
makta i bygdene, var gudsdyrkinga på mange vis ei tru for dei. Men både kvinner
og menn kunne stå for handlingane når det skulle blotast. Kvinnelege gudar
hadde dei også. I den forstand kan ein seia at kvinna hadde sin plass i det
religiøse livet på vikingida. Men det var ingen tvil om kven som stod høgast i
rang, noko som førte til at kvinna ikkje kunne tala på tingvollen og mannen
kunne ha fleire koner. Ho gjekk ikkje i kamp saman med mennene, men ho egga
gjerne mannen til strid.
Dei kristne levereglane gav kvinna ein
anna stilling. Mannen kunne berre ha ei kone. Barnet kvinna fødde, kunne ikkje
mannen velja å setja ut i skogen for å døy, han måtte knesetja dei alle. Men
noko plass i gudsdyrkinga hadde ikkje kvinna lenger. Det var presteskapet med
sine gudstenester som no tok over. Og med det mista for så vidt også den
vanlege mannen sine rituelle oppgåver.
Den norrøne gudelæra hadde vore ein tru
som bant saman folket, no fekk folket her vest ei truslære som fortalte korleis
folket skulle leva kvardagen sin. Korleis det var med kjennskap til denne læra
i den første tida, forståing av kva det gjekk ut på, og kor lang tid det tok
før dette blei noko meir enn eit omskifte som leiarane hadde innført, meir
eller mindre frivillig, veit me lite om. Men etter kvart skulle denne læra
gjerast kjend for borna og dei skulle læra å leva etter kristenretten og boda i
Bibelen. Kor mange år, tiår, kanskje hundreår som gjekk før dette blei ein naturleg
del av oppseding av nye generasjonar, og fekk noko å seia for overtyding og
samvit, veit me ikkje. Men me veit at når ei tru skifter frå å vera ei ramme
for slekta til å bli ei lære for livet, må det opplæring til. Og me veit at det
er kvinna som får denne oppgåva. Lærarar og prestar kom etter kvart til, men
det var kvinna, mora, bestemora, som levde kvardagslivet saman med borna og som
hadde høve og plikt til å oppdra.
Mørketid
Ting tar tid. Dette var ei sanning før
vel så mykje som no. Det meste gjekk på det jamne framover, med eit unnatak: Svartedauden.
Gardar blei lagde aude. Heile slekter forsvann. Prestar og andre som forvalta
det skrivne ordet, døydde. Både kyrkje og stat tok mange steg bakover.
Og når me først tar slike sjumilssteg,
med hundrar av år i kvart steg, må me, om me vil eller ei, nemna heksejakta.
Kva som er fargerik forteljarkust om hekser og hekseprosessar, er det ikkje
godt å vita. Men rettsprotokollar fortel at det blei gjort stor urett mot
kvinner, enten fordi dei gjorde og sa noko som var over den vanlege mann sin
forstand, eller fordi dei vart skulda for det. Kvinner som tok seg mynde på
religiøst område, måtte bøta med livet, om så lovbrotet hadde vore å hjelpa ein
stakkar sjuk eller svak. Eit mørkt kapittel for kvinnesoga. Eit enda mørkare
kapittel for samfunnet som let det henda.
2
Bånet legges i vuggen ned
som'tid gråte, som'tid le/
sove nå sove nå, I Jesu namn
som'tid gråte, som'tid le/
sove nå sove nå, I Jesu namn
Jesus bevare bånet.[1]
Om det er lite historieskrivarane
fortel, kan me likevel fylgja andre fotefar som viser veg til tru og tanke;
folkediktinga. Eit døme er denne gamle bånsullen som på så naturleg vis er
blitt ei kveldsbøn. Den er ikkje utrykk for innlærde reglar eller bøner, men
personlege og enkle ord for tillit, som noko sjølvsagt, borne frå generasjon
til generasjon på kvinnefang. Og
framover i tida finn me det stadig att i viseskatten; mora sin omsorg for
bornet, tilliten til Guds ord, slik Jakob Sande også utrykkjer det:
Men på kne ved leddiken ligg mor hans
Og legg plagg på plagg i kista ned
Medan Knute-Sivert, yngste bror hans,
Står og tryglar om å få bli med.
Under loket ruvar reisenista
Reine julekosten er det plent.
Og på heidersplassen, øvt i kista
Lyser salmebok og testament.
3
Presten er, meir enn andre,
nødt til å yde trengende gjestmidlhed, mens de ovenikjøpet plages og forurettes
av lekfolk, således at for tiden kun få vil la seg opta i kirkens hær» [2]
Så nærmar me oss den tida me veit litt meir om.
Kyrkja fann si form. Konfirmasjonen blei innført, og etter kvart blei det skule
for alle, der formålet var ar at alle «skulle lære å lese sin Bibel selv».
Etter kvart skulle prestegarden bli et religiøst
sentrum. Det fortel historiebøkene, og ikkje minst finn me ei slik framstilling
hos dei store forfattarane våre på slutten av 1800-talet. Men vegen dit var
lang.
Etter nedgangstider på 1300-talet fall
presten sin inntekt og status, og det var vanskeleg å få nok prestar. Ved
hovudkyrkjene var det annleis. Kyrkjene på Moster og Skåla (Kvinnherad) må
reknast mellom desse. Og kyrkja på Onarheim stod truleg også i ei særstilling.
Folk såg opp til presten dersom kyrkja var av dei viktige, men elles er det
ikkje grunn til å tru at prestefolket eller gardane stod i slik særstilling i
bygdene som dei kom til gjera seinare. Gardane var små og husa ikkje noko
uvanleg store. Dermed hadde heller ikkje prestefrua den status i bygda som ho
etter kvart fekk.
I 1589 kom det eit pålegg med visse krav
til presten sine hus «ha et utseende som er presten verdig» Husa skulle vera
romelege og heller ha mange værelser enn små hytter slik det hadde vore vanleg.
Prestegarden
– eit karavanserai
Ein prestegard kunne til
tider best samanliknast med eit karavanserai, eit herberge for karavanar og
andre vegfarande langs dei store handelsrutene i Midt-Austen, Nord-Afrika, og
langs Silkevegen frå Tyrkia til Kina. Tankar og nye idear fulgte karavanane og
blei utveksla før, under og etter dei felles måltida i seraiet.
Prestegarden var eit læresentrum. Men i tillegg til undervisning og forkynning var
det stort rom møte, samtalar og sosiale samvere der prestekona var viktig, både
som samtalepartnar til kvinner og menn. og som den som la til rette.
Presten hadde mange offentlege oppgåver
og dei fleste hadde eit ærend innom i ny og ne. Gjester var det mange av; slekt,
kjenningar av familien, omreisande eller offentlege tenestemenn som trengte
husrom. Dei fleste prestefolk var svært gjestfrie, og med tanke på utgiftene
dei hadde med å driva «gjestegard», kan ein lure på korleis dei makta dette
økonomisk.
Einskilde prestefamiliar utvikla seg til
reine prestedynasti ved at prestane gifta seg med døtre av førre prest. Det
førte til auka samkvem mellom sokna. I Kvinneherad sat det fire generasjonar av
same slektslinje, gjennom kvinneleddet frå 1610 og utover. Frå den tida finn me
slektsnamna Koren/Hertzberg/Harboe/Frimann
i Kvinnherad, på Stord og på Finnås på Bømlo.
4
«Eg må i det heile
beundre min mor. Aldri hadde hun gått på skole, men hadde likevel
samlet seg mange kunnskaper i forskjellige fag, så som historie, geografi,
tysk, engelsk og fransk, ja til og med teologi, Hun hadde en egen evne til å
meddele meget av dette til de unge som var i prestegården og vekke trangen hos
dem til mere kunnskaper. Hun fikk også stiftet kor av unge menn og kvinner hvor
hun innøvet flerstemmig noen av Sankeys sanger og andre norske melodier. De
unge var meget interessert i dette. Det bragte dem inn i nye tankebaner og hjalp
til å holde dem borte fra veiene om kvelden,..
Det kunne også være konfirmanter som far syntes hadde
for små kunnskaper til å slippe fram. Mor tok seg gjerne av dem og gjennomgikk
Pontoppidans forklaring for dem i vinterhalvåret.:[3]
Minne frå prestegården i Sveio, 1894-1905
Så kunne prestekonerolla
formast. Kanskje hadde prestefrua vore «mor» i bygda også før, men med romelege
hus som gav plass for meir enn familien, tok rolla form, med den påverknaden det
gav henne, som einskildmenneske, men også som representant for kyrkje og
kristendom.
Skal ein forstå kvinnene sin plass i
kyrkje og misjon, er altså ikkje prestegarden til å koma utanom. Så var det heller
ikkje ynskjeleg å koma utanom prestegarden. Tvert om. Prestegarden var den
staden en stakk innom, om det var i festleg lag, eller rett og slett å få tak
over hovudet.
Men ofte var det menn som hadde ærende i
prestegarden. Dette skulle det bli ei endring på, ei endring som førte til
denne kommentaren når prestegarden si historie skulle skrivast: «Møta førte
fortsatt mange folk til prestegardane, kanskje enda fleire enn før, og i alle
fall fleire kvinner enn før.
Kvinneforeiningane sine møte i prestegardane har utvilsamt gitt viktige bidrag til denne endring av kvinnenes rolle i bygdesamfunnet som tok til nettopp i siste halvdel av 1800-talet».
Kvinneforeiningane sine møte i prestegardane har utvilsamt gitt viktige bidrag til denne endring av kvinnenes rolle i bygdesamfunnet som tok til nettopp i siste halvdel av 1800-talet».
Kvardagsmakt –
kvinnemakt?
Blikket gjekk mot
vindauget, ut på tunet, nedover bjørkealleen, mens ho dekka borda i storstova.
Her var det plass til mange. Men ville dei koma, dei ho hadde invitert: Konene
frå husmannsplassane nede ved stranda, bondekonene inne i dalen? Og
kjøpmannsfrua og skipperfrua ville dei koma, saman med dei?
Ho hadde høyrt at alle
mennene var ikkje like glade for dette påfunnet hennar. «Dra konene vekk får
arbeidet, i beste arbeidslyset, midt på dagen. Nei, dette kunne det ikkje vera
meining i!»
Der dukka skomakarkona
opp. Ho såg litt brydd ut då ho møtte kapteinfrua i oppgangen. Og like bak
henne kom dei to eldste nede ved sjøen saman med ungkona. Og der kom.. Ja dei
kom. I flokk og følgje. Og fylte storstova for å høyra meir om misjonen som
prestefrua hadde invitert til å samlast om.
Frå reformasjonen
hadde kyrkja vore opptatt av den einskilde sitt forhold til Gud og si tru, og
pietismen la særleg vekt på det personlege kristenlivet, ei rett tru og eit
rett liv.
Misjonstanken var ikkje ny. Det var den
som førte Egede til Grønland allereie på 1700-talet. Men først på 1800-talet spreidde
tanken seg. Det blei snakka om Guds ord til alle folkeslag og hjelp til andre
verdshjørne. I 1842 blei Det norske
misjonsselskap stifta. Då var det allereie mange foreiningar rundt om.
Prestekona, Gustava Kielland erkjente skamfull at ho hadde tenkt lite over
misjonssaka og hadde vore så veik i og hjelpa mannen Gabriel med den. Det
gjorde ho noko med, og den første kvinneforeininga var stifta i 1840.
«Til Guds ære og bygdens
gavn».
Kvinnene har opplevd
signing ved arbeidet, og elles ved det som foreininga i alle desse åra har hatt
å seia for hugnad og samarbeid mellom bygdefolk. [4]
Då ein i 1918 gjorde vedtak om å byggja
bedehus i Bringedalsbygda i Kvinnherad og kvinneforeining vedtok å arbeida for
saka, var dette i fylgje Th. Onarheim «til Guds ære og bygdens gavn». Med dei
enkle orda, sette Onarheim ei høveleg overskrift me i ettertid kan gi innsatsen
til kvinneforeingane.
Guds
ord til alle folkeslag
Det var misjonspåbodet i Bibelen som
fekk kvinnene til å samlast. Og samstundes som dei arbeidde for å senda Ordet
til alle folkeslag, blei det også delt rikeleg ut mellom dei som var samla,
gjerne ved opplesing av ein andakt og etter kvart frå misjonsbladene. I
ettertid kan ein undra seg over at ein her til lands, der ein korkje var eit
sjølvstendig stat eller hadde koloniinteresse i utlandet, skulle få slikt
engasjement for folk på fjerne kystar. Men oppdraget var av andeleg karakter
og spurte ikkje etter slikt.
Eit
forum for kvinnene
For mange kvinner ble misjonen det første møtet
mellom bygda og den store verda, og den ble ein møtestad for kvinner med ulike
bakgrunn der dei kunne finna støtte hjå kvarandre.
Sosialt var det viktig at kvinnene kom
saman til felles innsats utover familien i ei tid då det ikkje ofte var høve
til det elles. Ei årsmelding fortel: «Det har verkeleg vore sagt at denne
foreininga vår har vore eit kultursentrum og eit vernesamfunn. Der har dei våga
å kome fram med det som dei til vanleg gøymde inne i seg»
Demokrati
og organisasjonslære
Ei foreining måtte organiserast skulle
ho bli eit stabilt føretak. Etter kvart blei det laga felles lovar med krav om formann,
viseformann og kasserar. Kvinnene fekk kjennskap til protokoll, rekneskap,
årsmelding vedtak og reglement for utsendingar til større møte. Dermed
fekk kvinnene også leiartrening.
Allereie i 1858 drog den først kvinna ut i teneste
for misjon.
Rundt år
1900 utgjorde kvinner og misjon den største og breiaste kvinnerørsla. Berre Det Norske Misjonsselskap (NMS) hadde i
underkant av 4000 foreiningar.
Etter
kvart blei mønsteret med kvinneforeiningar som tilhøyrer ein eller annan
frivillig organisasjon ikkje berre ein del av det etablerte kristne arbeidet,
men også samfunnslivet elles.
Sverre Sten fortel i Historisk tidsskrift (1948) at misjonsforeiningane
kom først. Etter dei kom det ei bølgje med avhaldsorganisasjonar og sosiale
hjelpeorganisasjonar. Deretter kom foreiningar for ulike yrkesutøvarar, idrettsforeiningar
og politiske foreiningar.
Røysterett,
først og sist.
«Eg kan ikkje forstå at ikkje Ola-Guri kan dra av
garde å røysta sjølv, men må ha med han Ola til å gjera det. Ho styrer no med
alt heime, både til kvardag og fest, og ho har nok kviskra han i øyra kva han
skal røysta også. Så ho kunne no like godt ha levert røystesetelen sjølv»[5].
Kvinnesaka nådde tidleg prestegardane, og
gjennom foreiningane fekk mange kvinner sitt først møte med dei nye tankane. I
ettertid kan me trygt seia at kvinner og misjon er eit stort paradoks i
kvinnesakshistoria. Det har festa seg eit intrykk av at misjonsmiljøa er
konservative. Ikkje fekk kvinnene bli prestar og ikkje fekk dei røysterett
overalt. Samstundes skreiv misjonskvinnene seg inn i historia som dei som fekk
røysterett svært tidleg, i NMS allereie
i 1904 og ved soknrådsval ikkje lenge etter.
Då Det
Norske misjonsselskap feira 50 års-jubileet i 1892, var det stort frammøte
til gudstenester og møte. Utsendingane måtte ha reservert plass, noko bare
mennene hadde. Det førte til at kvinner ikkje kom inn. Dette gjorde inntrykk på
leiaren Lars Dale. Han ville gi dei røysterett.
Og slik blei det. Ved generalforsamlinga
i 1904 fekk kvinnene i dei alminnelege misjonsforeiningane røysterett og kunne veljast som
utsendar til kretsforsamlingar og generalforsamling. Om det tok nokre år før vedtaket var på
plass, var det like fullt 9 år før kvinner fekk røysterett ved Stortingsval.
I
tillegg fortel historia, som ikkje handlar om årstal og namn, ei sterk historie
om kvinna si rolle i misjon, i kvardag og organisasjonsliv, som ein først no
har fått augo opp for. Forskarar, både
i Norge og Sverige, seier no: «Det må ha vært en nær
forbindelse mellom kvinnefrigjøringen på 1800-tallet og misjonskvinnenes liv og
virke. Men dette hadde vi ikke klart for oss da vi begynte med våre
forskningsarbeider … En hittil ukjent del av kvinnehistorien handler om
misjonskvinnene. På 1800- og tidlig på 1900-tallet, ble det akseptabelt for
nordiske kvinner å reise ut for å utøve religiøs gjerning. Der ute opplevde
kvinnene å ha større handlingsrom enn sine medsøstre hjemme. Misjonskvinnene
fikk respekt, de ble selvsikre - og dette fikk betydning også for kvinnene
hjemme.» (Okkenhaug).
Då kvinnene lærte organisasjonsarbeid og
økonomistyring gav dette grunnlag for å ta del i det som hadde vore mannen sitt
domene.
Geografi,
solidaritet
Det er
kanskje ikkje tilfeldig at Norge har ein aktiv bistandspolitikk og gjerne har
meklarrolle i internasjonale konfliktar. Nordmenn flest har vakse opp med
internasjonal solidaritet. Og det er i stor grad misjonskvinnene si
forteneste. Dei gav ikkje av si overflod, men klarte å heva blikket, sjå at
andre trengte det meir enn dei sjølv, og gav trufast år etter år, og la dermed
grunnlag for ein gjevarkultur.
Geografikunnskapen
til misjonskvinnene var imponerande. I stovene på Fitjar og på Huglo blei
Madagaskar like nært og kjært som Stavanger eller Kristiania.
Kontakt med det fjerne og ansvar for det
nære. Kystkvinner var kjende med dette. Sunnhordland hadde kontakt med omverda. Her blei det bygd skuter som
gjekk på alle vershava, og skipshandel førte sunnhordlendingen både til
Nord-Norge, Østersjøen og fjerne himmelstrok.
Fest og basar - og kvardagar
Etter
kvart som det blei bygd bedehus, flytta mange kvinneforeiningar og andre
samlingar i stor grad ut frå prestegardane. Nokre av organisasjonane som kom til, hadde ikkje
lenger så tydelege band til kyrkja mellom anna på grunnlag av ulikt syn på
embede og leiing.
Mange stader var bedehuset største huset
i bygda. Alle var fortrulege med huset som samla bygda til julefestar, gravferd
og andre store hendingar.
Og så kom basaren som samla store og
små. Det er ikkje for ingenting at i ei tid der basaren er blitt meir sjeldsynt,
har omgrepet «fest og bassar» overlevd.
Basar; med bordsete og hygge, gav utsyn
langt utom eiga tronge heimbygd. Ein var med på noko stort. For borna var
basaren ein stor og spennande og festleg leik, men for dei som skipa det til,
var det noko anna, ei frivillig plikt, ansvar for misjon, ute og heime. For
ungdomen ei kjærkomen samling.
Men også ei god sak som basaren, kunne
tydelegvis ha sine utfordringar. I 1876 måtte leiinga gi ei påminning. Det er gledeleg
at ungdommen møter mannsterke frem til basarene. Men «mange er kommet i Nød
desangaaende» . Likevel skal ein ikkje gå til «udryddelsekrig mot basarane. Ein
må ikkje ta avstand frå basaren, men minner om at den må vera «gjennomstrømmet av Kristendommens Ånd».
Og
basaren overlevde. Over 135 år seinare seier, seier Kari Sortland Sæter til
nytt fra Normisjon: «No er festen over, og me har hatt det kjekt» Ho er leiar
av Huglo Santalforening og er oppglødd over 100-års festen i Huglo bedehus
28.oktober 2012. Der møtte 55 personar til festen. Det er 60 prosent av alt
folket som bur på Huglo i Sunnhordland.
Misjonskvinnene lærte tidleg å dela med dei som hadde lite. Bilete: "Sideblikk"/M E Totland |
Sjølvforståing allereie då
«Når me ser tilbake, har det sikkert
sett sitt preg på bygda og heimane. Eldre og yngre møter opp på basar og møta
er rundt om i heimane,» blei det skrive i 1900.
Hovudsaken var sjølvsagt å samlast om
Guds ord og høyra nytt frå misjonsland
til oppmuntring og motivasjon til vidare arbeid. Men det var likevel ikkje
alltid det samlande. Leksikon seier til og med at det var foreiningar der dette
hadde liten plass: «Det allmennmenneskelege samvær med hygge og bevertning var
i hvert fall hovedsaken, og i en del tilfelle den eneste». Når dette er skrive
og redigert av representantar for dei store misjonsselskapa som skulle skrive
si eiga historie, fortel det mykje om misjonsorganisasjonen si sjølvforståing.
Førebyggjande barne- og ungdomsarbeid
Kvinner har stått for mange
små og store samlingar for born og unge i bedehus og stover. Stemning,
samlingar som har gitt dei unge oppleving av å bli sett, å bli tatt vare på. Dei
har vore med i ein fellesskap, dei har lært å dela, dei har lært om misjon. Dei
har høyrt Guds ord. Det er ei side av misjonsarbeidet; indre- og ytremisjon
Det er også ein del av det førebyggjande arbeidet i bygdene våre.
Har det virka førebyggjande, halde unge
vekke får vonde opplevingar og strie kampar i livet? Svaret finn ein berre
fullt ut om ein hadde visst korleis det hadde gått desse unge om det ikkje
hadde vore noko førebyggjande arbeid som dei kunne vera med på. Det svaret er
ikkje tilgjengeleg. Likevel held mange kvinner fram med å førebyggja, og å
byggja, år etter år.
Velkomne
etter, godt folk!
