Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

fredag 1. juni 2012

Hald ikkje reven din for narr!


Sidan Totlandnamnet for mange vekker minne om reveal på vestlandet, må me innrømma det først som sist: Ja, det er "Reva-Totland" - namnet me har heile gjengen her i huset. Ole M. Totland var svigerbestefaren min, og han var mellom dei første som importerte rev frå Canada.

No er det slik at ikkje alle etterkomarane er like stolte over at oldefaren fekk fortenestemedalje for å ha vore med å redusera rovdyrflokkane i landet. Men alt til si tid. Og kvar tid har sin tenkemåte. Det viser fylgjande rettleiing som blei gitt til revepassarane på 1920-talet:  

 ”Revehagen din må jamt vera nummer 1 for deg. Den må ikkje vera noko du fyrst tek til å tenkja på når du er ferdug med det andre arbeidet ditt. Revane fyrst og fremst, det trur eg er ein god leveregel for ein revepassar.


Når du kjem inn i revehagen din, anten det no er morgon, middag eller kveld, so gakk ikkje der halvsovande, drøymande eller i tankar på alle andre ting enn dyri dine. Ver vaken!

Og gjev deg god tid! Småprat med dyri dine! Dei likar det, og ser på deg med dei kloke, gaumsame augo sine, som vilde dei lura ut kva det no er du hev på hjarta i dag.

Far stilt, opna og lat att både port og dører utan bråk! Hav litt knask, rosinor, fiker eller liknande i lumma di av og til og freist å få dei til å eta det av handi di! Med dei fleste vil det lukkast fyrr eller seinare. Skræm aldri dyri dine og hald dei aldri for narr! Dyr hugsar godt. Hunden t.d. gløymer seint eller aldri eit fantestykke eller eit prette du hev gjort han. Eg tenkjer det er like eins med reven.

Det det gjeld um for deg er å skapa tiltru, få dyri til å lita på deg som ein ein trugen ven som aldri vil dei anna enn vel. Det er utruleg kor langt ein kann nå i denne leidi, um ein tek det på rette måten og hev det rette tolmodet, det hev eg personleg røynsle for.

Eg sa du måtte vera vaken, Ja det er nett det du må. Det er mange ting å merka seg i ein revehage. Sjå vel på kvart dyr og studer det, men gjev deg ikkje til å stå og nidstira på det. Det likar ikkje reven. Han trur då helst det er noko gale eller fårleg på ferde og finn det tryggast å smetta i skjol.”

Sogn og fjordane fylkesleksikon skriv om svigerbestefar. Her med ein rev, ikkje bak øret, men bak ryggen/leksikon