Her ligg ruinane etter eit Augustinerkloster bygd kring 1300. Det har vore klosterdrift på staden heilt sidan 1100-talet.
Det er fasinerande og gå mellom dei gamle steinmurane og tenkja tilbake på klosterlivet. Opp frå bryggja her har folk kome nattestid for å søkja ly bak klostermurane. Her har munkar av ulik grunn funne kvardag med meditasjon, bøn og arbeid. Her har det også vore "harde tider" då reformasjonen kom til vestlandet. Johannes Heggland skildrar i bøkene sine korleis denne brytningstida kunne arta seg for munkar så vel som for den vanlege kyrkjegjengar.
Alle som arbeider med blyant, pensel og pallett, bør ta ein tur til Klosterhagen.
Motiva finst kor du enn snur deg.
Les meir om klosteret: http://www.sunnhordland.museum.no/side.aspx?nr=60
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar