Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

tirsdag 30. august 2016

Å rekonstruera ei stavkyrkje utan å lyga

Det er risikabelt å prøva seg på å rekonstruera ei kyrkje 300 år etter at den blei riven. Men det er verd eit forsøk, særleg når det er så mange kjelder som hjelper til eit godt stykke på veg.
Fram til 1735 stod det ei stavkyrkje i Åkra i Kvinnherad. Bygd på dei opplysningane som finnest, har eg måla kyrkja slik - frå ein periode der det var lenge sidan ho hadde sett ein tjørekost.
Men så ser eg på biletet. Og tenkjer: Stod det ei så flott kyrkje innerst i fjorden? Er eg blitt lurt av nasjonalromantikk og flotte teikningar? Eg ser på måla, lengde og breidde, og trur kyrkja heller var noko enklare. Så lagar eg eit enklare bygg, men no med ferskt tjørelag:


Men eg blir ikkje trygg på at dette er rett heller. Eg får sjekka kjeldene. Og det veks fram ei minst like fin kyrkje som den på det første biletet her. Me veit nemleg:
Det var omgangar som blei vølte. Og det var svalgangar som bles ned. Altså var det tre etasjar med tak.
Taka var dekte med spon, altså brune trefliser/stokkar. Det gjekk med uhorveleg mengder tjøre til tjørebreiing.
Lister blei skifta titt og ofte.
Stigen som skulle oppbevarast var 24 alen. Då er storleiken passe til at det går an å gjera reperasjonar på taket i dette bygget.
Tårnet var utan spir, men bygd frå grunnen. Altså: Det var ingen takryttar eller eit spinkelt tårn. Men utan spir og bygd frå grunnen: kva vil det seia? Eg får sjekka fagkompetansen før eg seier meg ferdig med bildet.
Nordre dører er nemde i tillegg til inngangsportalen.
Dessutan er det gått med mykje pengar til reinhald av ornamentene. Altså var kyrkja dekorert.

Så langt tyder mykje på at det var ei staseleg kyrkje.
Men for å vera sikker, går eg til professor Dietrichson og hans verk frå 1882 om stavkyrkje i Norge. Han nemner Åkra kyrkje. Og han nemner henne saman med kyrkjene av Borgund-typen, altså dei flottaste kyrkjene.
Desse kyrkjene blei ofte bygd inne i fjordane på vestlandet, står det å lesa. Kanske eg skal våga meg på eit endå flottare bygg? Men det er ikkje kjekt å bli tatt for å overdriva. Det er blitt gjort opp gjennom historia. Fotograf Knut Knutsen tar bilde av ei gamal stavkyrkje i Fortun i 1883. Den såg då slik ut:
I 1890 blei denne kyrkja riven og bygd opp att på Fantoft i Bergen. Då gjenoppstod ho i denne forma:

Når eg får tenkt meg om, skal eg måla dei endelege bileta av slik eg satsar på at Åkra kyrkje såg ut. Men først skal eg lesa fire bøker om stavkyrkje som eg har kjøpt på nettantikvariat. Måleria vil bli lagde på Galleribloggen min der det også er mange andre malingsstrok: her