Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

lørdag 25. februar 2012

Hulda Garborg «reinska» dagbøkene til mannen, Arne Garborg, før utgjeving

Også dette at enhver som er mistænkt for en Forbrydelse strax skal i Avisen med fuldt Namn. Hænder det da aldrig, at en mistænkt er uskyldig? Og er det ikke mord godt nok, at udsætte en uskyldig for slikt?

Det er ikkje noko nytt å omtala mistenkte slik at dei kan bli dømde som skuldige, før retten har sagt sitt. Hulda Garborg tok til motmæle mot dette. Sundag 26.mars 1916 tok ho fram dagboka si og skreiv dette .  «Mord godt nok?»  Ho sparte ikkje på konfekten.

Redigerte med hard hand.
Hulda Garborg sine dagbøker er tilgjengelege for oss, sjølv om det nok er Arne Garborg sine dagbøker som er mest kjende. Men Hulda hadde ein finger med i spelet der også, Då dagbøkene til husbonden skulle gjerast offentlege, redigerte ho dei. Dermed blei omlag 25 % av innhaldet ikkje tatt med, er det sagt.

Så ligg det altså tekstar som ikkje er komne fram i dagen i Nasjonalbiblioteket sine sirleg sorterte boksar, og sidan eg er på leit etter alt som handlar om Garborg sin barndomsven, Martin Johan, må eg finna ut om desse boksane har noko å fortelja meg.

Vel framme i hovudstaden blir eg vist inn i spesiallesesalen, biblioteket sitt aller heilagaste. Og der, framføre meg på bordet ligg dagbøkene; handskrivne, hundre år gamle, men krøllfrie og reine som om ein butlar skulle ha hatt ansvaret for å førebu dei for meg.

Med ei utgåve av Garborg sine trykte dagbøker plassert til høgre på pulten, gir eg meg i kast med oppdraget: Kva var det Hulda ikkje ville at me skulle lesa? Har ho pynta på mannen sitt ettermæle, eller har ho berre tatt vekk uinteressante avsnitt?

Samanlikninga tar til, og eg oppdagar snart at det er rett at Hulda har tatt bort mykje, kan henda meir enn 25 %. Inn i mellom er veker med dagboknotat borte. Andre stader er det berre mindre avsnitt som er plukka ut.

Komen litt tettare inn på teksten, slår det meg at Hulda har vore stø i utplukkinga. Eg finn ulike type tekstar som er vekke:

1.    Avsnitt der Garborg fortel om Hulda og sonen der innhaldet er av relativt familiær karakter.
2.    Omtale av personar Garborg var i ordskifte med der han nyttar sterke ord som apekatt  ol om sine debattantar
3.    Avsnitt der Garborg bringer vidare opplysningar om einskildpersonar, opplysningar som han gir uttrykk for at han ikkje veit om er sanne eller ikkje, (sladder med andre ord). Likeins lite fordelaktige opplysningar om privatpersonar som Garborg kjende, men som ein ikkje kunne reknast for å vera av ålmenn interesse.
4.    Vurderingar av utviklinga av krigen som gjekk føre seg på denne tida.


Etter mange timar med mysing mot dei gamle papira er eg så å seia ven med handskrifta til Garborg. Og eg er ikkje mindre ven med Hulda. Vel heldt ho tilbake ein del informasjon då ho redigerte bøkene, informasjon som eg har god bruk for no. Men kva gjer vel det, når originalbøkene er tilgjengelege. Eg fann det eg var på jakt etter. Det var av kategori 3 ovafor: lause rykte. Ho viser at ho levde etter si eiga overtyding om ikkje å døma uskuldige på grunnlag av lause rykte, og tar vekk skuldingane. Eg støttar Hulda si vurdering: Når ein ikkje kan gå inn å leggja til noko i ein originaltekst, kan det vera like greitt å la papiret teia. Slik kan tvilen koma tiltalte til gode, om du vil.

Vel ute på trappa framføre det monumentale nasjonalbiblioteket blir eg samd med meg sjølv om at Hulda gjorde ein god jobb, så langt eg har funne ut. Ho gjorde husbonden noko tammare, men me veit jo likevel at det var krut i han. Og at sidevis med vurderingar av ein krigssituasjon i ettertid ikkje er av så stor interesse for dei fleste, hadde ho nok rett i. Dei ville kan henda heller ført til at svært få ville gi seg i kast med dagbøkene hans.

Så kikar eg tilbake mot dei mektige dørene inn til nasjonalskatten av bøker, og får ei kjensle av å vera ein svært liten del i ein stor samanheng. Slike tankar får eg fordi eg beit meg merke i eit avsnitt frå dagboka som var altfor aktuell, også i dag, til ikkje å bli lesen av fleire.

Så ver så god: Her er eit dagbokavsnitt! Og sidan Hulda ikkje har fått ta vekk kraftuttrykka, er det gjort no, heilt i tråd med Hulda si redigering:

Aari aukar og Magti minkar. Daa visst minkar arbeidskrafti. Eller... naah; det er visst ikkje so mykje Krafti. Men det er det som knapt er betre: Arbeidshugen minkar. Arbeids Mode. Eg er so sjeldan i Arbeidslag; Tankar og Syner som fyrr so gjerne søkte Papire, vil no heller svive fritt. ---

Det er Alderen, veit eg. For med Alderen kjem Visdomen; di eldre ein vert, di meir ser ein og di mindre ”trur” ein. Med mine 64 Aar er eg alt so gamall at eg tek til aa ”sjaa historisk: ser at alt gjeng sin Gang, og at me som vil ”fram”, eller vil ”staa stilt”, eller ”gaa tilbake”, er berre Hjul og Hakar og reimar i Maskina og elles ingen Ting. Live er Fossen som driv; med Hjuli driv det eine det andre, me skyna ikkje at me sjølve vert drivne; me trur at me er sjølvkraft eller Drivare av mystisk Magt, - til dess me vert so gamle at me slitnar, ikkje gjeng so stort lenger, og Dermed fær meir tilhøve til aa sjaa og tenkje.., daa skynar me meir og meir korleis alt heng i hop, og at Maskina gjeng like godt um ho maa byte eit Hjul eller ei Reim stundom. Kannhende vert me eit Grand flate, med same me ser dette, ser me det humoristiske i Situasjonen, - dei som daa ikkje hev det paa den maaten at ”Sinne aukar etter som Magti minkar” - og smiler so smått; men ”Arbeidshugen” dovnar, og meir og meir undrast ein paa, um der i Grunnen er mest Meining” i den Tidi daa ein ”stend still”, - den Tidi som ein søv burt. For den gamle vert kvila meir og meir det naturlege, og det um han so hev Arbeidskraft; ”Alderdoms Ro” hev sin djupaste Grunn i, at ein endleg ”skjønar Humbugen” og ikkje hev det minste imot aa gaa ut or den Dansen, der ein ikkje gjekk inn, men vart sett og paa ein Maate narra inn ... um då det ein gong skulde so vera.

Dagboka 25.1.181

No kjem boka om Garborg og Skou: Garborg og Skou - forskjell på folk?