Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

torsdag 28. mai 2020

Barneforening på Risdal



Mange har gode minne frå Barneforeninga som så ofte samlast i stova hos Ragnhild Kallastein på Risdal. Eg trur namnet på foreninga var Glimt. Og med jamne mellomrom sykla me avgarde til Risdal, der me fekk boller og varm kakao. 

Me lærte å sy korssting og strikka lange band som skulle vera utpå kleshengarane. Dermed var det arbeid både til nevenyttige og dei som berre kunne strikka att og fram. 
Ein gong i året var det basar. På Syre bedehus. Og huset var fullt. Stor stas var det å vinna fruktkorga. Litt mindre stas å vinna kleshengarane.

Eg hugsar altfor lite frå denne tida, - 1960-talet. Men eg trur me også var hos Emma på Postveien og hos Olena. For ein innsats dei la ned, desse kvinnene som tok i mot oss, - for oss og for misjonen.

Kanskje hugsar du meir enn meg? Skriv gjerne dine minne frå denne foreninga i kommentarfeltet.Og kva veit eg; kanskje finnest den framleis?

Det var når eg malte desse melkespanna at eg kom til å tenkja på barneforeninga. Bildet er 30x30 cm, og kan kjøpast for dei som måtte ha lyst på det, kr 1400,-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar