Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

tirsdag 25. juni 2013

Namnet: Nauthydlaren

Nauthydlaren - eit merkeleg namn?
Frå eg var lita, høyrte eg om Nauthydlaren, og om "Longe-Dererk", som stadig redda sauene våre.




Artikkelen står å lesa i "Med handemakt og hestekraft" der far, Rolf Høines, fortel.
Har du ikkje boka, eller bøkene, der han fortel, er det eit tilbod på desse her: Bokpakke

lørdag 22. juni 2013

Prest med integritet.

"Og sidan kom då lensmann inn og presten",
heiter det i visa om hestehandelen, sikkert som utrykk for at no var makta samla.

Og mykje makt var samla på få hender før i tida. Ofte var presten også ordførar.
Slik var det på Fjelberg. Og lensmannssonen på Fjelberg på 1940-talet skriv godt og lesverdig om dette her: Fjelberg prestegard. Barndomsminne.

Her fortel han mellom anna om då presten møtte seg sjølv i døra. Ikkje slik me tenkjer: at han måtte gå tilbake på det han tidlegare hadde gjort. Nei. Han møtte seg sjøl i døra og gav det svaret han skulle gi.

Far hadde også merka seg at presten, Sverre Aarseth, respekterte maktdelingsprinsippa i det moderne samfunnssystemet. På vegner av soknerådet sende han ein gong ein søknad om ei lita pengeløyving til Fjelberg kommune.  ”Alle” rekna med at det skulle gå greitt, ”for presten er jo sjølv ordførar”. Undringa blant bygdefolk var stor då det kom eit svarbrev, visstnok underteikna av Sverre Aarseth sjølv, med blankt avslag. Far, (lensmannen) undra seg ikkje.