Bokpakke - tre bøker - kr 300,- (+ porto: 100,-)
Som dotter til far min vil eg alltid vera interessert i lokalhistorie. Når no foreldra mine i Skudeneshavn er borte, blir det ikkje så mykje meir eg kan formidla vidare frå dei. (Sjølv om eg har nokre kassar med minne og dokument liggjande). Men mykje er allereie samla mellom permar, og nokre av bøkene er framleis i sal. Dei som ikkje har desse i hylla si, kan få kjøpa dei tre siste i ein pakke for kr 300, - ved å senda epost til marit.totland@knett.no
Dei tre bøkene er:
Blåstrømpe, historisk roman frå Skudeneshavn på 1800-talet, då dei kvite segla måtte gi tapt
Etter å ha lese ein god del slektshistorie frå heimplassen min, og sett nærare på historia til Skudeneshavn, slo det meg at livet mellom dei kvite husa i Søragadå i 1870-åra var meir ulikt det livet eg kjende, enn eg før hadde trudd.
Slik vaks historia om Karina fram, tenestejenta som kom frå Stavanger for å få seg huspost. Ho blei ikledd alle dei kleda eg fann. Hendingane er frå mange ulike personar, men familiemønsteret, lagnadene, miljøet og utviklinga i Skudenes er henta frå historia. Men personen og koplinga av hendingar er vevd saman i ein historisk roman, med ei fiktiv verd inn i den reelle.
Husker du?
Boka Alt vel, om Islandsfisket og storstormen i 1884, får du i tillegg. Den er oppfølger til Blåstrømpe.
Litt meir om innhaldet i desse bøkene og andre bøker frå Nauthydlaren, finn du her: Nauthydlaren forlag
Nauthydlaren bok og bilde - marit.totland@knett.no
Akkurat nå er det slekt og slikt på den bestes av oss' side, men jeg skal ha dem i tanene.
SvarSlettKlem :)
Slekt krev sine boksider, ja..
SlettForliset til "Captiva" . Dette har jeg et litt spesielt forhold til. Min første båt, var en liten 12 fots robåt. Denne hadde i mange år ligget oppå bjelkene oppimot taket på sjøhuset, ytterst i Kanalen også kaldt "Løveburet" som min bestefar Kasper og hans bror Ingvald Heggheim leide til lager i mange år. Min far fortalte at dette var livbåten til Captivia. Jeg lærte meg å ro i denne og brukte den flittig i min barndom. Så denne boka må jeg bestille :-)
SvarSlett