Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

tirsdag 13. desember 2016

Skudeneshistorie fram i lyset


Ja, slik markedsføres den siste boka mi. Og jeg kan ikke la være å føre tradisjonen videre fra far som så ofte sa:
Det var en gang...

Derfor står det også:
Du husker Rolf Høines? Han som samlet og samlet, men aldri ble en skrotnisse. Som la grunnsteinene for det som nå har blitt et fantastisk museum, og alltid hadde en god historie på lur. Du husker han? Nå har datteren, Marit Elisebet Høines Totland, tatt arven videre. I den historiske romanen «Alt vel» forteller hun om hvordan flere titalls skuter og fiskebåter fra Karmøy og Haugesund forliste i den dramatiske Normannastormen på Island, der de hadde reist for å følge silda. Over natten var mer enn 300 sjømenn skuteløse, mens koner og barn gikk hjemme i Skudenes og ante fred og ingen fare. For i det siste telegrammet, stod det bare: «Alt vel» Men alt var ikke vel, og resten er - som det heter - historie.
Denne historien er nå samlet mellom to permer, og er selvsagt til salgs hos din lokale bokhandel!

Og for de som ikke kjente far, er det noen ord å lese her: Det var ein gong ein far, bestefar og oldefar

søndag 13. november 2016

Kva gjorde kobolten med tenestejentene?


På Museet i Mælandsgården presenterte Nina Sele tenestejenta og hennar livsvilkår i sommar. Me var innom ein tur, og Nina fortalte mellom anna at det ofte var blåfarge på kjøkenveggane på 1800-talet fordi fargen inneheld gift som tar livet av innsektene som elles trivdes så godt saman med maten. Det var nytt for meg. Heldigvis fekk eg vita om det så tidleg at eg fekk malt kjøkkenveggene blå i boka mi  Alt vel. I den boka fortel også eg om tenestejentene i skippergarden. Fantastisk at ei av mine sambygdingar frå tida på Bømlo fortel om jentene i barndomsbyen min, Skudeneshavn. Og det same året som eg skriv om dei!
Men kva med tenestejentene? Kva gjorde kobolten med dei?

Alt vel kan lesast som ein oppfølgjar til  Blåstrømpe som handla om korleis Karina kom til Skippergarden og blei tenestejente der. I Alt vel møter me henne som skipperfrue som har sendt skip til Island.

fredag 28. oktober 2016

No er boka her, "Alt vel", om stormen 11.september 1884

Så er boka klar for levering i butikk. 1.november skal den vera på disken. Og eg gler meg. Det er nervepirrande å leggja fram ei ny bok, men også ei stor gleda å få dela historier med andre som eg meiner har verdi å bringa vidare.

I Skudenes skal eg få presentera boka under SilkeSenior, fredag 4.11 kl 13.00
I Kvinnherad blir presentasjonen på Bergslagen på Sunde, onsdag 16.november kl 18.00

Mange båtar frå Vestlandet, særleg frå Karmøy og Haugesund, drog til Island på sildefisket i 1884, Langt frå alle båtane kom tilbake.



ISBN:
9788281631014
Forlag:
Kapabel
162 sider

kr 329


Boka kan kjøpast på nett, i bokhandel



 og hos meg: marit.totland@knett.no






tirsdag 30. august 2016

Å rekonstruera ei stavkyrkje utan å lyga

Det er risikabelt å prøva seg på å rekonstruera ei kyrkje 300 år etter at den blei riven. Men det er verd eit forsøk, særleg når det er så mange kjelder som hjelper til eit godt stykke på veg.
Fram til 1735 stod det ei stavkyrkje i Åkra i Kvinnherad. Bygd på dei opplysningane som finnest, har eg måla kyrkja slik - frå ein periode der det var lenge sidan ho hadde sett ein tjørekost.
Men så ser eg på biletet. Og tenkjer: Stod det ei så flott kyrkje innerst i fjorden? Er eg blitt lurt av nasjonalromantikk og flotte teikningar? Eg ser på måla, lengde og breidde, og trur kyrkja heller var noko enklare. Så lagar eg eit enklare bygg, men no med ferskt tjørelag:


Men eg blir ikkje trygg på at dette er rett heller. Eg får sjekka kjeldene. Og det veks fram ei minst like fin kyrkje som den på det første biletet her. Me veit nemleg:
Det var omgangar som blei vølte. Og det var svalgangar som bles ned. Altså var det tre etasjar med tak.
Taka var dekte med spon, altså brune trefliser/stokkar. Det gjekk med uhorveleg mengder tjøre til tjørebreiing.
Lister blei skifta titt og ofte.
Stigen som skulle oppbevarast var 24 alen. Då er storleiken passe til at det går an å gjera reperasjonar på taket i dette bygget.
Tårnet var utan spir, men bygd frå grunnen. Altså: Det var ingen takryttar eller eit spinkelt tårn. Men utan spir og bygd frå grunnen: kva vil det seia? Eg får sjekka fagkompetansen før eg seier meg ferdig med bildet.
Nordre dører er nemde i tillegg til inngangsportalen.
Dessutan er det gått med mykje pengar til reinhald av ornamentene. Altså var kyrkja dekorert.

Så langt tyder mykje på at det var ei staseleg kyrkje.
Men for å vera sikker, går eg til professor Dietrichson og hans verk frå 1882 om stavkyrkje i Norge. Han nemner Åkra kyrkje. Og han nemner henne saman med kyrkjene av Borgund-typen, altså dei flottaste kyrkjene.
Desse kyrkjene blei ofte bygd inne i fjordane på vestlandet, står det å lesa. Kanske eg skal våga meg på eit endå flottare bygg? Men det er ikkje kjekt å bli tatt for å overdriva. Det er blitt gjort opp gjennom historia. Fotograf Knut Knutsen tar bilde av ei gamal stavkyrkje i Fortun i 1883. Den såg då slik ut:
I 1890 blei denne kyrkja riven og bygd opp att på Fantoft i Bergen. Då gjenoppstod ho i denne forma:

Når eg får tenkt meg om, skal eg måla dei endelege bileta av slik eg satsar på at Åkra kyrkje såg ut. Men først skal eg lesa fire bøker om stavkyrkje som eg har kjøpt på nettantikvariat. Måleria vil bli lagde på Galleribloggen min der det også er mange andre malingsstrok: her

lørdag 27. februar 2016

Sagogryn får ein sjanse


Det er fem år sidan eg skreiv bloggposten:  Gi sagogryn og økseskaft ein siste sjanse. 

Fleire gonger har eg leita etter sagogryna i butikkhyllene i det siste. Forgjeves. Eg sukka og tenkte at den nok var gått i gløymeboka. Men så ein dag dukka gryna opp att, i ny innpakning. Derfor dette innlegget, som vel eigentleg er reklame, men la gå med det.

Sagogryn er ikkje spesielt sunt, men det er ein tradisjonsberar og eit godt alternativ til ferdigkjøpt dessert. Og no seier ekspertane at om du strevar med søtsug, skal ein ha noko søtt til dessert, så blir ikkje dragninga mot sjokoladeskuffa så stor resten av dagen.
Og det er jo nesten sunt: Sagogrynspudding med lune bær, bjørnebær eller andre bær du har i fryseboksen på denne tida av året. Det er min favoritt!

Korleis hugsar du at sagogryna blei brukte? Har du ein favoritt? Del den gjerne med oss andre her i kommentarfeltet.

mandag 15. februar 2016

Namna som fortel historie


Nesten kvar dag fyller me ut eit adressefelt, og me skriv inn adressa nesten utan å tenkja oss om. Etter kvart som me har fått vegnamn, har eg vore svært så heldig med namna som er blitt "mine".
Barndomsheimen min ligg no i Skomakerveien i Skudeneshavn. Betre kunne det ikkje bli for oss som hadde farfar, Jakob, sin skomakerverkstad i kjellaren.
På Bømlo budde med i Stølane og på Husnes i Stølshaugsvegen, - namn som fortel om gardsdrift og stølar nær gardane.
No bur me i Eplehagen. Det er eit så fint namn at når eg skal oppgi adressa, er det nokon som kommenterer: Å, så koseleg!

Sidan me bur i Eplehagen, må me sjølvsagt ha epletre. Det var ein heil hage lenger nede ved vegen, før i tida. No er det vår tur til å planta. Så kan komande generasjonar sjå kva adresse me har, smaka på eplene og minnast bestemor og bestefar i Eplehagen. Bestefar i Eplehagen kan du lesa meir om her