Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

søndag 16. oktober 2011

Fortæl om hesten og den nytte, vi har av den


Ein finn litt av kvart når ein ryddar i bøker etter tre generasjonar. Og ein finn litt av kvart i  "Sandnes folkeskole. Beretning for aarene 1910-19915." Her er eit lite knippe med kjekke utdrag:

- Lærarane si grunnlønn var kr 1400 og lærerinnene kr 900
- Oppåve i norsk ved avgangseksamen: "Fortæl om hesten og den nytte, vi har av den"
- Timefordelingstabellen viser at 1. - 3. klasse har til saman 4 timar i veka med "Iagttagelsesundervisning"
- Den austlege halvkule blei innkjøpt som undervisningsmatriell
- Biskop Støylen besøkte skulen i mai 1915 og heldt barnegudsteneste den 20. same månad
- Gymnastikkundervininga er i løpet av femåret inspisert 2 gonger av major Lois Bentzen
- Kvart år er det planta ut 3000 nåletreplanter på kommunen sin eigedom ved Gisketjern
- Undervsininga for kvart born hadde auka frå 36 til 46 kr i femårsperioden.

søndag 2. oktober 2011

Åra auka og makta minka - Garborg filosoferte over verdien av å skriva

Arne Garborg var ein skrivande mann all si tid. I mørke periodar gjekk det trått, men han heldt seg likevel til skrivinga. På sine gamle dagar kjende han på minkande arbeids- og skrivelyst. Og kva gjorde han med det? Han skreiv om det sjølsagt:

Aari aukar og Magti minkar. Daa visst minkar arbeidskrafti. Eller... naah; det er visst ikkje so mykje Krafti. Men det er det som knapt er betre: Arbeidshugen minkar. Arbeids Mode. Eg er so sjeldan i Arbeidslag; Tankar og Syner som fyrr so gjerne søkte Papire, vil no heller svive fritt; kva hev dei paa Papire aa gjera?

Det er Alderen, veit eg. For med Alderen kjem Visdomen; di eldre ein vert, di meir ser ein og di mindre "trur" ein. Med mine 64 Aar er eg alt so gamall at eg tek til aa "sjaa historisk: ser at alt gjeng sin Gang, og at me som vil "fram", eller vil "staa stilt", eller "gaa tilbake", er berre Hjul og Hakar og reimar i Maskina og elles ingen Ting. Live er Fossen som driv; me Hjuli driv det eine det andre, me skyna ikkje at me sjølve vert drivne; me trur at me er sjølvkraft eller Drivare av mystisk Magt, - til dess me vert so gamle at me slitnar, ikkje gjeng so stort lenger, og Dermed fær meir tilhøve til aa sjaa og tenkje.., daa skynar me meir og meir korleis alt heng i hop, og at Maskina gjeng like godt um ho maa byte eit Hjul eller ei Reim stundom. Kannhende vert me eit Grand flate, med same me ser dette, ser me det humoristiske i Situasjonen, - dei som daa ikkje hev det paa den maaten at "Sinne aukar etter som Magti minkar" - og smiler so smått; men "Arbeidshugen" dovnar, og meir og meir undrast ein paa, um der i Grunnen er mest Meining" i den Tidi daa ein "stend still", - den Tidi som ein søv burt. For den gamle vert kvila meir og meir det naturlege, og det um han so hev Arbeidskraft; "Alderdoms Ro" hev sin djupaste Grunn i, at ein endleg "skjønar Humbugen" og ikkje hev det minste imot aa gaa ut or den Dansen, der ein ikkje gjekk inn, men vart sett og paa ein Maate narra inn ... um då det ein gong skulde so vera.
Dagboka 25.1.1915


Meir å lesa:  Av same rot som Arne Garborg