Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

mandag 2. juni 2014

Litlahyttå, stabburet og lykkeboden - minne om ein barndom


Leikehytta skulle me få. Eit stabbur skulle far flytta heim i hagen. Det var 200 år, men fann seg likevel i flyttinga.

Men leikehytta blei snart eit lite museum. Og det vesle museumet blei for lite, flytta inn i kjellaren, og seinare vidare til Mælandsgården i Søragadå.

Historie.

No er også stabburet i hagen blitt historie. Då far såg at det var så falleferdig at oldeborna kunne få det over seg, fekk han det fjerna.

Alt har si tid.

Litlahyttå har også både historie og "si tid".
Kristian Kristiansen bygde den i Skeismyr, på eit stykke som høyrde til garden til farfar, Jakob Høines. Han hadde vore i New Zealand og sett gullgravarhyttene der, og ville byggja ei slik hytte heime. Kristian skulle få bruka hytta så lenge han levde. Det blei frå 1936 til 1945.


Då blei hytta til Litlahyttå, og det blei målet for sundagsturane i familien vår.

No er hytta betre kjend som gullgravarhytta og mange barnehageborn gler seg til å dra dit.
Heile historia til hytta, kan du lesa her: New Zealand-hytta - en - fortelling - i - tre akter

Bileta er 40X60 cm, olje på akrylbakgrunn på lerret i sveveramme i gull. Bilde av Stabburet er for sal: kr 2000


Og som barndomsminne høyrer sjølvsagt krabbeboden med, enda eit av far sine prosjekt:















Bildet er seld

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar