Kong Magnus Lagabøte er funnen i veggen i Bergen domkyrkje etter 732 år.
732 år er lang tid, og sjølvsagt kan mykje gløymast på så lang tid. Spørsmålet er berre: Kva tid glapp det? Kven var det som gløymde å fortelja vidare til neste generasjon kor grava var?
Eg har fleire gonger vore på Gran på Hadeland og besøkt systerkyrkjene. Det er mange hypoteser om kvifor det er to slik like kyrkjer langt ute på landsbygda, men ingen veit heilt sikkert.
Dei som bygde kyrkje nummer to visste heilt sikkert kva dei gjorde. Kvifor blei dette gløymd? Kven gløymde å fortelja det vidare?
Svartedauden la bygder aude. Skrivekyndige folk forsvann. Mykje historie gjekk bokstavleg talt i grava med dei. Eller er det slik at det har vore så tøffe tider, at folk har hatt meir enn nok med å klara kvardagane, om dei ikkje i tillegg skulle fortelja historia?
Me får aldri svaret. Men me får ei påminning om at det er viktig å bringa vidare historia til neste generasjon. Og det må gjerast av kvar einaste generasjon, elles blir historia vekke.
Derfor bør me oppgradera historiefortellinga. Fortell lokalhistoria vidare.
Sett i gong: Det var ein gong..
TAP, (2022), ein historisk roman frå Skudenes på 1880-talet, den nyaste boka mi, er ein frittståande oppfølgjar til "Alt vel". Den kan kjøpast ved sms til 98060938, kr 200,- inkl porto. (Alt vel: kr 200,- inkl porto).
Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.
Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.
Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:
mandag 23. april 2012
tirsdag 17. april 2012
Tresko, opphavet til ordet "sabotasje"
Tresko er
gått av moten, i alle høve dei som er laga berre av tre. Dei treskoa vi finn
på føtene til sjukepleiarar og kokkar i dag, har fint, mjukt overler. Men her er det
snakk om skikkelege tresko.
Treskoa
har vandra frå sin eigentlege samanheng, og har gitt oss nye uttrykk. Me finn
det til dømes i treskoposten; meldingar som går frå hus til hus utan at
postmannen hjelper til. Dei har eigne bein å gå på, for ikkje å seia eigne
tresko å gå med.
Eit anna
treskouttrykk som blir vel så mykje nytta, er ordet sabotasje. ”Saboter” er
nemleg det franske ordet for å gå i tresko. Sidan dette er ei noko ukjend
tyding av ordet, tar me Aschehoug og Gyldendals Store Norske leksikon til
sanningsvitne: ”Kampmetode under arbeidskonflikt, består i å beskadigelse av
maskiner andre produksjonsmidler og produkter.”
Den
franske landsorganisasjonen CGT tok allereie i 1897 i bruk sabotasje som
reiskap i sine kampar. Og på den tida var det heilt naturleg å gå laus på
maskinane med tresko, ja, om ein då skulle gå laus på dei.
Skomakar, bli ved din lest.
I dag er det fleire enn skomakarane som får høyra at dei skal bli ved sin lest. For meg er "lest" eit ord som fører meg til bardomen, til verkstaden til farfar. Han sat i kjellaren og lappa sko. Og ikkje berre det; han sydde faktisk sine eigne sko. I og med at han hadde hofteproblem, måtte han ha spesialsydde sko.
Eg kunne sitja i lange tider å sjå han arbeida. Luktene hugsar eg enno; bek og ler, godt blanda med snus. Eg blei like imponert kvar gong han putta trespikrane i munnen for å ha hendene fri under arbeidet.
På biletet har eg prøvd å gjenskapa verkstaden til farfar med det verktøyet han nytta.
Skomakerveien
På Høines har skomakaren sett varige spor. Adressa til den gamle skomakarverkstaden er no "Skomakerveien". Det var fleire skomakarar på vegen oppover mot Hålandshøgda i tidlegare tider, men farfar er nok den einaste som folk i dag hugsar.

tirsdag 3. april 2012
Kvinnherad - verd å oppleva, no som før!
- "Levde du i gamle dagar?"
Overrumpla av spørsmålet må tanken gjera eit
byks. Nei da. Jo, forresten: Jo, det gjorde eg sjølvsagt. Oppvaksen på
60-talet, levde eg i gamle dagar; då me bar telt og soveposar på ryggen og tok
ferje og buss på familie-telttur og besteforeldrene mine spanderte drosje for å
oppleva blomstringa i Hardanger. Stua inn i ein drosje, med drosjeeigaren bak
rattet, farfar i framsetet og resten av familien; farmor, mor, far, bror min og
meg i baksetet, bar det av garde nordover.
Det vart eit eventyr: Far fortalte eventyrlege
historier undervegs, mens han dampa på pipa fullt med
"Eventyrblanding", hans favoritt tobakksmerke.
Nokre bilete festa seg i minnet frå denne
turen: Kjøtkaker på hotellet i Rosendal med påfølgjande leik i fjæresteinane, å
sjå snøen på dei majestetiske fjelltoppane når det var sommartemperatur der eg
var, fossande vatn som fauk over vegen og trefte meg i andletet om vindauga
stod ope, (ikkje berre vassrett vatn i regnbygene som eg var van med frå
Karmøy). I tillegg har eg eit fotografi som viser ein mann som stikk hovudet
gjennom holet i eit av dei eldgamle trea på baroniet. At me var på det
ærverdige baroniet i Rosendal, hugsa eg ikkje, men biletet lyg ikkje.
No er eg fastbuande her, og gjenopplever turen
med jamne mellomrom. Baroniet har eg sett med vaksne briller og historia om
livet der har fasinert meg. Og på Halsnøy kan ein få ei aning av klosterliv med
tidebøner og munkar. Naturen nyt eg i fulle drag. Har me gjester, må dei vera
med opp i fjellet, til fots eller i bil, og
etterpå må dei til fjorden, enten til næraste stranda, fem minuttar å gå
frå der eg bur, eller ut på ein holme for å nyta freden og kaffikoppen. Til
middag blir det Sundepølsa, laga ikkje langt herifrå, og kålrabistappe med
tytebær plukka rett opp i lia her på Husnes. Lokal mat må til!
Vil eg ha noko meir - for auga eller øyra, er
det utstillingar og konsertar, titt og ofte, både her og der.
Kvinnherad heiter den flotte kommunen eg bur
i. Velkomen hit, - for å bu her eller for å feriera!
I dag har eg nytta vårlyset til å måla eit lite gløtt av Hardanger, slik det snart blir sjåande ut. Dottera har hatt med seg tyske vener, studentar, ein tur på Baroniet. Og det er kjekt å høyra at parken og staden framleis fasinerer dei som tar turen dit.
..
Fleire bilete finn du på Galleri Nauthydlaren

fredag 30. mars 2012
Kulturmøte i 1897: Kva kan vaskefatet nyttast til?
På mi leiting etter kjeldestoff, held eg meg for tida på 1890-talet, og i den samanheg er det mykje god bifangst å henta. I dag kom eg over dette døme på kulturmøte i Vestlandsposten, 1. februar 1897.
"Den Muhamedaner, der er bleven indvalgt i det franske Deputererkammer, foretager forskjellige Ting, som vækker Opmerksommed. Han møder saaledes i østerlandsk Klædedragt, og han iagtager nøie de muhamedanske Skikke med Bøininger og Knælinger. Nylig vilde han ogsaa vaske sine Fødder i de Fade, hvori Deputererkamrets Medlemmer har Anledning til at vaske Ansigt og Hænder; men da dette ikke tillades ham, gik han ned til Seinefloden og udførte der i Kulden og i en stor Menneskemængdes Overvær sin Fodvaskning. Mandens Navn er, som før omtalt; Dr. Brenier.
tirsdag 27. mars 2012
Garborg - ein av dei "store og mærkelige Forfattere".
Vestlandsposten, 4. januar 1892, skriv om siste boka til Arne Garborg.
Det er gode ord Garborg får frå sine eigne på Vestlandet her. Men ordvalet er ikkje akkurat slik det er i dag. Avisa skriv: " Med denne Bog har Garborg bragt hele den nordiske Læseverden til at erkjende, at han hører til de store og mærkelige Forfattere i sin Samtid, og at han mere end nogen anden har flyttet Mærkepælene for norsk Digtning frem forbi baade Bjørnson og Ibsen."
"Mærkelig" må vel her lesast som "grunn til å merka seg".
søndag 25. mars 2012
På leit etter Garborg sine Smaastubbar, fann eg herleg "Hardseilads" med "sproget" frå Dølen, 1859
Hadde Garborg trudd om sine etterfylgjarar at dei kunne komma til å hogga han ut i stein og plassera han i Knudaheio?
Trur me om dei som levde rundt 1860 at dei hadde humor og mot til å harselera med språket og språkstriden som dei stod midt oppi?
På leit etter kjelder, finn ein ofte meir enn det ein leiter etter. Etter eit par år med funderingar er eg komen til at dei små stykka som Garborg seier har stått i Smaastubbar, slett ikkje har stått i Smastubbar som han gav ut som vedlegg til Lærerstandens Avis i 1873, og seinare blei ein liten trykksak, men at han leverte små stubbar til hefta som Mons Litlere gav ut på slutten av 1800-talet. Dette var lettlesen lektyre på landsmål, utgjeven for å fremja målsaka.
I fyrste utgåva av "Smaastubbar" frå 1889, er det henta fram eit stykke som stod i Dølen så tidleg som i 1859. Det er ein herleg harselas med det danske språket som var i bruk i Norge på den tida. Når det gjeld rettskrivng, er det så ille, at om eg les korrektur på dette stykket eller ikkje, vil ingen kunne sjå skilnaden. Den språklege leiken går så livleg føre seg her, at ein korrekturlesar må melda pass.
Merk særleg siste avsnittet her som handlar om rettskriving.
Utdrag frå
Brev om kulturen.
Til Dølens Riddagsion.
Uagtendes jeig maa skee bereignes til de indfoldige og vandkundige folk i Lidtradturen saa alligevel beføler jeig en vis Indspirasion til ad skrive dem Til, vilket jeig jøer med saa meget mere modighed, da jeg har forhørt at de skal være meget skaansommelighedsfuld og indtaalerandse om der skulde være nogen feiler eller Kundsigkvendser i Urtegravfien. Vadh som nu mest anbedriver mig hertil er det ad jeig for nogle Ugger siden belæste en Version i Bladet som syndtes at indbegribe nogle Hardseigladser om Kuldthuren, og dette forsatte mig i en mellemkolisk Bestemthed fordi jeg altidt har vært en stor Livhaver af Kuldturen, og ønsket ad det hele Folk var kuldtureret i sin klædedragt og spraag og bespisning og Møblerering. Jeig gjik nu og dividerede med disse Tvivlagtigheder intil en af mine Kompani-Junger kom og indberettede mig at der nyligens havde staaet nogle ufortræffelige Indsirater i Afviserne om spraaget og Culdturen; jeg gik da sporenstræks hen og ærholdte Afviserne og dermed var da alle mine Indpressioner forbi. Jeig kan ikke ledtelig besige vorledes jei blev beslagen af den overtræffelige Inskrifsion, som stod i morgen-Bladet om denne Adfære; dersom jej havde kjent Forfaderen til denne Opsads vilde jeg have sent ham en Ærekjændelse skriftlig og betakket ham ret gjærtelig for al den Muntrasion og Retterering som jeg fant i denne Forfattelse, for nu fek jei dog ad hvide ad Culturen er et Magtværk som det er usandseligt at jøre nogen Opsætion mod, og derfor er jei nu forstemt paa at den skal bibeholdes og bibringes hvidere saa Vel til den Menige mand som til os andre som have længe nødet goth af dens velhjerninger. Nu er det besørgeligt at ærfare voer Ilde det bestaar sig med Chulturen i diverse Stadiummer i vore Land-Istrigter, at folk boer i saadanne uanseelighedsfulde huser og at de iche have ansforskaffet sig vogner og Veiturer, at de værken have Gardyner for viin-Duerne æller Tappæder paa veggene og at de iche have saa Meget som et Portræde eller Stille-Bennesmalerie paa sine vægger, at de icke vide noget om So-Faer eller Kom-Moder, at de icke sætte laas for de Lukkaler voer de have sine sænger og sammenligninger, at de ikke have forstandighed til at feire sin Givbortsdag og proppenere skaaler for det gemindelige Bæste, at de icke have læret at sige Atgjø istedfor Farvell æller at kalde sine Familifolk med de rette forbenævnelser som Ungkel og Thante og Fædter og Kausiner og Svige-Rinde med mere som hører til Anstændigheden.
...
Vad derimod Norskheeden anbelanger da haer jei en stor Erbødighed og Risspægt for den, for nordsk har jei hvært i al min dag og saa indirektig real naarsk som nogen kand hvære, hvilket jeg foranbetragter som en stor Haanør og Ærefuldhed; saaledis er jeg ogsaa en stor Ælsker og Livhaver af det naarske spraag som jeig selv thaler, og er meget glædesfuld naar jeg forhører at ny naardske ord ere opfundne af kuldtureserede folker, saasom Rigemente for Kompan-Ni, og Kongs-Stabel for Vægtere. Derimod kand jeig icke finde Besmagelse i slige Utrykkelser som kommer fra de lavere kulturløse klasser og som jeig icke Selv thaler, derfor kand jei icke stæmme for den Forståelse at saadanne thinger skulde anforsæthes til nogen Æragtelse; dersom jeig befandt nogen forsmag i det saa skulde jeig hjærne sandsionere den hele Proppesetsion, men ligesom det er ondt at spidse naar man icke har Abetidt, saa er det ogsaa noget skinneerligt at afprobere en Proporsjon, som man icke kand taalerere.
..
Mand burde ogsaa indfbeføre en større forveksling og Varigasjon i Skriften, saa at an icke skrev ordene altid ligedant, for dette er eensformeligt og kjedeligt. ImellerThied er jeig endnu ikke kommen til Ret fuulkommenhed i min Reglemangel og det betræffer sig under Tiden at jei sædter Semikolonner og Pungtom paa uredte stæder, vilket den gunstighedsfulde Læser formodes om at ville ærbødigst berette.
Med megen Forbeentlighed og Æragtelse,
Scharfvebagchen den 5tende Gjenuari 1800 9 og 50.
Ohle Ohlszén
(Truleg skrive av Ivar Aasen)

lørdag 25. februar 2012
Hulda Garborg «reinska» dagbøkene til mannen, Arne Garborg, før utgjeving
Også dette at enhver som er mistænkt for en Forbrydelse strax skal i Avisen med fuldt Namn. Hænder det da aldrig, at en mistænkt er uskyldig? Og er det ikke mord godt nok, at udsætte en uskyldig for slikt?
Det er ikkje noko nytt å omtala mistenkte slik at dei kan bli dømde som skuldige, før retten har sagt sitt. Hulda Garborg tok til motmæle mot dette. Sundag 26.mars 1916 tok ho fram dagboka si og skreiv dette . «Mord godt nok?» Ho sparte ikkje på konfekten.
Redigerte med hard hand.
Hulda Garborg sine dagbøker er tilgjengelege for oss, sjølv om det nok er Arne Garborg sine dagbøker som er mest kjende. Men Hulda hadde ein finger med i spelet der også, Då dagbøkene til husbonden skulle gjerast offentlege, redigerte ho dei. Dermed blei omlag 25 % av innhaldet ikkje tatt med, er det sagt.
Så ligg det altså tekstar som ikkje er komne fram i dagen i Nasjonalbiblioteket sine sirleg sorterte boksar, og sidan eg er på leit etter alt som handlar om Garborg sin barndomsven, Martin Johan, må eg finna ut om desse boksane har noko å fortelja meg.
Vel framme i hovudstaden blir eg vist inn i spesiallesesalen, biblioteket sitt aller heilagaste. Og der, framføre meg på bordet ligg dagbøkene; handskrivne, hundre år gamle, men krøllfrie og reine som om ein butlar skulle ha hatt ansvaret for å førebu dei for meg.
Med ei utgåve av Garborg sine trykte dagbøker plassert til høgre på pulten, gir eg meg i kast med oppdraget: Kva var det Hulda ikkje ville at me skulle lesa? Har ho pynta på mannen sitt ettermæle, eller har ho berre tatt vekk uinteressante avsnitt?
Samanlikninga tar til, og eg oppdagar snart at det er rett at Hulda har tatt bort mykje, kan henda meir enn 25 %. Inn i mellom er veker med dagboknotat borte. Andre stader er det berre mindre avsnitt som er plukka ut.
Komen litt tettare inn på teksten, slår det meg at Hulda har vore stø i utplukkinga. Eg finn ulike type tekstar som er vekke:
1. Avsnitt der Garborg fortel om Hulda og sonen der innhaldet er av relativt familiær karakter.
2. Omtale av personar Garborg var i ordskifte med der han nyttar sterke ord som apekatt ol om sine debattantar
3. Avsnitt der Garborg bringer vidare opplysningar om einskildpersonar, opplysningar som han gir uttrykk for at han ikkje veit om er sanne eller ikkje, (sladder med andre ord). Likeins lite fordelaktige opplysningar om privatpersonar som Garborg kjende, men som ein ikkje kunne reknast for å vera av ålmenn interesse.
4. Vurderingar av utviklinga av krigen som gjekk føre seg på denne tida.
Etter mange timar med mysing mot dei gamle papira er eg så å seia ven med handskrifta til Garborg. Og eg er ikkje mindre ven med Hulda. Vel heldt ho tilbake ein del informasjon då ho redigerte bøkene, informasjon som eg har god bruk for no. Men kva gjer vel det, når originalbøkene er tilgjengelege. Eg fann det eg var på jakt etter. Det var av kategori 3 ovafor: lause rykte. Ho viser at ho levde etter si eiga overtyding om ikkje å døma uskuldige på grunnlag av lause rykte, og tar vekk skuldingane. Eg støttar Hulda si vurdering: Når ein ikkje kan gå inn å leggja til noko i ein originaltekst, kan det vera like greitt å la papiret teia. Slik kan tvilen koma tiltalte til gode, om du vil.
Vel ute på trappa framføre det monumentale nasjonalbiblioteket blir eg samd med meg sjølv om at Hulda gjorde ein god jobb, så langt eg har funne ut. Ho gjorde husbonden noko tammare, men me veit jo likevel at det var krut i han. Og at sidevis med vurderingar av ein krigssituasjon i ettertid ikkje er av så stor interesse for dei fleste, hadde ho nok rett i. Dei ville kan henda heller ført til at svært få ville gi seg i kast med dagbøkene hans.
Så kikar eg tilbake mot dei mektige dørene inn til nasjonalskatten av bøker, og får ei kjensle av å vera ein svært liten del i ein stor samanheng. Slike tankar får eg fordi eg beit meg merke i eit avsnitt frå dagboka som var altfor aktuell, også i dag, til ikkje å bli lesen av fleire.
Så ver så god: Her er eit dagbokavsnitt! Og sidan Hulda ikkje har fått ta vekk kraftuttrykka, er det gjort no, heilt i tråd med Hulda si redigering:
Aari aukar og Magti minkar. Daa visst minkar arbeidskrafti. Eller... naah; det er visst ikkje so mykje Krafti. Men det er det som knapt er betre: Arbeidshugen minkar. Arbeids Mode. Eg er so sjeldan i Arbeidslag; Tankar og Syner som fyrr so gjerne søkte Papire, vil no heller svive fritt. ---
Det er Alderen, veit eg. For med Alderen kjem Visdomen; di eldre ein vert, di meir ser ein og di mindre ”trur” ein. Med mine 64 Aar er eg alt so gamall at eg tek til aa ”sjaa historisk: ser at alt gjeng sin Gang, og at me som vil ”fram”, eller vil ”staa stilt”, eller ”gaa tilbake”, er berre Hjul og Hakar og reimar i Maskina og elles ingen Ting. Live er Fossen som driv; med Hjuli driv det eine det andre, me skyna ikkje at me sjølve vert drivne; me trur at me er sjølvkraft eller Drivare av mystisk Magt, - til dess me vert so gamle at me slitnar, ikkje gjeng so stort lenger, og Dermed fær meir tilhøve til aa sjaa og tenkje.., daa skynar me meir og meir korleis alt heng i hop, og at Maskina gjeng like godt um ho maa byte eit Hjul eller ei Reim stundom. Kannhende vert me eit Grand flate, med same me ser dette, ser me det humoristiske i Situasjonen, - dei som daa ikkje hev det paa den maaten at ”Sinne aukar etter som Magti minkar” - og smiler so smått; men ”Arbeidshugen” dovnar, og meir og meir undrast ein paa, um der i Grunnen er mest Meining” i den Tidi daa ein ”stend still”, - den Tidi som ein søv burt. For den gamle vert kvila meir og meir det naturlege, og det um han so hev Arbeidskraft; ”Alderdoms Ro” hev sin djupaste Grunn i, at ein endleg ”skjønar Humbugen” og ikkje hev det minste imot aa gaa ut or den Dansen, der ein ikkje gjekk inn, men vart sett og paa ein Maate narra inn ... um då det ein gong skulde so vera.
Dagboka 25.1.181
No kjem boka om Garborg og Skou: Garborg og Skou - forskjell på folk?

onsdag 25. januar 2012
Ikkje akkurat høgfartsbane
Det er over 100 år sidan Karmøy trudde at det skulle koma jernbane til øya. Noko høgfartsbane som me snakkar om i dag, var det ikkje tale om, men eit framsteg ville det bli. Ei heilside i Haugesunds Avis, 15. november 1915, fortel om stor optimisme og samling om saka i heile distriktet. Avisoppslaget viser til eit felles møte mellom Haugesund og kommunane på Karmøy. Både amtmannen og ein stortingsmann deltok på møtet.
"Men skal her bli tat et løft, maa en se stort paa saken. Bygdepolitik maa holdes væk fra først av. Alle maa samles om det fælles store," sa formannen i kommunikasjonskomiteen dr. Rønnevig.
Stemninga var høg. Mange ordførarar talte for prosjektet, sjølv om det var snakk om mykje pengar; heile 2 million. Ordførar Valentinsen syntest dette "slett ikke var noget avskrækkende beløp". Han hadde allereie sendt søknad til Stortinget, men meinte ein ikkje trengte venta på svar derifrå før ein starta arbeidet. Andre meinte at ein burde leggja saka fram for herradstyrene først, så ein fekk gi seg litt tid.
Og tid skulle det bli nok av. Me som vaks opp på 60-talet, veit at bussruta over Karmøy heitte Karmøyruta, og den var driven av NSB som ei forlenging av Sørlandsbanen. Ei siste helsing frå jernbaneprosjektet frå1915?
Det var ikkje første gongen Karmøy hadde planer for korleis dei skulle koma nordover, landevegen, ikkje berre sjøvegen. I 1861 handsama Skudeneshavn kommune ei sak om ei dilligencerute som skulle gå tvers over øya. Teikningar og anbod låg føre. Dilligencen skulle byggjast i Glasgow, den skulle trekkast av fire hestar og den skulle bringa 10-12 passasjerar over øya.
15 år seinare var det framleis korrespondanse som handla om det store framsteget: hestedrosje over øya. Men det blei med korrespondansen.
Meir om desse samferdsleprosjekta: Svunne tider og forsvunne hus, Rolf Høines forteller, M E Totland, Nauthydlaren forlag
fredag 23. desember 2011
Ei 100 år gamal, utruleg historie om buplikt
Siste kapittel i historia om buplikta vår fekk me i eit lesarinnlegg i Kvinnheringen, 22.des, av Tor Bringedal, der han fortel om Kvinheradspresten, Sømme, som hadde vanskar med buplikta for 100 år sidan.
Det har vore mykje merksemd om at me som prestefamlie har fått avslag på søknaden vår om sleppa å bu i prestebustaden. Både karikaturteiknaren og politikaren har levert innlegg til den lokale samtalen. Men ingenting overgår forteljinga til Bringedal når det gjeld humor, dramatiske virkemidler, store ord og ein hard vilje:
Eg er noko uviss på om det følgjande kan tolkast som ei støtteerklæring til sokneprest Jan Ove Totland sitt ønske om å flytta til nyinnkjøpt privatbustad på Valen, eller om det vil ha motsett verknad.
Velkomen til å lesa om bupliktsaka vår:
Humor hjelper mot det meste
Totland er nemleg ikkje den første presten i Husnes-sokna som ikkje likar biskopen sitt pålegg om kor han skal bu. For 100 år sidan var Ole A Strømme res.kap. i Ølve, Hatlestrand og Husnes sokn. Han hadde pålegg både frå herradstyret og biskopen om å busetja seg i Ølve-sokna. Og i førstninga var han lydig. Då han starta prestegjerninga i Kvinnherad i 1910, budde han på Håvik i Ølve. Men dette var han ikkje fornøgd med, så han flytta snart til Gjermundshamn i Hatlestrand sokn. Ei tid budde han også i Rosendal.
Heradstyret var misnøgde med den ulydige presten fordi det medførte høgare skyssutgifter når presten busette seg i ytterkanten av dei soknene han skulle gjera prestetenester i. Og utgiftene til presteskyssen var ei tung bør på ein heradskasse i vanskelege økonomiske tider på 1920-talet.
Men kapellanen var ein stapeis, han trassa både heradstyret og biskopen og bøygde ikkje av sjølv om han måtte betala mesteparten av skyssutgiftene sjølv. Motorbåtskyssen frå Hatlestrand til Husnes kosta 75 kr i 1920, men han fekk berre dekka taksten frå Ølve som var 25 kr.
Hadde kapellanen vore ein likandes kar så kan det henda heradstyret og biskopen hadde sett gjennom fingrane med ulydnaden. Men Strømme var ein mildt sagt kontroversiell prest som også kom på kant med sokneborna - ikkje minst på Hatlestrand. I følgje eit innlegg i lokalpressa hadde presten skjelt dei ut frå preikestolen som "murmeldyr, syvsovere, molboer, blodløse padder", noko som naturleg nok ikkje skapte den heilt gode stemninga i kristenflokken.
Strømme svara etterpå i same avis at påstanden var så eventyrleg at han vil gjera eventyrsamlarane merksam på den. Så avisdebatten på den tida låg på eit meir åndeleg plan.
Det var truleg større underhaldning den gongen presten hadde valt ut ein seom verken menigheten eller kyrkjesongaren kunne. Strømme stod på sitt: "Den skal synges, selv om de ikke kommer lengre enn til halvparten i første vers, så skal den synges."
Og den arme kyrkjesongaren laut leia songen og finna på ein tone etterkvart som han syntest høvde. Men då dette samstemte dårleg med tonen presten brukte, vart det slutt: "Takk! Nu kan det være nok!"
Det er mogleg at Totland har ei litt mildare form i si prestegjerning , og at han betaler skyssutgiftene sjølv slik at han kan få flytta til Valen. Men eg ville ikkje vist til tidlegare døme, om eg var han.
Me sender ein takk for ei knakande god historie til Tor Bringedal, og vil fylgja rådet hans om å ikkje visa til Strømme som eit tidlegare relevant døme.

lørdag 3. desember 2011
Uvørskap - et ord som bør tas i bruk igjen?
"Alle store har vært små, det er rart å tenke på!" synger Herresthal til barnebarna mine fra en gammel kasett.
Enda eldre er bøkene på bordet framfor meg som må sorteres i den pågående flyttesjauen.
Framme i "Forklaring over Lutkers lille katekisme", opplag med bøker i gruppa 280- 285 000 eksemplarer fra 1935, er det limt inn en rød lapp. Der står navnet på eleven som har hatt boka. Og navnet kjenner jeg: Det er eldstemann i bygda i dag. Alle store har vært små..
I tillegg er det en streng beskjed om ansvaret for boka:
Hvis noen av de utleverte saker kommer bort eller blir ødelagt ved uvørskap, skal barnets forsørger skaffe nytt istedet.
Det slår meg at uvørskap er et uttrykk som det kunne være mer bruk for når det gjelder behandling av skolebøker i dag enn i 1935.

Abonner på:
Innlegg (Atom)