Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

lørdag 20. oktober 2012

Kva fortel skrifta om han som skreiv dette?


















Handskrift er spor etter levd liv. Kva fortel den skrifta om mannen som skreiv dette brevet?

Eg arbeider med ein biografi om den mannen, og er etter kvart blitt litt kjend med han. Men skrifta hans får meg stadig til å undrast: Kva kan skrifta fortelja meg?

Eg kan røpa at mannen var fødd i 1849, og dette brevet er skrive i 1918. Då var han nærare 70 år.

Å tyda handskrift er visst nok ein eigen kunst. Det er likevel interessant å høyra kva assosiasjonar og tankar "folk flest" gjer seg med eit slikt brev framføre seg. Vil du vera med å byggja eit bilete, så legg att di vurdering i kommentarfeltet.

Eg veit ganske mykje om denne mannen. Dersom noko av det du skriv stemmer med det eg allereie veit, er det vel grunn til å tru at suplerande opplysningar også gir eit hint om korleis han var.

Tar du utfordringa?

Kjenner du nokon som har vurdert handskrift på denne måten før, så send det gjerne vidare!

No kjem boka om han som skreiv slik:  Garborg og Skou - forskjell på folk?