Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

onsdag 25. januar 2012

Ikkje akkurat høgfartsbane



Det er over 100 år sidan Karmøy trudde at det skulle koma jernbane til øya. Noko høgfartsbane som me snakkar om i dag, var det ikkje tale om, men eit framsteg ville det bli. Ei heilside i Haugesunds Avis, 15. november 1915, fortel om stor optimisme og samling om saka i heile distriktet. Avisoppslaget viser til eit felles møte mellom Haugesund og kommunane på Karmøy. Både amtmannen og ein stortingsmann deltok på møtet.

"Men skal her bli tat et løft, maa en se stort paa saken. Bygdepolitik maa holdes væk fra først av. Alle maa samles om det fælles store," sa formannen i kommunikasjonskomiteen dr. Rønnevig.

Stemninga var høg. Mange ordførarar talte for prosjektet, sjølv om det var snakk om mykje pengar; heile 2 million. Ordførar Valentinsen syntest dette "slett ikke var noget avskrækkende beløp". Han hadde allereie sendt søknad til Stortinget, men meinte ein ikkje trengte venta på svar derifrå før ein starta arbeidet. Andre meinte at ein burde leggja saka fram for herradstyrene først, så ein fekk gi seg litt tid.

Og tid skulle det bli nok av. Me som vaks opp på 60-talet, veit at bussruta over Karmøy heitte Karmøyruta, og den var driven av NSB som ei forlenging av Sørlandsbanen. Ei siste helsing frå jernbaneprosjektet frå1915?

Det var ikkje første gongen Karmøy hadde planer for korleis dei skulle koma nordover, landevegen, ikkje berre sjøvegen.  I 1861 handsama Skudeneshavn kommune ei sak om ei dilligencerute som skulle gå tvers over øya. Teikningar og anbod låg føre. Dilligencen skulle byggjast i Glasgow, den skulle trekkast av fire hestar og den skulle bringa 10-12 passasjerar over øya.



15 år seinare var det framleis korrespondanse som handla om det store framsteget: hestedrosje over øya. Men det blei med korrespondansen.


Meir om desse samferdsleprosjekta: Svunne tider og forsvunne hus, Rolf Høines forteller, M E Totland, Nauthydlaren forlag