Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

onsdag 29. august 2012

Nasjonalbiblioteket - eit skattkammer

Ikkje alle lengtar til Nasjonalbiblioteket. Men eg gjer det.
Der er mange skattar vel tatt vare på. 
Og eg får lov å sjå dei, ta i dei, lesa i dei.
I Nasjonalbiblioteket går fortid og notid hand i hand. 
Du søkjer på data etter nyheter frå 1800-talet. 
Du bruker dagens teknologi i eit ærverdig bygg, eit bygg som er tatt vare på, samstundes som det er tenleg som biblioteket. 
Det er ei oppleving å vera der.
Bli med inn ein liten tur:

Datamaskinar og skanna aviser gøymer skattar. Men noko av det gamle er framleis i bruk, ikkje berre til pynt.

Nytt og gamalt, hand i hand.

Gamle bøker, førsteutgåver, i original. Vakkert!

Her er takhøgda stor. Alle velkomne!

Jomfruelege 1880-talsaviser? Ja, når eg er førstemann som opnar boksen etter kopiering, så kan det vel kallast jomfrueleg?


Gotisk er det geitt å kunna når ein les aviser frå 1800-talet.

Veiledninga, det vil seia dei som kan gje deg råd og vink om korleis du bruker biblioteket og kva du finn der, kan du følgja på Twitter: @NBveiledning

lørdag 25. august 2012

Vikingskipet Draken på besøk i Skudeneshavn


100 mann må til for å ro Draken, 25 årepar med to mann på kvar åre!
I dag, 22.9 var det stolte skipet på besøk i Skudeneshavn. Og stolte kan dei vera dei som bygde det største vikingskipet i verda: 36 meter.

Flott å sjå det staselege skipet. Slik har eg tenkt om vikingskip:

Så lenge eg kan hugsa har Karmsundbrua vore der.
Så lenge eg kan hugsa har eg høyrt om vikingane som sigla gjennom Karmsundet.
Derfor: Vikingane sigla under Karmsundbrua.
Logikken er enkel.
Og brua ligg i terrenget som om den alltid har vore der,
sjølv om den bryt med det flate landet og den like flate øya.
Men i mine augo er sundet og brua to sider av same sak.

Berre eit minne frå barndomen?
Må det dokumenterast?

Javel.
Med desse måleria
er det dokumentert
at vikingane sigla under Karmsundbrua.

Eit minne til har eg:
Vikingane møtte for stri straum
og nokre gjekk ned i Karmsundet
med skattkister fulle av sølv og gull.
Eg skulle bli stor,
læra meg å dykka,
og henta opp skattane.

Eg lærte aldri å dykka.
Derfor er den sida av saka ikkje dokumentert.
Berre derfor..

Så er det en kar her som meinar det bør vera bilar på brua.
Men det var ikkje bilar i vikingtida.
Det får vera grenser for historieforfalsking.




Måleria er for sal. Du finn pris og andre opplysningar  her: Galleri Nauthydlaren

mandag 6. august 2012

Gode tips dersom du har tenkt å bada


Frå «Husmoderens Blad», 
1896, 
av Fru Erna Juel Hansen.

Juel Hansen er uroa for dei unge jentene. Mødrene sender dei på landet for at dei skal få farge i kinna,  men dei kjem tilbake like bleike. Men ho har funne ut kva som er problemet:
«Forsøg, høystærede Frue, at regulere den Tid Deres Datter er i Vandet; sandsynligvis ligger Hunden der netop begravet.»
«Å gid , nei, jeg fryser ikke,» sier jentene når mødrene vil ha dei opp etter nokre minutt, og det som kunne vore eit sunnhetsbad, blir øydeleggjande for dei, skriv Juel Hansen. Ho har ein del konkrete råd til dei unge jentene:
1.       Hurtig avkledning
2.       Kryp ikkje i vatnet, spring eller kast deg uti.
3.       Skrik eller kvin ikkje
4.       Bli ikkje lenger enn 3-5 minutt i vatnet
5.       Svøm og rør på deg mens badet varer.
6.       Frotter huda godt
7.        Syt for at du ikkje blir kald etter badet
Utover dette tilrår Juel Hansen symjing på det sterkaste fordi det styrkjer dei områda der jentene ofte er svake: Det styrkjer nervene, gir mot og «resoluthet».
Meir av den då så kotroversielle teksten, kan du lesa her; digitale aviser,nasjonalbiblioteket

fredag 3. august 2012

Følg den røde tråden!


Kven har ikkje brukt uttrykket "rød tråd" og trudd at ein visste kva det var? Ein fellesnemnar, noko som går igjen?

Først no har eg lært kva denne kjende tråden eigentleg er. Ein kveld hadde me besøk av ein godt vaksen mann som skulle læra oss her i huset å spleisa tau. Då han såg at me hadde kvitt tau med ein orange tråd i, sa han at den engelske marinen alltid hadde ein rød tråd i alt tauverk. Dermed visste dei kva tau som tilhøyrte marinen. Seinare har uttrykket vandra frå den engelske marinen og rett inn i kvardagsspråket vårt.

Sidan eg fekk denne nye kunnskapen, måtte eg dele han med flere, og la det ut som ei twittermelding.
Straks meldte  Christian Sømme at dette ikkje måtte forvekslast med rød tape.
Det endte med fylgjande replikkveksling som syner at kunnskapsdeling både skjer via sosiale medier og sosiale samankomster som ein kaffekopp i spleiselag.


I dag har eg lært at den kjende raude tråden kjem frå den britiske marinen som hadde ein raud tråd i det elles kvite trådverket - kjennteikn 

  Raud teip er noko anna

 Uenig i forklaringa? Har lært å spleisa i dag og lærte om den raude tråden


nei, men det er et idiom/begrep som er "red tape" som betyr byråkrati

Jepp, lang trad. i England at dokumentbunker ble bundet med røde bånd. Mulig Henry VIII-story er apokryfisk, altså.
 Red tape? Artig! Trodde det kom av noe som var vanlig i byråkratidokumenter tidlgere
 Stammer visstnok fra Henry VIII sønad til paven om å annullere ekteskap, vedlagt seglene til 65 prester/embetsmenn
Interessant. Korleis kan me bruka omgrepet i dag? Har de eit døme?  
"I'm applying for maternity benefits, so I'm wading through red tape for the moment" = mange skjema og formaliakrav

 Vanlig valgløfte for am. presidentkandidater, "cut through the red tape" = fjerne byråkrati, gjøre livet enklere 

"Cut through the red tape" kan også bety å omgå bestemmelser og byråkrati...

Takk for ny lærdom! Er fare for at eg kan få bruk for uttrykket raud tape..