Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

søndag 23. mai 2021

Meteorologisk observatorie i Skudenes på 1860-talet, eit av dei første i landet.

Les du aviser frå 1860 - talet og utover, kan du få inntrykk av at det var uvanleg mykje vêr i Skudeneshavn. I nesten kvar avis er det rapportert om vêret her. Og vêr var det nok, då som no, men truleg ikkje meir enn det har vore til alle tider samanlikna med andre stader. 

Skudenes låg strategisk til for observasjon av lågtrykk, nedbør og regn. Og det fann han ut, Henrik Mohn, mannen som skulle bli den første direktøren ved Meteorologisk Institutt. Men før han kunne bli direktør der, måtte instituttet opprettast. Og før han kunne få det på plass, måtte han visa at det var bruk for eit slik institutt.

Han starta innsamling av informasjon om vêret på seks ulike stader i 1860; Kristiansund, Ålesund, Skudenes, Mandal, Sandøsund og Dovre.

Ingen påliteleg vurdering utan fotfolket, sjøfolka.

Me hadde meir enn oversikt over vêret her vest. Me hadde også folk som kunne observera og rapportera. Det var ikkje ein jobb for dei som sat ved kontorpulten eller styrte med viktige papir, som fiskeeksportørar og reiarar. Rapportane skulle meldast via telegrafen, og då det skulle rekrutterast medarbeidarer, var det eit klart krav at det skulle nyttast "pålitelige sjømenn" som skulle engasjerast av losane på staden. Dette gjaldt rapporteringa av vindretning, vindstyrke og om det var tåkete eller klart. Måling med barometer og termometer kunne andre ta seg av. Men når det trongst vurdering, ikkje berre avlesing, måtte det sjøfolk til. Og det kan me forstå når me ser korleis ein skulle avgjera vindstyrken:

Kriteria var:

Stille - Ingen kriterie.

Labert - Alle segl kunne førast bidevind.

Frisk vind - Frå bramseil til "enkelte rebede" mersseil kunne førast bidevind

Sterk vind -  Frå "enkelte rebede til klodsrebede" mersseil kunne førast bidevind

Storm - Når kun eit enkelt segl kunne førast bidevind.

Sterk storm - Når det ikkje kunne førast noko segl, takstein bles av osv.


Tre gonger til dagen skulle observasjonane gjerast. Og kvar morgon skulle dataene sendast rundt i landet via telegrafen. Meldinga blei då slått opp på ei oppslagstavle slik at alle som trengte vita korleis vêret var, kunne komma dit å sjå. Oppdraget var å senda meldinga så snart observasjonen var gjort, om ikkje kommunikasjonen blei hindra. Det kunne nemleg skje. For telegrafen var bygd slik at det berre kunne passera ei melding over linjenettet om gongen.

Dette var ikkje vêrmeldingar slik me kjenner dei. Det var ikkje prognosar for kva som skulle skje, berre rapport om det som blei observert.

Men hadde me heilårstelegraf i Skudenes i 1860?

Etter vedtak i Stortinget i 1857 ble telegrafnettet langs kysten, Oslo-Bergen, utbygd. Først i byane, Haugesund, Flekkefjord, Egersund, Stavanger. Me måtte nøya oss med fisketelegraf som berre var open under det store fisket. I desember 1857 blei det opna fisketelegraf i Skudenes, Espevær, Kopervik og Kulleseid. På Åkra ville fiskerinæringa også ha fisketelegraf. Det fekk dei i 1958, og då gjekk Skudenes stasjon over til heilårsdrift.

Utbygginga krevde nye fagfolk. Adolf Storhaug var uteksaminert i det første kullet med telegrafistar i Stavanger 1.9.1858. Han kom til Skudenes stasjon som assistent straks etter eksamen og arbeidde under fleire styrarar. Han blei verande til 1872. Det blei stilt høge krav til den nye yrkesgruppa. Dei måtte ha greie på bokføring, vera flinke å skriva og dei måtte forstå teknikken med telegrafen. I tillegg måtte dei avleggja prøve i to av dei tre språka engelsk, tysk og fransk.

Alt låg til rette i Skudeneshavn

Dermed låg alt til rette for meteorologisk observasjon frå Skudeneshavn. Me hadde ekspertise, låg rett plassert og hadde telegraf.

To sterke menn

Telegrafdirektør Nielsen og direktøren ved meteorologisk institutt, Henrik Mohn, var sentrale i utbygging av tenester som etter kvart blei sett på som ei selvfølge. Og begge var truleg i Skudeneshavn. Nielsen skal ha gått opp traseen for telegraflinja rundt Sørlandet og hit, før monteringa av mastrer starta. Mohn var her for å sjekka måleinstrumenta i 1866.  

Tempoet på utbygginga av telegrafnettet viser at Nielsen var ein handlekraftig kar. No fekk han også god hjelp av Stortinget. Det viste seg nemleg at det svarte seg å ha telegrafen på plass. Vårsildefisket gav stadig betre resultat, noko som telegrafen fekk æra for. Når fiskarane fekk vita kor silda stod, kunne dei vera på rett stad til rett tid. Og ein dag spart, gav meir sild i tønnene. 

Henrik Mohn, (f. 1852), var ein bestemt, men venleg mann, skal me tru kjeldene. Han var frå Bergen, og er av Mohn-slekta som i dag er svært så vidgjeten.

Då Meterologisk institutt markerte sitt 50-årsjubileum, laga kollegaer og vener av Mohn ei vise om han. Den er datert 1891, og me treng å lesa visa for å forstå kva mann Mohn var og for å innsjå at dei hadde humor i rikt mon, på den tida også.

Synges unisont, men ikke Mohnotont:

Den gang da Mohn som ganske ung student, masede med fysikkproblemer

var det vel ei særdeles ratt bevendt med hans siden berømte systemer.

Tankene brøt seg frem med vold - Mohnader uten sammenhold.

Observatoriet åpnet ham sin port, Hansteen så ublidt til hans briller,

Fearnley var blid, da han arbeid' fort, og han aldri var plaget av griller.

Andre beregnet måne, sol, - kometer var hans Mohnopol.

Som han just sitter taus og grunner på: "Skal jeg bli Fearnleys tro Successor?"

Kommer et budskap lydende som så: Nu er Mohn atmosfærisk professor.

Gleden stod høyt i taket og fikk avløp i en Mohnolog.

Så tok han fatt og fikk sitt institutt, innrettet etter siste mote

Været i almanakken, det gikk ut, thi han brukte sin egen metode.

"Utsikt" han måtte hver dag gi: Det ble en ren Mohnomani:

Havdypets gåter har han syslet med: "Vøringen" ham som fangstskip tjente.

Ivrig han stod, når loddet skulle ned og en "skrape" fra Sahrs var i vente.

Neste gang ut på tokt han går, det blir vel med en mohnitor.

Alt hva han strev og alt hva han har gjort, her vi behøver ei å nevne.

alle er enige om at det er stort; Det bevsier vårt deilige stevne.

Nu har hin unge bergstudent seg reist et varig monument.

                                                                            Mohnolith


Dei meteorologiske observasjonane, blei nøkkelen til å finna ut av kva tid flodbølgja i Skudenes var. Det står det mykje om her: Det var ein gong ...: Djupdykk i nb.no kastar nytt lys over flodbølgja i Skudeneshavn på 1860-talet.

Dumåkomaheimstraks

Når ein les kva som hende før i tida, finn ein ut at det meste er som i dag. Det er som Sigrid Undset sa: "Mennesket er vel til alle tider den samme". Ei stund var betalinga av eit telegram bestemt av kor mange ord det hadde. Dåkunnedetlettblimangelaaange ord. Dei fleste var meir fornuftige enn dei eg har laga her. Det var helst forretningsspråket som blei gjenstand for samanskriving. Men i alle fall: Det gjekk ikkje i lengden. Snart gjekke ein over til andre kriterium for betaling.

::::::

Maleriet av seglet, er 50x60 cm. Til sals. Det, og fleire maleri, finnest her: Galleri Nauthydlaren 

Kjelder

Bergens tidende 5.12.1891, 50 årsjubileet for Meteorologisk institutt

Stavanger Aftenblad, 3.9.1907, Telegrafen 50 år 

Stavanger Aftenblad, 3.9.1907, artikkel i samband med 50-årsjubileet.

T Rafto: Telegrafverkets historie, 1955-1955, Bergen 1955

H Mohn. Rapport, Videnskapsakademiet, 1867

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar