For du veit vel at du ikkje kan plassere det kor som helst, -ikkje om du skal følge reglnae for ein finare engelsk heim som Willaiam Salmon lista opp i ei bok i 1675:
"La hallen utsmykka med måleri av hyrdar, bønder, budeier, saueflokkar og liknande…
La trappeoppgangen ha bilde av imponerande monument og bygningar, anten dei er nye eller i ruinar, slik at folk kan sjå dei når ei går forbi.
La måleri av landskap, jakt, fugle-jakt, fiske, moderne og antikke historier pryde det store kammeret, men mottakingsrommet bør ha bilde av lystige emne, som Bacchus, kentaurer, satyrar og liknande, men unngå alle obskøne motiv.
Det er i galleriet ein plasserer dei beste bilda, særlig historiske måleri, for der kan ein gå roleg og sjå på og studere dei, oppleve velvære, vurdere og bedømme dei.
I soverommet hengjer ein opp bilde av sin eigen familie, kone og barn, for det er det mest private rommet. Ein av grunnane til det er at ein unngår - dersom ein har ei svært vakker kone - at ein gjest skal sjå lenge og grådig på henne og kommentere arbeidet på grunn av henne."
Måleriet ovafor som eg nett har måla etter å ha gått i munkane sine fotefar på Halsnøy kloster , skal då kan henda hengja i trappeoppgangen?
..............
Fleire av bileta eg har måla kan du sjå på det digitale galleriet mitt her
Velkomen innom!
