Rusleturen eg hadde rundt i bygda for eit par dagar sidan, fekk meg til å dvela ved tanken på at nokre menneske er blitt gøymde vekk opp gjennom tidene. Og det har skjedd her kor eg bur, på Valen. Men den korte turen under dei 100 år gamle trea i hellinga ned mot fjorden, fortel også andre historier. Mellom anna historia om fyrstikkfabrikken.
Allereie i 1869 var det aktivitet langs elva her. Kraft frå den strie straumen gav grunnlag for ein aldri så liten fyrstikkfabrikk. Skiltet som er hengt opp i skogen, fortel om fabrikken. Ein stor arbeidsplass for kvinner og barn på den tida i ei lita bygd, kan det seiast å vera. Om det var særleg med HMS-krav til handsaminga av fosfor i fyrstikkproduksjonen, kan me berre tenkja det me vil om.
Fabrikken var berre i drift fram til 1877, men folk visste å ta i bruk krafta frå elva også etter den tida. Allereie i 1910 stod det første kraftverket her klart. Kraftverket skulle gi straum til det store nye sjukehuset som skulle koma: Valen sjukehus, - som framleis er i bruk. Sjukehuset her blei dermed det første sjukehuset i landet med elektrisk oppvarming, og berre slottet og ei kyrkje i Oslo var tidlegare ute av offentlege institusjonar.
Elva produserer kraft i dag også, men eit nyare anlegg, eit steinkast lenger oppe i elva, tar seg av produksjonen.
Meir omValebygda: Eg bur trygt ti minutt frå eit psykiatrisk sjukehus
TAP, (2022), ein historisk roman frå Skudenes på 1880-talet, den nyaste boka mi, er ein frittståande oppfølgjar til "Alt vel". Den kan kjøpast ved sms til 98060938, kr 200,- inkl porto. (Alt vel: kr 200,- inkl porto).
Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.
Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.
Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:
lørdag 5. mai 2012
Elvestraum til liten flamme og nyttig kraft
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Veldig morsomme og interessante ting du forteller på denne bloggen! :)
SvarSlettTakk for hyggjeleg tilbakemelding. Eg finn historier og oppslag når eg er på leit etter noko anna, og då er det fort gjort å leggja det inn her. Det er bifangst, på eit vis. Kjekt at det kan vera til glede for andre :)
Slett