Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

søndag 4. november 2018

Krigen i Skudenes - Fortell, fortell!

Då me vaks opp, var det så lenge sidan krigen. No er det ikkje lenge sidan. Slik opplever eg det. Og kanskje det er andre som opplever det likedan? I alle fall var det ei overraskande stor interesse for samlinga under SILK som dreidde seg om krigen. 160 kom inn før dørene blei stengde på det flotte møtelokalet i Gamle verkstedet, 20 minutt før møtet skulle starta.

Me var heldige å ha med oss to tidsvitner på arrangementet, to karar som var smågutar under krigen. Og dei fortalde om sine opplevingar. Saman var me fire som prøvde å kasta lys over krigsåra lokalt. Sjølvsagt var det mykje som ikkje kom med og blei presentert i sin heilskap denne kvelden sidan det ikkje var noko systematisk framstilling av dei dramatiske hendingane, men meir kvardagslivet som blei ståande i fokus. Men det finnest bøker der ein kan lesa om Vindafjord, La France, flya på Hillesland, Sigurd Jakobsen, krigsseilarane og mykje meir.



Mange har høyrt mykje frå sine eigne foreldre. Mi oppfordring er: Fortell, fortell! Og skriv gjerne ned det du veit. Sjølv fekk eg to nye hendingar "overrekt" munnleg etter møtet. Dei vil eg skriva ned. Kanskje kan dei bli med i ei framtidig utgjeving der eg samlar alt far fortalte om krigen, det som er spreidd over fleire små hefte no. I tillegg har eg vore så heldig å få kassettane han las inn og ein del dokument som framleis har fortellingar å by oss som ikkje er så kjende.



Ein stor takk til Karmøy bibliotek som stod bak arrangementet! Og til den fantastiske gjengen bak SILK, med Jon Rullestad i spissen, som set plassen på hovudet og skaper litterær oppleving og interesse!

Det er stas å få komma heim til SILK. Eg skulle så gjerne ha snakka med mange av dykk som møtte opp på fredag. Men neste arrangement banka på døra, og eg rakk berre å ta nokre få av dykk i neven. Men no kan eg få sagt det: Kjekt at du kom! Takk for meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar