Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

torsdag 8. september 2022

Då mannskapet på Sildøy redda liv.



Det er juli og året er 1941.

Fire (svært) unge gutar frå Bergenskanten vil over til England for å kjempa på alliert side mot nasistane.

Dei prøvde å få bli med på båtar som gjekk i Englandsfart, men lukkast ikkje. Så tok dei saka i eigne hender. Førebudde seg. Handla og skreiv avskjedsbrev til foreldra.

Så la dei av garde ut over det opne havet.

Nokre dagar var havet velvillig og let dei komma seg avgarde. Men så blei det tøffe dagar. Til slutt kom dei inn til Skudeneshavn, utmatta og tomme for ferskvatn. Her var dei heldige og kom seg inn mot land utan å bli observert av tyske vakter. Mannskapet på Sildøy var på veg mot land, då dei oppdag robåten. 

60 år seinare var gutane tilbake i Skudenes og møtte redningsmennene sine. 


Ein av gutane skreiv ei dagbok etter minne då krigen var slutt. Den fekk far, Rolf Høines, og slik blei den med i boka "Med handemakt og hestekraft". Over 16 sider er historia fortalt, både om det som hende i 1941 og korleis det var å møta dei som berga livet deira.

Boka kan kjøpast hos meg for kr 150,- inkl. porto. (bestilling til 98060938). Kanskje er det også nokre eksemplar igjen hos bokhandelen.

Ein av gutane er no blitt ein svært gamal mann. Sonen hans kontakta meg i vinter, og no skal alle etterkommarane få seg ei bok der historia er med. I tillegg  har sonen bedt meg mala redningsaksjonen. Det har eg gjort. Eg har bygd på informasjonen i dagboka. Sildøy har eg eit fått ganske nye bilde av, men sidan me skal tilbake til1941, har eg bygd på eit eldre bilde av båten. Truleg er Sildøy blitt noko endra med åra.

Då møtet mellom gutane og redningsmennene skulle arrangerast skulle ein tru det var lett å få tak i mennene det gjaldt. Men det tok si tid. Dei som hadde redda livet til dei fire gutane, hadde ikkje snakka så mykje om det som hende. "For me snakka aldri om det som skjedde under krigen", sa dei.



  ***
                                                              

Eg malar ein del, også andre bilde med kulturhistorisk motiv. Mykje av det nyaste finn du her: www.marittotland.no

Og eit Skudenesbilde fekk bli omslag til boka Tap som kjem i løpet av oktober.


Det er meir å lesa om dette kvar dag fram til boka kjem her.

Vil du allereie no bestilla boka og få den frakfritt tilsendt med signering for kr 290, kan du melda di interesse med SMS til 98060938. :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar