Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

søndag 9. desember 2012

Høgt under taket og rot på golvet


Det var ein gong ein stall. Denne stallen er blitt vidgjeten, og finnest i desse tider overalt i verda i ulike fassongar.

Vår stall blei enkel og lite påkosta, slik me trur han var. Men han har ein feil. Det er noko høgt under taket. Der var det nok ikkje i stallen i Betlehem.

Likevel: Det er høgare under taket i stallen enn mange vil ha det til. Mitt adventshåp er at mange får oppleva at det er rom for dei der det er varmt og lunt. I stall og stove. Og stova treng ikkje vera pynta til fest heile desember for at det skal vera rom for gjester der. Rot på golv, bord og kjøkenbenk er ofte ei fin rame om den gode samtalen. Mens kaffien koker, blir siste brettet med småkaker steikt for dagen, før det blir pause i julestria og tid for å vera der for kvarandre.

I kyrkja er det høgt under taket. Fleire vil ha det høgare, nesten taklaust slik at kyrkja skal romma alt. Kyrkja kan ikkje romma alt av meiningar, teoriar og dogmer. Men ho kan romma alle menneska. I år får stallen vår minna meg om det.
 ..
Tankar: Kva er det å vera raus?

1 kommentar: