Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

torsdag 27. mai 2021

Djupdykk i nb.no kastar nytt lys over flodbølgja i Skudeneshavn på 1860-talet.

Ei høg bølgje kom inn mot land. Vatnet forsvann frå hamna. Så kom det tilbake med full styrke. - Ei flodbølgje? I Skudeneshavn?

Ja, på 1860-talet skal dette ha skjedd. Og eit slikt naturfenomen blir det sjølvsagt snakka om i lange tider. Ulike variantar av hendinga tar form etter som tiåra går. Naturleg nok. Til no har me berre hatt desse munnlege overleveringane å stø oss til når me skal finn ut kva som hende. Og kva tid det hende.  

Eg har gravd etter nærare opplysningar. Og eg fann. Så no blir nye opplysningar lagde til landets skred-database. Og slik gjekk det til under leitinga:

I nyare tid har både lokalhistorikarar og fagfolk spekulert, studert og diskutert seg i mellom utan å finna utvilsame svar. Sjølv er eg oppvaksen med far, Rolf Høines, sin variant av historia, den han hadde frå ei samtale med Ludvig Syre, 5. juni 1980, som eg har på kassetten i skattkista ved sida av meg her i stova. Den historia handlar om sjøhus som blei tatt av bølgja. Og siste tida har eg malt sjøhus, slik dei blei rekonstruerte i kolteikningar av Skudenesmannen, Arnt Nornes (1917-1986).

Og mens penselen går, har tankane gått:

-         Når var eigentleg denne flodbølgja? Det verserer så mange årstal, både blant historieinteresserte og ekspertar; 1862,1863, 1865?

-          Var det eit jordskjelv som forårsaka bølgja?

-          Viss bølgja var så stor, kvifor er det ikkje meld om dette frå andre stader langs kysten?

-          Kva skreiv avisene om hendinga dagane etter?

Avisene frå 1860-talet blir no tilgjengelege. Dei opnar ei dør til historia som lenge berre har stått på gløtt. Eg gjekk inn gjennom døra som heiter nb.no, Nasjonalbiblioteket sin portal, som lar oss lesa gamle aviser og bøker. Det er som å ta fram avisa for å sjekka kva som hende i går, berre at eg flyttar meg tilbake til 1860-talet.

Ganske snart fann eg spor å gå etter i arkiva, sjølv om årstala forvirra meg. Men leitinga gav resultat. Ja, eg fann mykje meir enn det eg leitte etter. Eg fann ein rapport, laga like etter hendinga med den store bølgja. Presentert av den høgaste autoriteten på meteorologi i landet. Seint ein kveld, bøygd over datamaskina, hadde eg mest lyst til å reisa meg og ropa: Eg fann. Eg fann! Men eg nøgde meg med eit lite hopp på kontorstolen, og ei rask avgjer om at eg med dette funnet hadde lovleg grunn til å grava i gamle dokument utover natta.

Men la oss starta heime i Skudeneshavn. Kva opplevde dei der denne vårdagen? Korleis reagerte dei når havet oppførte seg så underleg? Me kan lett sjå for oss kvinner og menn som møttest, rådville, forvirra, ja, kanskje også litt skremde. Og ungar som følgde med på det dei vaksne sa og sjølv lagde sine eventyrlege teoriar om kva som kunne ha hendt. Det me har høyrt, og som no er stadfesta av kjeldene, er at Kristian Larsen Stave stod på utkikksvakt på Havnafjellet. Han var rorkar for tollvesenet. Men denne dagen var det ikkje eit skip kikkertauga fange inn. Nei, ei stor bølgje kom innover mot land. Han sprang ned til Havn for å melda ifrå så folk kunne berga seg og sitt så godt dei kunne.

Etter å ha sett tsunamien på Thailand i 2004 på fjernsynsskjermen, kan ein få svært vonde og bilde på netthinna når ein høyrer om ei bølgje som nærmar seg land. Det er lett å skjøna at rorkaren skunda seg ned til Søragadå som var sentrum i Skudeneshavn på den tida. Truleg fann han vegen til Holmen, der både sjefen, tollkasserar Andersen, og telegrafen heldt til.

Det gjekk over i likaste laget. Ingen mista livet. Men Andersen, som også var ordførar, tenkte at dette var så spesielt at det må meldast til «øvrigheta». Han skreiv til amtmannen i Stavanger Amt same dagen. Og fordi Stavanger Amtstidende fekk tilgang til dette brevet i sin heilskap og trykte det 13.mai, kan me lesa det no:

Da magistraten (lensmannen), i dag er fraværende på forretningsreise, tror jeg at (jeg) burde meddele Hr. Amtmannen en begivenhet som i dag er inntruffet her på havnen og som er av så usedvanlig beskaffenhet, at ingen kan erindre noe lignende.

Under en svak bris av sydlig vind, så at neppe vannet kruset seg, oppstod det plutselig i den indre havn en så voldsom strømning at alle fartøyer gikk i drift, først mot utløpet av havnen og derpå tilbake og så atter igjen ut og tilbake; Klokken var omtrent 10 formiddagen, da strømningen begynte, og ½ time deretter var vannet rolig.

Under den forvirring som oppstod, er intet menneskeliv gått tapt, derimot er 12 fartøyer blitt mere og mindre beskadiget og adskillige båter knust. En pram med sten sank og fra et av havnevesenets mudderapparater reddet mannskapet seg med nød og neppe i land.

Hva som er årsak til dette fenomenet, er visstnok ikke godt å avgjøre, dog har det i de par siste døgn vært et ualminnelig stråk/strømning i vannet, hvortil kommer en usedvanlig sterk brytning ved skjærene, uaktet vinden til dels har vært fralands og i det hele tatt flau, så at man har vært forberedt på uvær, hvorfor fartøyene var fortøyde, som om det var en storm i vente. Fra havet er strømningen kommet til den indre havn fornemmelig gjennom Lahammer-sundet, hvorimot de på den indre havn liggende fartøyer ikke hadde merket noen særdeles oppgang av sjøen, som imidlertid skal være sporet på den sydvestlige del av Karmøen, uten at det vites at den har forårsaket skade. Man har fremsatt den gisning at den omtalte strømning måtte kunne være virkningene av en skypumpe, men herom tør jeg for mitt vedkommende ikke ha nogen begrunnet formening. Barometeret var falt litt og det regnet sterkt.


Det er mykje nytt å lesa om hendinga i brevet til amtmannen. Noko av det eg likevel stanser ved, er dateringa. Me er i 1867, eit år eg til no ikkje har sett at nokon har meint at flodbølgja var.

Det var ikkje berre i Skudeneshavn folk opplevde at havet oppførte seg annleis denne dagen. Fleire aviser skreiv om det, og Morgenbladet, Den norske Rigstidende og Correspondenten følgde opp med å sitera vestlandsavisene.

I Flekkefjord hadde det vore dramatisk.

«Klokka var mellom 10 og 11 og det tordnet:

..tilfellet inntraff  idet elven nesten utstrømmet så den var omtrent lens for vann, og ett blant flere fartøyer som lå ved bryggen, måtte man fastgjøre med trosser i land for at det ikke skulle kantre. Ved samme leilighet ble noen fartøyer i den grad beskadiget at deres baugspryd ble brukket samt mistet en del tauverk. Et av fartøyene tørnet mot en Hr. kjøpmann Bosted tilhørende sjøbod og splintret en del av bordkledningen på samme. En båt, som lå lastet med tønnestav, kantret, så at lasten ved vannets stigning fløt ut over fjorden. Noen arbeidere som stod på en tømmerflåte og var i ferd med å reparere en overfor broen liggende slupp, var også så heldige å komme tids nok i land. Og så vidt vites skjedde ingen ulykke. Det hele stod på en kort tid og innen noen minutter var den alminnelige vannstand atter igjen i elven. En meget svak jordrystelse lot seg på samme tid merkes. (Avisa Agder).

Avisene oppsummerer hendinga som «et merkelig naturfenomen, som kan skyldes jordskjelv eller lignende vulkanske hevinger». «Hendelsen er fremdeles gjenstand for gisninger og diskusjoner». Skudeneshavn, Vestsida av Karmøy, Kvitsøy og Flekkefjord merka verknaden av dei «underjordiske eller undersjøiske bevegelsene».

Dette fortel avisene oss om det som blei opplevd, sett og høyrt denne vårdagen i 1867. Men den andre kjelda mi, den eg fann djupt inne i plasmaskjermen på pc’en ei natt, etter å ha fulgt den eine referansen etter den andre, og til slutt enda opp med eit vedlegg til eit foredrag i Videnskabs-selskabet i Christiania, den skildrar hendinga sakleg og fagleg. Og den stadfestar at året er 1867. Foredaget var halde av H. Mohn og handla om oppbygginga av eit meteorologisk institutt ved universitetet. Vedlegget viste korleis han hadde samla inn opplysningar siste tida og hadde tittelen: Meddelelse angaande en usædvanlig Bevægelse af Havet paa Norges Vestkyst den 7de Mai 1867.

Henrik Mohn (1835-1916), som heldt foredaget i hovudstaden, var blitt den første direktøren på det nyoppretta Meteorologisk Institutt, berre fire månader før flodbølga. Der var han i gong med forsking på klima og vêr og fekk etter kvart på plass stormvarsling og daglege vêrmeldingar. Han fortener ein presentasjon: Det var ein gong ...: Meteorologisk observatorie i Skudenes på 1860-talet, eit av dei første i landet..

Neste gong me ser på vêrmeldinga, kan me senda Mohn ein varm tanke. Og så er det litt kjekt å tenkja på at Mohn sende ein varm tanke til Skudenes rett som det var. Han hadde nemleg ein avtale med telegrafdirektør Nielsen om å få bruke telegrafbestyrarane på utvalde stader i landet til å melda frå om vêr og vind tre gonger dagleg. Og Mohn valde seg ut Skudenes som stad for eit observatorie, saman med Kristiansund, Ålesund, Mandal, Sandøsund i Hvasser og Dovre. I tillegg skulle det observerast frå ein del fyr langs kysten. I 1866 var han rundt på desse stadene for å inspisera måleinstrumenta.

Med trente observatørar som sjekka vêret til faste tider, blei flodbølgja rapportert same dagen som den kom inn mot Skudenes, og dette stod å lesa i Morgenbladet dagen etter:

Det meteorologiske Institutt melder i dag: Siden i går er Barometeret falt, sterkest nordenfor Stat hvor det står lavest. Vinden er SO eller østlig, laber. Temperaturen er stigende …

Kl. 10 ½ meldes fra Skudenes et voldsomt plutselig sjødrag, sydlig vind og fallende barometer.

Dermed visste meteorologisk institutt om den usedvanlege hendinga, og Mohn sende spørjeskjema til medarbeidarane sine rundt om på fyr og telegrafstasjonar for å få vita meir. Dei blei bedne om å svara på spørsmåla om «fenomenets begynnelse og varighet, vannets fall og stigen, lyder og rystelser og om gjenstander falt over ende». Svara fyller seks A-4-sider. Og ved hjelp av dagens teknikk sit eg med det 150 år gamle vedlegget framføre meg, ei fysisk utskrift, nokre timar etter at eg kom på sporet etter dei. Utan å ha kontakta nokon. Utan å ha fått noko i posten: Dataalderen har verkeleg si oppside!

Mohn viser til velvillige bistand frå Fyrdirektøren og Telegrafdirektøren i rapporten før han gjer greie for observasjonane:

-         På strekninga Haugesund og Lindesnes blei det meldt om uvanlege hendingar, med unntak av på Utsira og i Farsund. Det var tôrever i sørlege strok.

Dessutan stod det å lesa:

-          Haugesund: Strømmingar i vatnet, skiftande vannstand utover normalen. Ein båt kantra, landtau måtte løysast.

-          Kopervik: To pålitelege menn om bord i ei jagt i Stangelandsviken observerte usedvanleg strømming og blei førte innover mot land. Mellom fluene og hamna stod sjøen som ein høg mur. Eit augnevitne såg noko som kunne likna ei skypumpe. I eit hus sør for Kopervik  kjentest ein sakte rystelse som av eit trykk, etterfulgt av lys som av torevêr.

-          Veavågen: Ein gut som leitte etter mark til agn i fjæra opplevde at vatnet trekte seg tilbake så botnen låg tørr der det pleidde vera 8-10 fot djupt.  Då vatnet kom tilbake, var det så vidt han klarte å redda seg i land. Innerst i vågen låg ein skadd båt på land, langt vekke frå der han var fortøygd.

 

Rapporten frå Skudeneshavn var slik i sin heilskap:

Skudesnes: Vannet var rolig kl. 9 ½ formiddag. En mann så fra utkikkshuset et høyt bølgeslag, som fra havet støtte på land mellom Tretteskjær og Geitungene, passerte Bogen og gikk i særdeleshet gjennom Lahammersundet inn i havnene ved Høines. På skjær og fluer kokte sjøen. Innenfor bølgeslaget syntes sjøen å være i størst bevegelse, da selve bølgeslaget ikke ble observert å bevege seg med stor hastighet. Vannstanden var under daglig vann, og stigningen under den sterkeste strømning anslås til 2 til 3 fot. Strømningen gikk 2 ganger ut av havnene og 2 ganger tilbake. Farten var et dampskips.

Efter en annen beretning kom omtrent kl 10 de på havnen liggende fartøyer plutselig i drift, slet sine fortøyninger og drev omtrent 80 favner utover og så tilbake igjen. Bevegelsen begynte med at vannet falt ut av havnen og dets synken anslås til 6 fot, derimot steg det ikke over alminnelig vannstand. Fiskere ute på havet hadde ikke merket noe usedvanlig, men folk som rodde langs land, forundret seg over en sterk virvlende bevegelse i vannet.

Vidare gir Mohn ei vurderinga av retning, tider, barometerstand osb. Han konkluderer ikkje med kva som eigentleg hende. Han er vitskapsmann og held seg til tørre fakta.

Kva med sjøhusa?



Me har høyrt om sjøhusa som blei tatt av bølga. Kvifor står det ikkje noko om desse, korkje i brevet til amtmannen, i avisa eller i rapporten? Det kan skuldast at det var det meteorologiske fenomenet som var mest interessant. Det kan også skuldast at tap av liv var viktigare. Derfor blir det understreka at det ikkje skjedde noko ulukke; liv gjekk ikkje tapt. Vårsildefisket var avslutta og med det fulgte det rett som det var notisar om drukning og forlis. Då blei kan henda tap av sjøhus noko ein ikkje fann det verd å nemna?

Ei anna forklaring kan vera at dei som rapporterte ikkje var nær områda i Beiningen, Høinessjøen eller Hålandsdalen der det var mange sjøhus. Og brevet til amtmannen blei sendt same dag som Andersen hadde hatt den skremmande opplevinga. Han hadde ikkje hatt mykje tid til å samla informasjon. Litt om fartøya i hamna hadde han fått med seg.

Alt dette kan vera forklaringar på at det blir sagt så lite om sjøhusa. Men etter å ha trålt gamle aviser, anar det meg at desse teoriane er lite truverdige. Det finnest nemleg andre forklaringar.

Dokumenta som no har dukka opp, gjer det heilt klart at flodbølgja var i 1867. På den tida nærmar det seg slutten på det gode sildefisket i denne omgangen. Amtmannen skriv i si melding for 1866 -70 at «den økonomiske rørelse» har stagnert. Om sjøhus blei tatt av stormflo eller vindkast i denne perioden, kan det vera grunnen til at dei ikkje raskt blei bygde opp att.

Folk «vestante» hadde hatt sjøhus langs strendene her som dei heldt seg i under fisket. Ludvig Syre viser til at ein framleis snakkar om Ferkingstadgrunnane, Langåkergrunnane og Stolsgrunnane i området mellom Hålandsdalen til Naley. Då fisket dabba av, tok dei husa med seg og berre grunnane stod att. Når me i ettertid ser grunnane, kan det like godt vera at dei blei flytta «heim» som at flodbølgja tok dei.

Også andre flytta på sjøhusa sine. Nokon skulle til Island på det første sildefisket rundt 1880. For å få driva fisket der, måtte dei ha «rykande skorstein i land», dei måtte altså bu der heile året. Det hende nok at Skudenesfolk tok med ein enkel bygning, utan at dei budde der så mykje. Me veit at sjøhus herfrå blei flytta nordover.

I rapportane heiter det at vannstanden sank og steig. Men den gjekk ikkje utover vanleg vannstand. Endringane skjedde fort, men noko bølgje langt innover land, var det ikkje. Det forklarer kvifor skip som låg til kai fekk problem. Og det blei meldt om skade på skip. Men sjøhus som stod slik at dei vanleg hauststormane og stormfloa ikkje tok dei, stod truleg ganske støtt gjennom denne dagen. Derimot kan dei som stod på pilarar av tre eller på lausare murar ha måtta gi tapt for vatnet som kom med «eit dampskips fart», då grunna presset og suget i vatnet meir enn høgda på bølgja. På området inn mot Varden i Høinessjøen der det ikkje er bygd opp nye sjøhus seinare, er svaberga slik at ein kan tenkja seg at husa ikkje var godt funderte.


Medarbeidarane  til Mohn skulla melda om kor vidt gjenstandar hadde falle over ende under den så uvanlege hendinga. Ein skulle tru at dei hadde fortalt om sjøhusa.

Arnt Nornes, var oppteken av korleis det var her, korleis folk levde før oss. Han gjekk rundt i fjøresteinar og på svaberg, målte, noterte og las gamle branntakstar. På grunnlag av det har han laga 31 kolteikningar. Desse blei eg kjent med gjennom far min, og etter kvart som han også fortalde om flodbølgja, har det danna seg ei førestilling i meg om at alle desse blei offer for flodbølgja. No innser eg at den koplinga truleg berre har vore i min tanke. Arnt Nornes har nok ikkje påstått det. Dermed blir eg sjølv mitt første prov på at om ein misminnest, eller koplar feil, kan det fort føra til at historieforteljinga ikkje blir korrekt. Eg må jo no svara for at eg i god tru har missleia folk når eg har lagt ut om flodbølgja i samband med foredrag, blogginnlegg og maleri.

Beiningen

Om me har kunnskap om kva sjøhus som stod langs dei ulike strendene, veit me likevel ikkje om mange av dei forsvann på ein gong. Med eit unnatak. Nausta i Beiningen. Forteljinga om sjøhusa her, knyter hendinga til ei flodbølgje, tidfesta til 1862.

Også denne historia gir Nasjonalbiblioteket sine samlingar av digitale aviser oss ein nøkkel til å forstå betre. Med søk på ordet «Beiningen» dukkar det opp avisoppslag frå Den Norske Rigstidende frå 31. oktober, nettopp i 1862, slik det er blitt fortalt. Men avisa fortel om ein stor storm, ikkje ei flodbølgje. Og me kan lesa at det gjekk med 11 sjøhus i Beiningen, akkurat det talet som er blitt nemnd i samanheng med flodbølgja opp gjennom tidene.


Og etter stormen i 1862 kan avisa Correspondenten melda at det var mangel på takstein. Ein huseigar i Skudenesområdet trong 700 stykke. Kanskje det likevel var i 1862 dei fleste sjøhusa gjekk med, også andre stader langs strendene her? Ikkje i flodbølgja, men i ein storm som også var så dramatisk og voldsom at den nok stod lenge som «den verste i manns minne». Bølgjene gjekk høgt i den orkanaktige stormen. Det blir fortalt at den stod opp på stovegolvet på Auste, som ligg på høgde med Fredtun.



I same avis som Beiningen er omtalt, står dette om stormen: Den Norske Rigstidend 31.10.92  melder frå Christiansands stiftsavis at «slik orkan har en ikke opplevd på mange tiår». Det var høg vannstand, takstein regna, plankar knakk, bryggjer stod under vatn. Det var kaos.

Flodbølgja i 1867 kom inn frå sør, og blei observert mellom Geitungen og Tretteskjær før den gjekk inn mot Høines. Med ei slik retning er det heller tvilsamt at den ville ha treft Beiningen med noko særleg styrke.

Kan det ha vore ei flodbølgja til, ei i 1862 også? - Slik den munnlege tradisjonen fortel oss? Ei lita setning i brevet til amtmannen fem år seinare, etter flodbølgja, viser at det ikkje kan ha vore slik: «Ingen kan erindre noe lignende».

Eitt hus stod att i Beiningen, og det blei heitande Banken, etter omgrepet «sikkert som banken». Slike språklege spor er nok meir motstandsdyktige mot endringar over generasjonar enn fortellingar og årstal. At sjøhusa fór på sjøen samstundes, kan me derfor festa lit til: Men altså neppe årstal og årsak.

Det finnes eit maleri, mala av Amaldus Nielsen, som viser Beiningen etter at sjøhusa forsvann. Det skal vera malt nokre år etter flodbølgja, blir det sagt i tru på at den var i 1862. Og det stemmer at dei blei tatt av bølgjene i 1862. Men det var i ein storm.

Fagfolk har festa lit til forteljinga om flodbølgja, men dei har vore varsame med konklusjonar. Geologen Reidulv Bøe seier til Haugesunds avis, 12.2.2005, at det er funne fleire skredkantar etter utrasingar i sørlege del av Karmsundet og i Skudenesfjorden. Store lausmassar kan ha glidd ut og har utløyst bølgja. Men han legg til at ein ikkje har nok data til å seia det sikkert.

Og det er bra han ikkje slår det fast, for det ville skapt nytt trøbbel for tidfestinga. Han viser nemleg også til at det har vore lokalskjelv i 1861 og 1863. Det siste hadde styrke 4  på Rossi-Forel skala (som går frå 1-10, ikkje å forveksla med Richters skala). Rasa kan ha kome i samband med desse, men det blir understreka at «det er like truleg at desse og andre jordskjelv i dette området har destabilisert lausmassar på havbotnen og at massane har rast ut på eit tidspunkt som ikkje samsvarer med eit jordskjelv i tid. Altså kan me ha lov å tenkja at eit så sterkt jordskjelv i 1863 kan ha forårsaka bølgja i 1867.

Rett eller gale?

Det er å håpa at den munnlege tradisjonen kan haldast levande. At me held fram med å fotelja kva me har høyrt frå dei som kom før oss. Også om det har feil og manglar. OM skriftlege kjelder, som har vore lagra i gamle arkiv no korrigerer detaljar når dei blir tatt fram i lyset, nå ikkje det skremma oss frå å fortelja. Då eg først høyrde om flodbølgja, var det fenomenet som gjorde inntrykk, ikkje årstalet. Folk før meg hadde sett havet forsvinna og havbotnen liggja open, før vatnet kom flaumande inn att nokre hundre meter frå barndomsheimen min på Høines. Tippoldeforeldrene mine var mellom dei som undra seg. Spekulerte og diskuterte. Kanskje drøymde dei om den høge bølgja i vekene etterpå? Kanskje hadde oldemor Gurine som då var ei jente på ti år, mareritt i lange tider? Me veit ikkje. Men når eg les om hendingane dei opplevde, er eg med eitt nærare dei enn nokon gong før.

****

Språk og rettskriving i gamle aviser er noko modernisert for å gjera det meir lesarvenleg.

Maleria er lagde med utgangspunkt i kolteikningane til Arnt Nornes. Dei ligg på nettsida Galleri Nauthydlaren: Skudeneshavn

Om du vil følgja med på kva eg maler, blir du oppdatert om du går inn og «liker» Facebooksida til galleriet her: https://www.facebook.com/Galleri-Nauthydlaren-106602451277162/

Storstormen som tok sjøhusa i Beiningen i 1862 kan likna på den kortvarige stormen som kom som kasta over Skudenesfiskarane på Island i 1884. Dette står det meir om i den historiske romanen Alt vel. (Den kan kjøpast hos meg for kr 100 + porto ved SMS til 98060938).

Kjelder:

-         Minneutstillinga, Arnt Nornes, 1917-1886, Odd Rune Olsen: Flodbølgen.

-         Mohn, H. (24. mai 1867): Meddelse angaaende en usædvanlig Bevægelse af Havet paa Norges Vestkyst den 7de Mai 1867, Videnskapsselskabet i Christiania, forhandlinger, Kristiania.

-        Samtale mellom Ludvig Syre og Rolf Høines, kassettopptak, frå 1980.

-          Correspondenten, 8.11.1862

-          Morgenbladet, 31.10.1862

-          Amtmannsberetningen, Stavanger Amt, 1865.

-          Morgenbladet, 8.5 og 19.5.1967

-          Den norske Rikstidende, 13 og 20.5.1867

-          Stavanger Amtstidende, 13.5.1867

-          Haugsunds avis, 12.05.2005

Marit Elisebet Høines Totland

Mai 2021.               









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar