Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

fredag 8. september 2017

Sommarfugl på gravstøtta


Neste boka mi skulle snart i trykken. Berre nokre justeringar stod att. Eg hadde manuset med meg på tur til Fjelberg prestgard for å ta ein siste gjennomgang mens me var der. Boka heiter «Håp» og handlar om sommarfuglen som symbol på oppstoda og det kristne håpet. Eg hadde skrive at sommarfuglen var å finna på støypejernskrossar frå 1800-talet, men hadde ikkje sett slike sjølv nokon gong. Eit Google-søk hadde stadfesta at det var slik; det  fantest både krossar med sommarfugl på veg ut av kokongen og krossar med berre sommarfugl. Det fekk vera dokumentasjon god nok på, hadde eg tenkt, og tok krossane med i boka.
Så står eg og ser ut vindauget på kjøkenet i prestegarden. Og får sjå ein jernkross på gravplassen. Eg går ut for å sjå nærare på han. Når eg kjem heilt bort ser eg at det ikkje er nokon sommarfugl på han. Eg blir litt skuffa. Eg må erkjenna det. Men kva var vel sjansen for at det skulle vera sommarfugl på den eine krossen som stod på første gravplassen eg var på etter at manuset var ferdigskrive?
Eg går nærare. Og ser: Det er ikkje ein kross, det er to. Dei er sette opp mot kvarande så dei ser ut som ein på avstand. Eg går rundt for å sjå på den bakerste krossen. Kva ser eg? Ein sommarfugl! På eit gravminne frå 1884.

Dermed var saka klar, og maleriet mitt av gravstøtta fekk bli med i boka som no i trykken og kan bestillast hos meg: marit.totland@knett.no
Det blir ei lita gåvebok som du kan lesa meir om her
Den finst både som bokmål- og nynorskutgåve

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar