Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

onsdag 30. desember 2015

Juleheftet overlever jula!


Snart tid for å pakka vekk jula? Men du har vel ikkje tenkt å kasta juleheftet?
I mange år har eg tatt vare på Smørbukk, Stomperud, Finbeck og Fia og resten av gjengen. Lagt dei fint vekk i eit skap.

I år lurte eg på om eg skulle kjøpa fleire hefte. Er det no sikkert nokon har glede av dei?

Svaret låg i i ei eske. Eller rettare sagt; det kjem til å liggja i ei eske. Tanken slo meg; om ikkje heftet blir lese i år, eller blei satt pris på i fjor, så kjem det nye år. Og kvifor skal dei gamle liggja bortgøymde?

Ei pappeske blei derfor kledd med julepapir, og gamle og nye julehefte fekk sin plass i den. No står ho fint plassert i stova. Kvart år framover skal det fyllast på med nye hefte. Og så eitt år - vil nye lesarar bli interesserte. Og gamle lesarar vil mimra.

Frå no av skal eska med julehefte ha sin faste plass i stova heile jula -  og nytttårshelga med!

fredag 4. desember 2015

Brev frå Skaaluren, 1882.

Kontakt har det vore mellom Skudeneshavn og Kvinnherad, lenge før mi tid, sjølvsagt. Og kjekt var det å koma over dette brevet fra Knut Skaaluren frå 1882 til kjøpar i Skudenes då eg rydda i gamle dokument tilhøyrande Historielaget i Skudeneshavn. Han fortel at slupp Rosendal er bygd hos han, og oppgir dei måla den nye eigaren treng. 

Høfleg tone og flott handskrift. 
Her har me noko å læra i dag.

Har du opplysningar om slupp Rosendal, legg dei gjerne i kommentarfeltet her.

Det eg har funne, er at sluppen forliste ved  juletider i 1907 på heimtur frå Gotland med eit mannskap på tre. Den var då eigd av Haugesundsreiar Sakkestad, men assurert i Skudeneshavn. Kvifor brevet er stila til Pedersen i Skudenes må eg finna ut av. Både kven av "Pedersane" dette var, og kva tid han selde vidare til Haugesund.
Det er truleg Martin A Sakkestad (f 1851) og kona Aasa (f 1858)  som eig skuta når den forliser.  Han er kalla skibsfører og trælasthandlert i folketellingane. I 1900 bur dei i Haraldsgata 22, eit hus med fire bueineingar. I dei andre tre bur det også styrmenn med familie og tenerar.
Når eg seier at Marin og Aasa eigde Rosendal, er det fordi Aasa ser ut til å ha vore ei aktiv kvinne. Allereie ved oppstarten rundt 1890 var ho med i styret for Haugesunds Sjømanns- og skipperforening.
 
Her er glimt frå avisene som handlar om forliset i Stavanger Aftenblad, Norges Sjøfartstidende, Kysten og Fredrikstads tidende: