Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

Viser innlegg med etiketten fortelling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fortelling. Vis alle innlegg

tirsdag 21. mai 2013

Lokalhistorie frå Skudenes, - bokpakke


Bokpakke - tre bøker - kr 300,-  (+ porto: 100,-)


Som dotter til far min vil eg alltid vera interessert i lokalhistorie. Når no foreldra mine i Skudeneshavn er borte, blir det ikkje så mykje meir eg kan formidla vidare frå dei. (Sjølv om eg har nokre kassar med minne og dokument liggjande). Men mykje er allereie samla mellom permar, og nokre av bøkene er framleis i sal. Dei som ikkje har desse i hylla si, kan få kjøpa dei tre siste i ein pakke for kr 300, - ved å senda epost til marit.totland@knett.no

Dei tre bøkene er:
Blåstrømpe, historisk roman frå Skudeneshavn på 1800-talet, då dei kvite segla måtte gi tapt
Etter å ha lese ein god del slektshistorie frå heimplassen min, og sett nærare på historia til Skudeneshavn, slo det meg at livet mellom dei kvite husa i Søragadå i 1870-åra var meir ulikt det livet eg kjende, enn eg før hadde trudd.

Slik vaks historia om Karina fram, tenestejenta som kom frå Stavanger for å få seg huspost. Ho blei ikledd alle dei kleda eg fann. Hendingane er frå mange ulike personar, men familiemønsteret, lagnadene, miljøet og utviklinga i Skudenes er henta frå historia. Men personen og koplinga av hendingar er vevd saman i ein historisk roman, med ei fiktiv verd inn i den reelle.


Husker du?
Ei samling tekstar som får oss til å tenka tilbake - faktisk 150 år - med stopp i kvar generasjon. skriven av Rolf Høines, Marit E Totland, Josef G. Larssen og nokre representantar for den yngre garde.

Josef G. Larssen er også kalt Vestlandet sin Prøysen. "Det skal bli andre boller når paben kjem heim", er ei av dei mest kjende visene hans.

Boka oppfordrer til å skriva ned eigne minne, og kan vera ei hjelp til å få det gjort, til glede for dei som kjem etter oss.


Med handemakt og hestekraft 
Den siste boka som er utgitt der Rolf Høines fortel. Dei to første er utselde.

Korte og lengre historier om smått og stort som snart går i gløymeboka:
Overskrifter: Lag og organisasjoner, Leirduekasting, Rettigheter og plikter, Fisk og vilt og tamme blåbær, Sanne og kanskje sanne historier m m
Dessutan meir alvorlege hendingar som:
Da Høineslosen mistet skøyta si, forliset til "Captiva" og "Roald Amundsen" og fortellinga om den dramatiske roturen til tre gutar som ville krysse Nordsjøen frå Sotra til England under krigen.
...

Boka Alt vel, om Islandsfisket og storstormen i 1884, får du i tillegg. Den er oppfølger til Blåstrømpe.
Litt meir om innhaldet i desse bøkene og andre bøker frå Nauthydlaren, finn du her: Nauthydlaren forlag

Nauthydlaren bok og bilde - marit.totland@knett.no

mandag 23. april 2012

Kven gløymde å fortelja kor kong Magnus Lagabøte blei gravlagd?

Kong Magnus Lagabøte er funnen i veggen i Bergen domkyrkje etter 732 år.

732 år er lang tid, og sjølvsagt kan mykje gløymast på så lang tid. Spørsmålet er berre: Kva tid glapp det? Kven var det som gløymde å fortelja vidare til neste generasjon kor grava var?

Eg har fleire gonger vore på Gran på Hadeland og besøkt systerkyrkjene. Det er mange hypoteser om kvifor det er to slik like kyrkjer langt ute på landsbygda, men ingen veit heilt sikkert.
Dei som bygde kyrkje nummer to visste heilt sikkert kva dei gjorde. Kvifor blei dette gløymd? Kven gløymde å fortelja det vidare?

Svartedauden la bygder aude. Skrivekyndige folk forsvann. Mykje historie gjekk bokstavleg talt i grava med dei. Eller er det slik at det har vore så tøffe tider, at folk har hatt meir enn nok med å klara kvardagane, om dei ikkje i tillegg skulle fortelja historia?

Me får aldri svaret. Men me får ei påminning om at det er viktig å bringa vidare historia til neste generasjon. Og det må gjerast av kvar einaste generasjon, elles blir historia vekke.

Derfor bør me oppgradera historiefortellinga. Fortell lokalhistoria vidare.
Sett i gong: Det var ein gong..

søndag 19. juni 2011

Båtbyggjaren

Då eg vaks opp høyrte eg stadig fortellingar om fiskarar og båtar. Etter kvart har Skudeneshavn fått fleire bein å stå på, men framleis er fisken så sentral at ein butikk godt kan finna på å setja ein slik plakat på døra. Og sidan det er ein fiskeutstyrsbutikk, er det kan henda ein slags reklare: Dra på fisketur du også, og kjøp utstyret her.


Ei av fortellingane eg fekk med meg, var om den stakkars mannen som skulle byggja seg ein båt, men som aldri fekk arbeida i fred.
Han var så vidt komen i gong, då det kom ein mann som ville gje han gode råd: - Slik må du gjera, sa han, og peikte og forkarte.
-  Ikkje slik!

Ikkje lenger etter kom det ein annan mann. Han hadde også svært så gode råd å gje.

Slik gjekk den eine dagen etter den andre. Det enda med at mannen blei så irritert etter å ha prøvd ut mange halvgode råder, at han heiv heile båten over garden.

Så starta han på ny.

Og ikkje lenge etter, var dei der att, menene med dei gode råda.  Men no hadde mannen fått nok. Han peikte over garden og sa: - Viss du er interessert i å byggja båt, kan du fortsetja på den som ligg der som eg har fått "så god hjelp med". For den som eg held på med no, vil eg byggja sjølv.

Ordtaket frå Stavanger byggjer nok på sam røynsla: "Byggjer ein hus etter kvar manns råd, så kjem det aldri beint å stå."