Det brenn i vest!
Ja, kva anna skal ein tru?
Når naturen byr på stemningsgfullt lys, skremmande lydar og uventa hendingar,
har me alltid funne ei forklaring.
No for tida trur me at me veit alt.
Før fann dei også forklaringar.
og dei fleste låg "over vår forstand".
Nøkken, huldra, og troll fekk skulda når nokon blei skremde.
I min barndom var det "den sorte dame"
som luska i skumringa.
Etter kvart har fornuften tatt heilt over, og når me fortel om det ein trudde på,
skaper me avstand til det og seier:
- Det var ein gong...
Prost Jørgensen blei utfordra på miden av 1800-talet.
Kyrkjefolket ville vita om prosten trudde på huldrer.
Han svara klokeleg: "Har de været, saa er de her ennu!"
Pragmatiker?
SvarSlettMan søker forklaringer, det har vel mennesket alltid gjort. Og for å komme med Stabels ord. Det er mer mellom himmel og jord, enn de fleste andre steder.
Ha en flott dag.
Mormorklem.
Nå har du sånn ekkelt igjen. Jeg er da ingen robot???
Fint at du seier ifrå om robotsjekken. Som du ser, så har eg to bloggar: Ut av uføre(t) og "Det var ein gong". Trudde eg hadde endra innstilling på begge, men har visst ikkje det. Skal prøva bli kvitt det her også.
Slett