«Korleis var det i si tid? Kultursnobbane våre i
Akersgata flirte av dei gamle konene som dei sa spøta ullsokkar til negerungane
i det varme Afrika, medan dei same kultursnobbane tala rørande ord om og lata
dei lukkelege naturfolka i urskogen i fred og, utan minste samvitsanke, trekte
alle økonomiske fordelar av dei billege råvarene frå kolonitida der ute. Har
ikkje desse gamle misjonskonene, dersom dei lever, fått herleg grunn til å
seia. «Velkomne etter, godt folk! Har De og sistpå oppdaga at det lever folk i
Afrika og at ikkje alt er fryd og sutlause under tropesola?»
Per Lønning, 1987
Mange har sine tankar om kva ei
misjonskvinne er, og domen over livsstil og oppdrag har variert gjennom tidene.
I eit foredrag på Moster sette biskop Per Lønning ord på dette. Og han sa det
så treffande at eg låner orda hans.
Vidare peikar Lønning på korleis misjonsarbeidet
ute har skapt ringar i vatn, med kyrkjer som står opp mot raseundertrykking og
økonomisk utbyting. Og seier at ein må sjå så stort på det at kvar einaste ein
som aktivt har stødd opp under misjonen si sak, har sin vesle aksje i dette arbeidet.
Korleis
hadde det vore?
Hans Landstad åtvara mot foreiningar som
«sveisa kvinner frå ulike stender og med ulik utdanning kunstig saman og slik
drog kvinnene på ein unaturleg og skadeleg måte inn i det offentlege liv».
Bispinne Gitlesen i Tromsø meinte samlinga ikkje skulle vera berre for
kvinnene, men at dei skulle vera for familiar eller fellesforeiningar for menn
og kvinner.
Hadde det blitt det samme?
Rokkan peikar på tre elver som har
utgjort ein motstraum i samfunnet vårt: Målsaka, avhaldssaka og den religiøse
lekmannsrørlsa. Dei står alle tre nær kvarandre. Kvar for seg ville dei hatt avgrensa styrke,
men samla blei dei ei motvekt mot den dominerande bykulturen, (Rokkan, 1987).
Hadde
ikkje kvinnene gitt si kraft til den eine elva som utgjorde straumen, hadde
historia då blitt
annleis?
annleis?
*****
"Følg ikke i de eldres fotspor, men søk det de eldre søkte".
Kinesisk ordtak
Litteratur
Christie
Elisabeth: Prestegårdsliv, Minner frå
norske prestegårder, 1 og 2, Land og kyrkje, 1966/1967
Clayhills Harriet: Det store lappeteppet, også ei kvinnehistorie,
Det norske samlaget, 1984
Eriksen, Morten red.: Ordet og sverdet, Historiske foredrag på
Moster, 1984-1993, Verbum 1993
Elstad Åsa: Kystkvinner i Norge, Kom forlag, 2004
Hodne Ørnulf: Kvinne og mann i norsk folkekultur, Cappelen 2002
Horgen Jan E.: Norske prestegarder, folk og hus, Landbruksforlaget, 1999
Endå
kann klokkone kalla, Kvinnherad kyrkje 750
år,
Gamlemisjonen
100 år, Nordfjord Samskipnad av NMS, Ørsta
1981
Kvinnhersminne
– Årbok XV
Norskmisjonsleksikon, Nomi, 1967
Ordets
folk, Det Vestlandske Indremisjonsforbund,
1898-1998, Johannes Kleppa og Paul Odland, Sambåndet forlag, 1998
Artiklar på nett:
Gudrun Urd Sylte: Misjonen som ikkje ville misjonere,
4.12.2008. Forskning.no
Anne Hjort Larsen: Våre formødre: Misjonskvinnene, 30.10.2003
Miled: Misjonsvekkelsen –histoiren om de mange kvinner, Satora 31.05.2010
Illsutrasjonane er oljemåleri som er å finna i den digital utstillinga Galleri Nauthydlaren
Illsutrasjonane er oljemåleri som er å finna i den digital utstillinga Galleri Nauthydlaren
[1] Det
finnest fleire versjonar av denne folketonen. Den mest kjende er av Edvard
Grieg (1843-1907) etter Kaia Gjendine Slålien.
[4] Skrive ved Norsk misjonselskaps 100 årsjub.
[5] I somme av bygdene våre var det ikkje sjeldan konene blei omtala
og plasserte ved hjelp av namnet på mannen framføre sitt eige. Ola-Guri er då Guri, kona til Ola.